OL-utsetting kostar 39 millionar


OL-utsetting kostar 39 millionar

Idretten har rekna seg fram til at utsettinga av OL og Paralympics i vil gi ein ekstrakostnad på 39 millionar kroner. – Eg skal i eit møte med Kulturdepartementet i morgon og trur det blir eit positivt svar, sa Toppidrettssjef Tore Øvrebø under ein konferanse på Noregs idrettshøgskole måndag. Idrettspresident Berit Kjøll har tidlegare bede kulturministeren om 50 millionar kroner i støtte, utan at det har ført fram. Øvrebø seier til NRK at avviket skuldast at dei har betre oversikt over kostnaden no enn i mars og april.
Les mer om: