Hovland med sterk innspurt


Hovland med sterk innspurt

Viktor Hovland avslutta golfturneringa i Las Vegas med fem slag under par. Det gav 18 under par totalt, og ein 18.-plass i turneringa. Hovland trøbla i opninga, og fekk bogey på det første holet. Men etter tre birdiar låg han likevel to under par halvvegs i runden. Ny bogey følgde på hol 11, men avslutninga var sterk: Fire birdiar på dei siste sju hola, minus 13 samanlagt, og to slag unna ei topp 10-plassering. Nordmannen leverte ein sterk opningsrunde torsdag, med sju under par. Fredag gjekk han på minus fire, laurdag på minus to. Den nordirske veteranen Rory McIlroy vann turneringa med 25 slag under par, eitt betre enn Collin Morikawa. Det var McIlroys 20. siger på PGA-touren.
Les mer om: