Kroatisk stjerne koronasmitta


Kroatisk stjerne koronasmitta

Ivan Perisic, som skåra Kroatias siste mål mot Skottland i gruppespelet, har avgitt ein positiv koronatest. Det opplyser Kroatias fotballforbund i ei pressemelding. Dermed må Kroatia klare seg utan ein av sine nøkkelspelarar i åttedelsfinalen mot Spania i EM. Perisic blei umiddelbart isolert frå dei andre spelarane, og skal no vere ti dagar i isolasjon. Ingen andre i den kroatiske troppen har testa positivt. Kroatia må også klare seg utan midtstoppar Dejan Lovren mot Spania, som er suspendert etter å ha fått to gule kort i gruppespelet.
Les mer om: