Malmö vidare i meisterligaen


Malmö vidare i meisterligaen

Malmö er vidare i meisterliga-kvalifiseringa etter 2-2 i det nordiske oppgjeret mot HJK Helsinki tysdag kveld. Det gir det svenske laget siger og avansement til tredje kval-runde med 4-3 samanlagt. Den tidlegare Rosenborg-spelaren Riku Riski scora HJKs og kampens siste mål, men det var ikkje nok for hans lag. Ferencvaros hadde både Tokmac Nguen og Kristoffer Zachariassen på laget, og slo Zalgiris 2-1, 5-1 samanlagt. Ingen av nordmenne scora, men Zachariassen hadde målgivande ved 3-1-målet. Bodø/Glimts overmenn frå første kval-runde, Legia Warszawa er også klare for neste runde. I kveld blei det 1-0 over Flora Tallinn, og 3-1 samanlagt. Mikkel Diskeruds kypriotiske klubb Omonia er derimot ute. Dei tapte 0-1 for Dinamo Zagreb i dag, og 0-3 samanlagt.
Les mer om: