Årets første heimetap for Odd


Årets første heimetap for Odd

Odd gjekk på sesongens første heimetap med 2-3 mot formsterke Sandefjord. Med toppscorar Mushaga Bakenga framleis på skadelista hadde Odd lite å by på framover. I tillegg fekk Sandefjord ein kjempestart med scoring av Sander Risan Mørk før det var spela to minutt. Odd utlikna på eit sjølvmål etter 36 minutt. Eit Odd-skot strefte stolpen, dertter i ryggen på keeper Jacob Storevik og i mål. Men bortelaget gjekk til pause med leiing likevel. Alexander Ruud Tveter heada inn 2-1 for Sandefjord minuttet før halvtid. Vidar Ari Jonson sette inn 3-1 på keeper-retur like etter pause. Kristoffer Larsen reduserte på eit godt frispark frå over 20 meter etter 88 minutt. Men det var for seint for heimelaget, som måtte sjå Sandefjord gå forbi på tabellen.