Nyheter om Sauda


LEIAR: Hjarteleg velkommen til unge stemmer

Nytt i haustens val var at alle kommunar og fylkeskommunar må oppretta eit ungdomsråd, og det er tydeleg at både dei valde ungdommane og kommuneleiinga aktar å gjera ungdomsrådet lokalt til ein vital og aktuell arena som har reell påverknad i kvardagspolitikken og når dei store linjene skal leggjast for suldalsframtida. Ungdomsråd i Suldal er på ingen måte noka ny ordning, men rådet har kanskje meir vore noko av ein arrangementskomitè for storarrangementet under Ryfylkedagane enn eit råd for store og små politiske

LESARBREV: Vegen til Tonjen

For over 100 år sidan vart det halde eit vegmøte. Då reiste Tjelmelands-bonden Ingemund seg og sa: ”Eg ropar av hole hals, eg vil ikkje ha veg i skogen min.” Men vegen kom, til glede og nytte for folket langs Hylsstronda. Vintrane var kaldare før, og isen låg tjukk på Hylsfjorden. Ofte var isen utrygg, og då var det godt å ha køyreveg til Tonjen. Det vart sett opp eit hesthus, med plass til 8-10 hestar ned mot kaien. Der kom bøndene køyrande med høysekk på sleden og sette hestane på bås.

For lite snø også i Sauda: – Det er ikke dette vi vil ha

– Det er ikke dette vi vil ha. Vi vil ha fart, snø og vinter, sier daglig leder Lars Reidar Fosstveit ved Sauda skisenter.
Les mer om:

Ungdomsrådet meiner om stipend og bassengprisar

Ungdomsrådet i Suldal er godt i gang, og før helga samla rådet seg over pizza i kantina i kommunehuset for sitt andre møte. Der var to av sakene stipendordninga som skal lokka suldalsungdom til Sauda vgs og arbeidet med å få til eit ungdomskort for Suldal Bad. Korleis skal gulrota fungera? Politikaranes idè om å gi elevar som vel Sauda vgs 10 000 kroner rett i lomma, har fått mykje merksemd, men mange detaljar gjenstår å spikra når det gjeld korleis gulrota skal fungera i praksis.

På leit etter dei rette utdanningsbrikkene

Torsdag stod 55 utstillarar klare for å hanka tak i suldals- og saudaungdommen som i desse dagar er i tenkeboksen når det gjeld vidare skulegang. I år var det Sauda sin tørn til å husa Yrkes- og utdanningsmessa. I underkant av 500 elevar var innom messa. Tiandeklassing Elias Erfjord, med klassekamerat Jone Skår Østerhus ved sida, får oppbakking av Christian Smithson frå Suldal Hyttebygg.
Les mer om:

I dag er det yrkesmesse i Sauda

Sauda og Suldal bytter på å vera vertskap for den, etter kvart tradisjonsrike messa, der dei som står føre dei store viktige vegvala for framtida får møta alt frå politiet og forsvaret til representantar for helsefag og kokkeyrket. 60 ulike aktørar I fjor kunne dei litt over 1000 besøkjande forvitna seg på 53 forskjellige stands som engasjerte rundt 130 deltakarar, og i fjor var det også nytt av året av niandeklassingane blei inviterte. I år melder Sauda Vekst at messepublikummet vil møta over 60 ulike aktørar
Les mer om:

Køyrde av vegen i Lovradalen, hadde hellet med seg

Det seier GDE-leiar Siri Fisketjøn Indrebø om bilføraren i 60-åra som hamna utfor vegen i dag tidleg. Han var på veg frå Stavanger mot Sauda, og mannen er ikkje heimehøyrande i Suldal. Glatt på vegen – Føraren melde sjølv frå om uhellet klokka 05.30. Det var glatt på vegen, og han mista kontroll på bilen. Bilen trefte ein stolpe før den fór ut av vegen, seier GDE-leiaren. Ho fortel vidare at terrenget nedanfor vegen der uhellet skjedde er ulendt og steinete. Bilen raste ikkje langt nedover skråninga.

LESARBREV: Kor skal ein 16-årig suldøl reise på skule?

Før i tida reiste 16-åringar på sjøen. Dei sa na-na, og kom ikkje tilbake før dei hadde vore innom Amsterdam, tuberkulose, tatoveringar og syfilis. I dag er dei fleste noko meir betenkte med å sende ein 16-åring åleine ut i verda. Det trur vi er lurt og rett. Og i Sauda finst det ikkje tatoverings-sjapper. I 1990 var vi fem suldølar på veg ut verda. Vi valde alle å ta utdanning på Sauda vidaregåande. Nokon tok første året på Sand, nokon budde på hybel og nokon pendla.

Kolumbus endrar bussruta etter klager

Dei meinte at gladmeldinga berre var for pendlarane, og at dei som kjem med båten og skal vidare frå Sand, får for liten margin til å rekkja bussen vidare.

Gladmelding til pendlarane

Hurtigbåten som kjem frå Stavanger og er på Sand klokka 14.30, går nå over til Ropeid og korresponderer med buss til Sauda klokka 14.40. Godt nytt for pendlarane frå Sauda Det betyr at dei som før tok buss frå Sand til Ropeid på denne tida, nå får kortare reiseveg.
Les mer om:

Låge fødselstal i år igjen

Fødselstal-fasiten viser 36 fødslar i løpet av fjoråret. Langt fram til eit nyttårsbarn – Me slo så vidt fjorårstalet, slår jordmor Silje Handeland fast på telefon frå Sauda. Ho er ikkje overraska over fjorårstala, men meir overraska over at”nyttårs-barnet” først kjem når våren nærmar seg. – Det er ikkje venta før i mars i Suldal, og det har eg ikkje vore med på før, seier jordmora som meiner at januar og februar har brukt å vera gode fødselsmånader i kommunen. – Veldig uvanleg.

Asbjørn Birkeland i nyttårstalen: - Sauda merkar meir og meir at me er ein distriktskommune

Sauda-ordfører Asbjørn Birkeland holdt nyttårstalen i Sauda kyrkje 1.nyttårsdag 2020.
Les mer om:

Tobias (18) i full fart mot VM

– Eg er dritnervøs, smiler han nå, men han veit at når han først set utfor tar konsentrasjonen over og han suser nedover i si eiga verd, fokusert på oppgåvene han har å gjera det neste minuttet. DEI ER TRE utøvarar som representerer Norge i junior-VM i Kappl, siste veka i januar. Tobias, ein utflytta røldøl og ein frå Oppdal. – Det er eit stort press, VM er stort, og eg er jo sendt ned for å representera Norge.

Kommunestyrets budsjettvedtak: Handlingsrom for gode intensjonar

Suldal kommune går så det grin. Og sjølv om kraftskattutvalets innstilling er ei potensiell svært mørk sky, er den endå så langt ute i horisonten, at den på ingen måte legg nokon dempar på gleda over å kunna setja av pengar til gode føremål og intensjonar.

Ryfylkefondet har ikkje løyvd pengar til konfirmantleir

Avisa var litt for kjapp med å bringa godt konfirmant-nytt i går, og det beklagar me. Stemte mot innstillinga Saka var skrive på bakgrunn av innstillinga til Ryfylkefondets møte 5. desember, men fondet stemte altså mot innstillinga, og dermed blir det ikkje fondspengar til leir på Sand. Sigrid Sigmundstad, prost i Ryfylke, søkte om 300 000 kroner til ein felles leir i august for konfirmantane i Suldal, Sauda, Hjelmeland, Strand og Forsand, og fondet innstilte på 250 000 kroner.

250 000 kroner til konfirmantleir på Sand

Formålet er å gi ungdommane i Ryfylke prosti ein felles konfirmantleir med høg kvalitet. Det skjer på Sand Leiren skal vera på Sand i starten av august, og det er venta at mellom 270 og 300 konfirmantar vil delta på leiren. I søknaden til Ryfylkefondet, skriv prosten i Ryfylke, Sigrid Sigmundstad, at det allereie er gjort avtale med Suldal kommune, Sauda vidaregåande skule og Rygjatun om å leiga hallar og skuleanlegg desse dagane.

