Lang veg til siger for Carlsen


Lang veg til siger for Carlsen

Magnus Carlsen måtte bruke heile tre dagar på åttedelsfinalen i verdscupturneringa i Sotsji, men det norske sjakkesset fekk til slutt has på Andrey Esipenko. Den 19 år gamle Esipenko heldt lenge følgje med den norske verdsmeisteren, men måtte til slutt gi tapt for den rutinerte nordmannen etter to parti med lynsjakk. Åttedelsfinalen ble truleg lenger enn det Carlsen hadde sett for seg på førehand. Etter to langsjakk- og to hurtigsjakkparti på tre dagar, var det heilt jamnt mellom dei to duellantane. Etter to nye hurtigsjakkparti, der dei to ende med kvar sin siger med kvite brikker, måtte kampen avgjerast med lynsjakk. Og der var Carlsen best. Dermed er nordmannen klar for kvartfinale mot franske Étienne Bacrot onsdag. Finalen går fredag 6. august.