Kommunalsjef for oppvekst, Ingebjørg Rullestad Gjerde, skildrar situasjonen som forferdelege uheldig. Med berre to søkjarar på to utlysingar i haust, innser ho det å rekruttera leiarar i skulen ikkje er lett.
Nær løysing to gonger
Ho fortel at to gonger har leiarløysinga vore svært nær ei landing.
– Nå jobbar eg intenst med å få til ei løysing, seier Rullestad Gjerde. Rektor ved Nesflaten oppvekstsenter, Kristine Bøe Berge, fekk før jul tilbod og takka ja til ei todelt rektorstilling ved dei to skulane fram til sommaren, men valde i romjula å trekkja seg frå denne.
print ""; ?>