Nyheter om Suldal


20 sommarspørsmål

Nemn tre ting som får deg i sommarstemning – Det må vera grilling, familie og ikkje minst festivalar! Kva vil du visa fram av Suldal til ein som er her for første gong? – Naturen i Suldal, absolutt. Her har me både skog, fjell og sjø tett på. Din favoritt sommarmat? – Grilla svinekjøt med nykokte poteter frå eigen gard og ein frisk salat. Føretrekkjer du fjord eller fjell om sommaren? – Det er jo fjorden eg har vakse opp med, sjølv om fjellet heller ikkje er langt unna.

Pumpene i drift igjen

Det er Certas Energy, eigar av alle Esso-stasjonane i landet, som skal drifta pumpene og som har inngått leigeavtale med tidlegare Suldal Billag. Spennande – Det er spennande å få alt på plass og me er glade for at me nå kan tilby både 95 og diesel frå pumpene på Suldalsosen, seier distriktssjef i Certas Energy, Rosta Lopucek. Han fortel at i løpet av dei to neste vekene skal også avgiftsfri diesel vera på plass. – Då skal me bytta pumpene slik at det blir betre kapasitet og ein kan fylla frå begge sider.
Les mer om:

Ventar på helikopterhjelp

Brannvesenet seier at dei fekk melding om røyk sett frå fjellet i Tengesdal klokka 17.06 tysdag ettermiddag. Dei veit endå ikkje omfanget på brannen, men det er ikkje fare for spredning til hus. Klokka 19.10 har brannmannskapa endå ikkje komme fram til brannen. Helikopter står i Sauda klar til å frakta brannmannskap til staden, men kan ikkje letta grunna torden- og regnvêr. Brannmannskap frå Sauda og Suldal, i tillegg til mannskap frå sivilforsvaret er klare til å bistå.

Speidarane til Stjørdal

Første veka i juli var det landsleir for KFUK – KFUM speidarane. Suldal Billag frakta 24 speidarar og sju leiarar frå Suldal, Sand og Erfjord til Stjørdal for å delta på Futura 2018. Leiren samla nær 4500 deltakarar frå elleve år og oppover, der 300 av dei var utanlandske speidarar frå elleve ulike land. Tekst: Magne Steine og foto: Tone Erfjord, Marit Eikeland, Ragnhild Sukka og Magne Steine.

Støtter laget sitt fra høyspentmastene i Suldal

Kroatene som bygger Statnett sin sentralnettledning i Suldal har fått lov til å ta i bruk høyspentmastene til andre ting enn strøm søndag. Før VM-finalen har de hengt opp et stort banner høyt oppe i en av mastene.
Les mer om:

Luftig hilsen til landslaget fra Suldal

30 meter over bakken hilser disse kroatisk arbeiderne sine fotballhelter før VM-finalen søndag ettermiddag.
Les mer om:

20 sommarspørsmål

Karin Søndenaa Nessa er 59 år og bur på Jelsa. Når ho ikkje har sommarferie, er ho einingsleiar ved Jelsa oppvekstsenter. Ho ser fram til å få barnebarna på besøk. Elles blir det camping og stemne, i tillegg til turar til fjells. Nemn tre ting som får deg i sommarstemning – Sol, varme og ferie.

– Velkomen til utekonsert!

Laurdag går den første av totalt tre konsertar av stabelen, der det akustiske haugesundsbandet Halludo entrar scenen. 200 billettar – Det er jo håplaust med førehandsbestilling av billettar her i Suldal, ler Hugdal, som håpar på rundt 100 mann per konsert. For å sleppa å leiga inn proft vakthald, er taket 200 publikum per arrangement.

Suldalskvinne straffa for grovt underslag

Det er ei 62 år gammal kvinne frå Suldal som i retten blei dømt til 90 dagars fengsel, 45 av desse betinga, for grovt underslag. Styrte økonomien Ifølgje Rogalands Avis forklarte kvinna at verken sambuaren eller sonen til sambuaren, som er fornærma i saka, kan handtera nettbank. Derfor har kvinna styrt stesonens økonomi frå 2006, då han var 15 år gammal, fram til 2016. I retten forklarte ho at i periodar der det var knapt med eigne midlar let ho seg freista til å overføra pengar frå stesonens konto. Det dreidde seg om små beløp, omkring 2 000 kroner kvar gong.
Les mer om:

Totalforbod mot bruk av open eld

– Det gjeld all bruk av open eld ute i naturen, forklarer Morten Aarhus i Suldal kommune. Kan grilla Det er lov å grilla heime på terrassen, men Aarhus oppmodar til å vera forsiktig. – Grilling med kol og gass er innanfor, men det er ekstremt tørt nå og bruk av bålpanne og fyring med ved vil eg ikkje råda til. Tips frå publikum Sist periode med bål-forbod reiste brannvesenet rundt og sjekka at forbodet blei halde. – Me fekk ein del tips frå publikum, og det var stort sett utanlandske turistar, som ikkje var klar over faren ved å fyra opp bål i det tørre vêret, me måtte stansa.

– Har lyst til å bobla

Suldal Vekst klatrar med det opp til nivå tre av totalt fire på tilskotspyramiden til SIVA. Det betyr ein auke frå ein million sekshundretusen kroner til to millionar kroner. Ikkje noko kvilepute – Dette er ein gåvepakke som gir oss ny tillit dei neste to åra. Eg har lyst til å bobla, smiler Laila Steine, som ønskjer å takka dei 40 bedriftene i Sauda, Suldal og Hjelmeland for eit tett og godt samarbeid. Med det auka tilskotet er ikkje noko kvilepute.

Finnvik ny dagleg leiar hjå Montèr

Finnvik har alt vore tilsett i bedrifta i halvtanna år som proffansvarleg, med ansvar for dei større kundane. Lagbyggjar Finnvik, som både er byggmeister og takstingeniør, er audmjuk overfor nye oppgåver, men er sikker på at det kjem til å gå bra. Han smiler frå sjefsstolen. – Me er eit stort firma, her er alltid somme å støtta seg til. Eg håpar å bidra til at me heile vegen skal betra oss og bli så gode som mogleg overfor kundane våre. Det er ikkje første gong han har tittelen dagleg leiar, den hadde han òg i Finnvik bilteknikk.
Les mer om:

Finne i fjellveggen, førarkort beslaglagt

Ulukka blei varsla klokka 16.40 og skjedde i svingane ned frå Gullingen mot Suldal. Lettare skadd Både politi og ambulanse kom raskt til staden, og mannen blei frakta i ambulanse til sjukehuset i Haugesund. Motorsyklisten, som ikkje var i følgje med andre, var vaken og klar etter ulukka. Politioverbetjent Thomas Breivik ved Sauda/Suldal lensmannskontor seier at føraren har skada venstre fot. Det blei tatt alko-test av den skadde, og det er ikkje mistanke om ruskøyring.

20 sommarspørsmål

Randi Strand Leirvik er 39 år og bur i Erfjord. Sommaren skal ho bruka på å førebu seg til ny jobb som lærar ved Erfjord skule, i tillegg til å testa ut campinglivet, lesa og bada. Nemn tre ting som får deg i sommarstemning – Det er lett! Markjordbær, måkeskrik og bølgjeskvulp. Kva vil du visa fram av Suldal til ein som er her for første gong? – Må jo bli Erfjord det, og alle dei flotte plassane me har her. Eg ville ha starta med Bogsfjorden. Din favoritt-sommarmat – Sommarsalat.

Finvêret har gitt dårleg førsteslått

Mai baud på mykje fint vêr og det vart sett nye varmerekordar på målestasjonen i Sauda. Men ettersom finvêret varte, vart både bønder og brannmenn utolmodige og håpte på nedbør. Juni i fjor var det sett nedbørsrekord i Suldal. Frå målestasjonen på Sand 1 var det registert heile 324,4 millimeter nedbør og 28 junidagar med regn. Varmt og tørt I år er det heilt andre vegen: I løpet av juni var vêrgudane gnitne med nedbøren.

