Hauger nummer to i kvalifiseringa


Hauger nummer to i kvalifiseringa

Dennis Hauger var nest best i kvalifiseringa til helgas formel 3-løp i Frankrike. Det var berre danske Frederik Vesti som kunne måle seg med nordmannen i Le Castellet. Han vann kvalifiseringa med to tidelar. Hauger har fått ein sterk start på formel 3-sesongen, og er førebels i leiinga i meisterskapet etter sesongens tre første løp. Til helga ventar tre nye løp for Hauger. 2.-plassen i kvalifiseringa gjer at han startar som nummer 11 i det første løpet på laurdag, medan startposisjonen i løp nummer to på laurdag avhenger av resultatet i løp ein. Der vil dei 12 beste bli snudd på, slik at nummer 12 startar først og så vidare. På søndagens løp startar Hauger som nummer to.