Viking slapp med skrekken


Viking slapp med skrekken

Alle eliteserielaga som var i aksjon i cupens 1. runde søndag, gjekk vidare. Viking sleit mest, men slo Staal Jørpelands til slutt 3-2. Eks-Vikingspelar Even Østenstad utlikna Vikings leiing to gonger. Viking leia ved pause, men Østensen utlikna etter 53 minutt. Men gleda blei kortvarig, for Rolf Daniel Vikstøl sende Viking til 2-1 eit par minutt seinare. Sju minutt før full tid utlikna Østensen igjen, men på nytt svarte Viking på direkten ved Sebastian Sebulonsen. I Mo i Rana låg det an til cupsjokk i litt over ein omgang. Rana leia 1-0 ved pause mot Bodø/Glimt. Men etter sidebyte fekk Glimt opp tempoet og vann 4-1. Lasse Nordås scora tre av måla. Sarpsborg måtte også slite i Halden, der Kvik gav god motstand. Eit sjølvmål på overtid i første omgang og ei scoring fem minutt på overtid i andre omgang gav sarpingane 2-0. Rosenborg hadde ingen problem med Melhus, og vann 7-0. Dei tre siste måla kom på overtid. Vålerenga var klart best i lokaloppgjeret mot Lyn og vann 4-0. Sandefjord hadde heller ingen vanskar, og slo Pors 4-1. Mjøndalen vann 3-0 over Åssiden. Erling Braut Haalands fetter Albert Braut Tjåland scora siste målet då Molde slo Spjelkavik 4-1.