Casper Ruud vidare i Madrid


Casper Ruud vidare i Madrid

Casper Ruud er klar for 2. runde i ATP-turneringa på grus i Madrid etter 6-1, 6-4 mot kanadiske Felix Auger-Aliasime. Ruud var knusande overlegen i første sett. I den andre heldt kanadiaren følgje til 3-3 før Ruud braut hans serve. – Det var ein bra kamp generelt sett. Eg serva ekstremt bra. Dette gir meg ei god kjensle, sa Ruud til Eurosport etterpå. Auger-Aliasime er rangert som nummer 20 i verda, to plassar høgare enn Ruud. Ruud møter japanske Yoshihito Nishioka eller serbaren Filip Krajinovic i neste runde.
Les mer om: