Nyheter om Vetrhus


Ikkje heilt samstemte om Moria-opprop

Fleire parti lokalt har tatt til orde for at også Suldal må engasjera seg i lagnaden til dei einslege mindreårige som nå sit i Moria-leiren i Hellas. Fleire parti på banen På nasjonalt nivå er dei såkalla Moria-barna blitt ei høgaktuell sak. På Stortinget har SV fremja eit forslag om å henta 1500 einslege mindreårige derfrå til Norge.

Fleire folkevalde føler seg sette på sidelinja

I Suldal er vedtak heimla i smittervernlova delegert til formannskapet. Dermed er det det politiske organet som har vore involvert i dei mest inngripande restriksjonane som har rådd lokalt i nyare tid. I digital form Kommunestyrets planlagde møte i mars blei stryke fra møtekalenderen, og etter planen skulle det ikkje vore noko møte før i mai. Men då formannskapet sist møttest, meinte både Kari Vaage Gjuvsland (Ap) og Nils Bjarne Vold (V) at det nå var på tide å samla kommunestyret.

Samlar kommunestyret digitalt i ettermiddag

Møtet går klokka 17 i dag og blir sendt på kommunens heimeside som vanleg. Ap-etterlysing Det var i formannskapets møte sist at Kari Vaage Gjuvsland (Ap) ville vita om ikkje det også nå var på tide å samla alle dei folkevalde.

Ja og nei i årets første tildelingar

Nerheim stod bak tre av dei åtte søknadene som sist veke låg på fondsstyrets bord og fekk også opna møteseansen med å snakka til politikarane. Forretningsløyndommar Det skjedde bak lukka dører, etter at ordføraren hadde fått med seg fondsstyret på å senda pressa på dør. Grunngivinga blei oppgitt å vera omsynet til forretningsløyndommar. Nerheim brukte rundt 40 minutt på å snakka til politikarane.

Det gjekk ikkje vegen for Tongen-vegen

Det var Høgre og Sverre Underbakke som i sist formannskapsmøte fekk fleirtal for at den svært så omstridde privatiseringa av Tongen-vegen skulle på sakskartet i kommunestyret. – Har gjort feil – Kommunestyret har gjort ein feil, og me rettar ikkje opp ein feil med å gjera ein til, mana Underbakke.

Ekstraordinær bandtvang innført i Suldal

Meldingar om ekstremt isete beiteforhold i høgfjellet i Setesdal Ryfylke villreinområde, gjer at ein nå tar omsyn til villreinen. Kommunen ber folk om å visa særleg omsyn i fjellet. Vis omsyn Om du treff på villrein, er det viktig at du held deg på lang avstand og held deg rolig slik at dyra får høve til å fare vidare i sitt tempo, oppmodar dei. I Suldal er villreinen fleire stader blitt observerte heilt ned i fjellbjørkeskogen på leit etter mat.
Les mer om:

Fleirtal for delt løysing og kjøkken på Sand, men overlet stordebatten til kommunestyret

Framtidas omsorg er ei stor sak, men den var på ingen måte den einaste under gårsdagens formannskapsmøte og på ingen måte først på sakskartet. Seks timar hadde dei folkevalde bak seg med saker og debatt, før det rundt klokka 15 var tid for å begynna på ei sak der det nå ikkje manglar på alternativ, men der lokaliseringsspørsmålet er eitt av dei heitaste. To for levekårsutvalets innstilling Som kjent har eit samrøystes levekårsutval lansert eit heilt nytt alternativ etter forslag frå Mads Drange og Ap, og dette

Formannskapsfleirtalet vil ta saka opp igjen i kommunestyret

Privatiseringa av den tidlegare kommunale vegen på Hylsstronda har trigga svært kjensler i bygdesamfunnet i Hylsfjorden.

LESARBREV: Framtidas omsorg og kor eit nytt senter skal liggja

Me les at rådmannen seier her er berre tolv brukarar på Vinjar bu og omsorgsenter. Grunnen til dette er at kommunen har hatt inntaksstopp sidan august 2019. På Suldalsosen er det teikna eit flott senter på den finaste tomta ein kan tenkja seg. Området er flatt og har eit fantastisk høve til turgåing.

Dette er dei nye folkevalde sine verv utanom politikken

Ordførar Gerd Helen Bø seier det sjeldan oppstår problem eller feil i høve til habilitet, sjølv om også folkevalde i Suldal kan ha mange ulike bindingar. – Har god oversikt – Forholda i Suldal er så tette og oversiktlege at me har god oversikt over kva den enkelte er engasjert i.

Det er tid for julekonsertar

På Kulturhuset startar Åshild Vetrhus, saman med musikarane Andreas Ulvo og Morten Barrikmo, årets juleturné med ”I denne søde juletid”. Same dag er det Medan me ventar-konsert to stader i Suldal. Lokale salmeskattar Det er tredje året at trioen, med Vetrhus i front, vitjar Suldal i adventstida. Lokale salmar, frå Egersund i sør, til Suldal og Karmøy, blir å høyra denne kvelden. – I dag syng me standardiserte melodiar på julesalmane.

Legg nytt vegdekke fredag, sjå alle bilda frå raset på Suldalsvegen

Rv 13 mellom Suldalsosen og Nesflaten er forlengst opna og køyrbar etter raset før helga. Men meir enn 1000 kubikkmeter med stein frå 200 meters høgd har merkt vegen og rasert støttemuren og autovernet på staden. Nytt autovern er på plass nå, og denne veka skal dekket fresast og fredag blir det lagt nytt dekke. Muren krev meir planlegging før oppbyggingsarbeidet kan i gang. Ventar på geolograpporten Hjå Statens vegvesen ventar byggjeleiar Angelica Chamorro på den endelege geolograpporten etter raset.

Stort steinras stenger veg: – Køyrer strekninga med hjarta i halsen

Det har gått eit stort steinras på riksveg 13 i Suldal i Rogaland. Åshild Vetrhus køyrer strekninga kvar dag. Ho frykta at liv kan gå tapt om ikkje rassikring vert prioritert.

Senterpartiet måtte bøya seg for kjønnsfaktoren

Kjønn og ekteskap versus politiske maktønske, var snublesteinen i gårskveldens forhandlingar. Der opposisjonens krav om eit meir kvinnesterkt formannskap pressa Senterpartiet inn i ein situasjon ein frustrert Magne Langeland (Sp) til slutt kalte «urettferdig». Så langt som muleg Problemet er at mens kjønnskravet om minst 40/60-fordeling er absolutt for LMT-og levekårsutvalet, er lova lempelegare når det gjeld formannskapet.

Fordelte taburettane

Meir frå forhandlingane seinare, men her er namna på dei som skal sitja i utvala og styra dei tunge politikk-felta i Suldal dei kommande fire åra. Formannskapet Gerd Helen Bø, ordførar (Sp) Øyvind Lovra Tveitane, varaførar (Sp) Åshild Vetrhus (Sp) Kari Vaage Gjuvsland (Ap) Torbjørn Indrebø (KrF) Sverre Underbakke (H) Nils Bjarne Vold (V) Levekårsutvalet Magne Steine (KrF), leiar Mads Drange (Ap),nestleiar Sanja Roganovic Heggelund (H) Åsmund Bakka (Sp) Anette Opheim (SV) LMT-utvalet Magne Langeland (Sp), leiar Iren Klungtveit Slagst

Val-kongen

Nå i kveld er mandatkåringa klart, og her er det nye kommunestyret i Suldal i den rekkefølgja kandidatane er komne inn i.

LESARBREV: Svar til Marita Lindal Haug «Nokre ord om kvalitet i fådelt skule.»

JA TIL DESENTRALISERT BARNESKULETILBOD I SULDAL KOMMUNE Tusen takk til Marita Lindal Haug for eit faktabasert og godt lesarinnlegg, som viser til forsking som kort fortalt seier at det som er aller mest avgjerande for læringsutbyte i skulen er relasjonane elev-elev, lærar – elev, lærar – lærar/andre tilsette, dei tilsette – leiar og skule – heim. Store skular har ikkje betre læringsutbyte enn små, og den sosiale utviklinga er ikkje påverka av kor mange ein er.

Podkast: Prestens hemmelighet

Gunstein Vetrhus fra Vennesla utdannet seg til prest og giftet seg med Siren. Men store deler av livet delte de to på en hemmelighet.
Les mer om:

Prestens hemmelighet: Dette er ingen A4-historie.

Gunstein Vetrhus fra Vennesla er prest, ektemann og far til fire. Men - det følger ingen Volvo stasjonsvogn og labrador med denne historien.

Prestens hemmelighet

Gunstein Vetrhus fra Vennesla er prest, ektemann og far til fire. Men - det følger ingen Volvo stasjonsvogn og labrador med denne historien.

Kulturkroner til Åshild Vetrhus

Det er tredje året dei turnerer med konserten I denne søte juletid, og også tredje året med støtte frå Norsk Kulturråd. Sju konsertar – Eg har visst om tildelinga ei stund, og me har fått litt meir støtte dette året, fortel Vetrhus.
Les mer om:

Fekk dikt plagiert: – Eg trudde først ikkje det var sant

Då Mona Vetrhus frå Uskedalen fekk høyra at tekstane hennar var publiserte under eit anna namn, klarte ho først ikkje tru det var sant.
Les mer om:

Suldalsungdom til Ungdommens fylkesting (UFT)

Det er Kjell Ove Vetrhus og Eliane Svendsen Narmo, sistnemnde som vara. Vetrhus var vara til tinget i fjor. Engasjerte ungdommar – Eg gler meg, dette blir nok bra, seier Vetrhus om det nye vervet. Både han og Svendsen Narmo går i 1. klasse på vidaregåande skule. Representantane i Ungdommens fylkesting må vera frå 15 år til 20 år gamle, og dei blir valde for eitt år om gongen. Konstituerande møte i UFT er i Haugensund 17. – 18. november. Kvar kommune er representerte med eitt medlem og to varamedlem, og ungdomsrådet arbeider nå med å finna endå eitt varamedlem.
Les mer om:

Kartleggjarane

Dei er ute på oppdrag for Suldal Vekst og Suldal kommune og oppdraget er å kartleggja turistane si oppleving av Suldal. På den måten vil ein få eit reiskap til å utbetra kvaliteten på turistnæringa i kommunen. På rett plass til rett tid På Hydrokaien på Sand er tre ungdomar nesten ferdige med dagens runde ved bubilane. Det er helst tidleg på dagen der er turistar å treffa, og det kjem ikkje så mange til utover dagen. Etter ein runde legg dei difor vegen opp til Laksestudio.

Unge suldøler om økonomi

Renate Åsland Hagen, 14 år – Eg plar få pengar viss eg har støvsuga, rydda i huset og på rommet mitt eller har studla. Lommepengar får eg ikkje fast, men når eg trengd det eller spør foreldra mina. Ofte er det kanskje 50 eller 100 kroner. – Eg fekk mitt eige bankkort i fjor. Mamma fører over pengar til kortet mitt. På mobilen min har eg ein app der eg mellom anna kan sjå kor mykje pengar eg har på kortet mitt. – På fritida jobbar eg på Energihotellet gjennom Læring i næring (LIN). Eg er der annan kvar måndag, etter skulen. Då jobbar eg i to timar.