Marius Lindvik vann hopprennet i Zakopane etter eit kjempehopp på 145,5 meter i andre omgang. Anze Laniek, som leia etter første omgang, makta ikkje å svare, og blei slått med 2,3 poeng.
– Eg hoppa bra i dag. Dette er ein prestasjon eg er veldig nøgd med, sa Lindvik.
Robert Johansson fekk 141 meter i andre omgang, og enda på tredjeplass, ein plass han også hadde etter første omgang.
Daniel André Tande blei nummer 10. Verdscupleiar Halvor Egner Granerud fekk det ikkje til og blei berre nummer 23.
print ""; ?>