Siste tur for Suldal Billag

Neste gong han skal på jobb køyrer han frå Nesflaten til Sand, men då som sjåfør for Tide Buss. Gjer det beste ut av det At det er ein spesiell dag, legg ikkje Frank skjul på. Etter så mange gode år i Suldal Billag, vert det rart å køyra buss for ein annan arbeidsgivar. – Men det er slik livet er. Anbodsprosessane går sin gang. Det er viktig å ikkje ta med seg negative tankar vidare inn i ny jobb. Me gjer det beste ut av det. Utan slips og med korte erme Det er ein strålande sommarkveld på Sand då bussen kjem køyrande frå Håra.

Tøft år for Rygjatun Eigedom as

Styreleiar Ola Hauge informerte nyleg kommunestyret om fjorårets utfordringar, der ein av dei er at dagleg leiar midt i året brått slutta. Ein krevjande situasjon for dei tilsette, der internatleiaren måtte ta på seg den daglege leiinga, og der alle måtte trø ekstra til. Kjøkkenvølinga blei 1,5 millionar dyrare Men også den planlagde renoveringa av kjøkkenet resulterte i fleire minusar. Kjøkkenet var nemleg ikkje klart til skulestart, med det resultat at middag til elevane måtte kjøpast inn rundt ein månad, før det igjen var operativt.

Linjearbeid førte til brann

Brannen blei meldt klokka 15.17, og klokka 20.30 gjekk dei siste brannmannskapa frå staden. Rask innsats Entreprenør Dalekovod arbeider for tida med å oppgradera linjenettet for Statnett, og politioverbetjent Eivind Asheim ved Sauda/Suldal lensmannskontor bekreftar at brannen har samanheng med linjearbeidet.

20 sommarspørsmål

Hallvard Bakka. Tidlegare ordførar i Suldal nå pensjonist, er 69 år og bur på Suldalsosen. I sommar gler han seg til aller mest til barnebarn-besøk. Nemn tre ting som får deg i sommarstemning – Eg har i grunnen sommarstemning frå april av, eg. Men besøk av barnebarn, fint vêr og å få gå turar i naturen, gir god sommarstemning. Kva vil du visa fram av Suldal til ein som er her for første gong? – Om eg hadde hatt god tid, ville eg tatt turen frå Jelsa til Erfjord, via Sand og avslutta i øvre Suldal. Me har så mange flotte stader å visa fram.

Skogbrann i Suldal: Helikopter satt inn i slukkearbeidet

Omfanget er foreløpig uvisst.
Les mer om:

Suldal med låg arbeidsløyse

I Rogaland er nå 6 593 personar heilt utan arbeid, som i prosent er 2,6. Samanlikna med juni-tala frå i fjor, er det ein nedgang på 31 prosent. Tar ein med arbeidssøkjarar på arbeidsretta tiltak, blir bruttoarbeidsløysa på 8 361 personar, som utgjer 3,3 prosent av arbeidsstyrken. I juni 2017 var bruttoarbeidsløysa på 4,9 prosent, det vil seia 12 830 personar. – Det er svært gledeleg at arbeidsmarknaden er i betring, og at stadig fleire rogalendingar finn nytt arbeid.

Gjekk til topps på 30 fjelltoppar på 32 timar

Tor Arne Sandvik frå Etne og Vegard Havrevoll fra Suldal har frå sist søndag til tysdag gått opp og ned på alle dei 30 fjelltoppane idrettslaga i Etne kommune har plukka ut for eit turprogram.
Les mer om:

20 sommarspørsmål

Nemn tre ting som får deg i sommarstemning – Sol, varme og lukta av grillmat, det høyrer med. Kva vil du visa fram av Suldal til ein som er her for første gong? – Viss eg hadde fått slikt besøk, så hadde eg tatt dei med og vist dei naturen her i øvre Suldal, som til dømes Nipe, Bleskestadmoen og Finnabu. Din favoritt-sommarmat – Det må bli flintsteik på grillen. Saman med fløytegratinerte poteter og ein god salat. Føretrekkjer du fjord eller fjell om sommaren? – Fjell. Det er fjell eg er oppvaksen med.