Går for eitt års forsøksordning

Forslaget om å gi suldalsungdom som vel Sauda VGS 10 000 kroner i inntil fire år, har fått god blest og skapt stor debatt i både lesarbrevspalta og i sosiale medium. Evaluering Det er politikarane godt nøgde med, men i dag sette altså kommunestyret ein fot i bakken og avgjorde at stipendordninga skal vera ei forsøksordning neste år. Det var Sverre Underbakke (bildet) og Høgre som kom med forslaget, som også inneber ei evaluering i god tid før skulestart i 2021 med tanke på om ordninga skal vidareførast. Får ret

Person påkjørt på E6 i Trondheim

SAUDA/SULDAL (NRK): Politikarane er bekymra for rekrutteringa til industrien i Indre Ryfylke. Derfor vil dei lokke ungdommar med 10.000 kroner årleg for at dei skal velje Sauda vidaregåande skule.

Vil gje elevar 10.000 om dei ikkje flyttar til byen

SAUDA/SULDAL (NRK): Politikarane er bekymra for rekrutteringa til industrien i Indre Ryfylke. Derfor vil dei lokke ungdommar med 10.000 kroner for at dei skal velje Sauda vidaregåande skule neste haust.
Les mer om:

Jelsabu oppgitt over Postens avislevering

For Elna Oppedal Olsen og mannen Øyvind er det nær sagt blitt lotto kva dagar og kor mange aviser som dumpar ned i postkassen. Dei kjenner til fleire på Jelsa som har det likt som dei. Frå aust til vest Ho er inga sur kjerring, slik ho sjølv kjende seg som og skreiv i e-posten ho sende redaksjonen, som viser inn i stova i huset på Sandaneset. Ekteparet abonnerer på fire aviser, tre av dei i papir.

Slik var besøkstala i opningshelga

Tysdag morgon er det ei svært nøgd Bonolo Ramphomane-Aandahl som leverer fasiten på besøkstala etter helgas opning og tre dagar med gratis bad for morgonfuglane. Laurdag fann 300 vegen til badeanlegget og på søndag, då det var omvising og familiebading, stilte 150 badelystne, mens totalt 36 morgonbadarar er noterte på tre dagar.

LESARBREV: Nyttig investering, om å halda på ungdommen

Det er med stor interesse og glede eg les i Suldalsposten at det er politikarar i Suldal som foreslår å gi tilskot til elevar som vel å studera ved Sauda vidaregåande skule. Dette vil vere ei nyttig og god investering som eg er sikker på at kommunen vil få igjen for! Opp til heile 85 prosent av det ein får med seg av livslære gjennom livet er tufta på åra fram til ein er 17-18 år.
Les mer om:

Tiramisu ein av sju Gaselle-bedrifter i Suldal

I år er det fire fleire lokale bedrifter på lista enn i fjor. Og som i fjor finn me fleire småkraftverk blant gasellane. Helikopter og reiseliv Øvst på lista over årets Gaselle-bedrifter i Suldal ligg Agusta 109 AS med 34,25 millionar i omsetning og ein vekst på 169 prosent frå året før. Jon Ove Velure er dagleg leiar, og firmaet driv med utleige og leasing av luft-transportmateriell. At selskapet er registrert i Suldal, meiner Velure er tilfeldig og svinheldig for Suldal kommune.

Monica Vela er kåra til Årets ildsjel av Sparebankstiftinga

Juleavslutninga til Ung Husflid var godt i gang då nissen kom inn døra på Arbeidsskulen på Eide med heider og pengar i sekken. Grafikk og pengar – Ungar og vaksne sat med store auge, dette blei som julekvelden for oss, fortel Liv Hiim til Suldalsposten. Monica Vela fekk overrekt eit grafisk trykk av Ingrid Haukeliseter, i tillegg til 25 000 kroner til organisasjonen ho er primus motor i. Bjørkland i Sparebankstiftinga synest det var spesielt kjekt å overrekkja prisen til Vela. – Ho har lagt ned eit stort arbeid

Ung suldøl laga sjau i Sauda

Det var natt til laurdag, i tretida, at mannen i 20-åra frå Suldal vart bortvist frå sentrum i Sauda. GDE-leiar Siri Fisketjøn Indrebø opplyser at det var åtferda hans på offentleg stad, som gjorde at politiet reagerte. Indrebø påpeikar at det ikkje er snakk om skade på andre personar, men uro. Det er oppretta straffesak mot mannen, som nå truleg kan venta seg eit oppgjer i form av bot.