Nyheter om Nerheim


Hjarte til trøyst og glede

I trea rundt desse bygga heng raude strikkehjarte og blafrar i vinden, som ei lita trøyst og oppmuntring i ei tid som for mange er meir trist enn vanleg. Kreative spøtedamer Dei tre kreative damene er Venke Nordmark, Klara Holmestad Nerheim og Torill Kvæstad. – Ja, det var Klara som kom opp med ideen, altså, fortel Torill over telefonen.

– Viktig å halda hjula i gang, me har mykje å mista

– Ein veldig spesiell situasjon. Alle er vel meir eller mindre i sjokk. Mykje mindre handel Det seier Norunn N. Nerheim på Bustad as om korleis ho som butikkdrivar opplever situasjonen akkurat nå. Ho og dei fleste andre butikkane på Sand har ope som normalt denne veka, frå neste veke av, veit ho ikkje. – Me følgjer jo dei pålegga som kjem. Men nå er det viktig for oss å halda hjula i gang, for me har mykje å mista. Ho har kundar i butikken, men har mykje mindre handel enn vanleg.
Les mer om:

Morgontur og minne

OLAV ERIKSSON NERHEIM står midt på brua, som på eitt vis deler tida hans i to. På nedsida av Lågabrua sig det kalde, mørket vatnet, som i dag har lyse skumbobler i overflata. På sine faste morgonturar finn han gamle minne, eller hugskot, som han kallar det, i kvar ei grøft. Heime i godstolen finn desse ofte vegen ut på Facebook. DET VAR DÅ HAN pensjonerte seg for sju år sidan, at han la opp løypa.

Ja og nei i årets første tildelingar

Nerheim stod bak tre av dei åtte søknadene som sist veke låg på fondsstyrets bord og fekk også opna møteseansen med å snakka til politikarane. Forretningsløyndommar Det skjedde bak lukka dører, etter at ordføraren hadde fått med seg fondsstyret på å senda pressa på dør. Grunngivinga blei oppgitt å vera omsynet til forretningsløyndommar. Nerheim brukte rundt 40 minutt på å snakka til politikarane.

Lovar løyper til vinterferien

Då avisa før helga møter Nerheim i Gull-Spor på heia, er det rundt 80 til 90 centimeter med snø ute i terrenget og ein halvmeter der løypene er oppkøyrde. Sida då har både væta og snø komme ned. Vêrstasjon i trekket Nerheim tar fram mobilen og trykker seg inn på løypevarslings-sida løyper.net, der ein lett kan halda seg oppdatert på skiløypene i Mosvatn-området.
Les mer om:

Suldøler på UKM i Sauda

Fire unge suldøler, av i alt 25 påmelde, deltok sist helg på Ung Kultur Møtes, UKM, i Sauda. Hanna til fylkesmønstringa i mars Hanna Søraas Vasshus song Når himmelen faller ned, medan gute-trioen med namnet Taco-bandet, Jakub Ragnar Szigeti song og cello, Josef Ulset på piano og Ondra Kral på slagverk, framførte taco-songen It’s raining taco på Folkets Hus.

BILDESERIE: Endeleg vart det skikarusell

Ung og gammal, amatør og proff; rundt 200 skiløparar stilte til start i årets første skikarusell ved Mosvatnet. Hjelmeland IL, saman med Suldal IL, sytte for skirenn i nydeleg vintervêr. Nysnø, eit par minusgrader og flotte skispor sytte for perfekte forhold ute i løypene. Over 73 år mellom yngste og eldste Først ut i skispora var dei som ikkje går på tid. Her var nok Klara Marcussen Moe (1,5 år) yngste deltakar. Ei tid var det reine folkevandringa sør for Gulllinghuset og opp bakkane.

Lov å setja opp midlertidige parkeringsskilt

Butikkane i Gata på Sand får stadig høyra frå kundar at dei ikkje finn parkering når dei skal på handel.

Planar om å investera 180 millionar: Biogass-selskap kjøper tomt

Sandeidbuen Rune Furseths Biovind AS går inn med 33 prosent eierandel i eit nytt selskap, Ølen Næringspark AS, som har kjøpt og skal utvikla eit industriområde på 90 dekar på Nerheim i Ølen.
Les mer om:

Birgit spelar mor, rockejente og journalist i musikal-suksess i Oslo

Då avisa ringjer 37-åringen, er dagens plan understudy-prøvar, det vil seia øvingar med komande vikar til ei av hovudrollene, før framsyninga på kvelden. For ei veke sidan hadde stykket ho spelar i på Oslo Nye Teater, Så som i himmelen, premiere.

– Inga krisestemning i Sandsgruppa

Den største utfordringa butikkane har er parkering, parkering og atter parkering, meiner ho. Dårleg desember Dei aller fleste butikkane i Sandsgruppa opplevde ein nedgang i omsetjinga før jul, mens andre har hatt ein kjempegod førjulstid økonomisk. – Det er spesielt gåvehandelen som har gått ned, seier Nerheim og legg til at kjøp av gåvekort heller ikkje veg opp.

Sterke prestasjonar og god laginnsats i Kollen

Skirennet blir rekna som eit uoffisielt NM for denne aldersgruppa og deltakarane kjem frå heile landet.

Suldal med god medaljefangst under helgas KM

Under helgas KM – langrenn på Hovden, fekk Suldal flere krinsmeistrar. Gull, sølv og bronse på klassisk Først under laurdagens klassiske distanserenn, der Ella Tjøstheim gjekk til gull i J13-klasse der suldalsjentene verkeleg viser igjen. For hakk i hæl kom Mathea Vik og stakk av med bronsen, mens Nora Nerheim plasserte seg på ein fin sjetteplass. I G13 presterte Thomas Bakka sølvmedalje, mens Tobias Lunde fekk ein fin sjuandeplass, og i J15 fekk Maria Lunde bronsemedalje.

Den store damefesten

Når over to hundre damer i alderen 21 til 81 år samlast, kan alt skje. Men ein ting er rimeleg sikkert, det blir lyd. Det heile starta med ein idè frå ei nabogrend som tente ein gnist hjå Ragnhild Sukka og Venke Olene Vaarvik på tannlegekontoret. Det tok ikkje lang tid før komiteen var komplett, og ideen fekk fata vidare.

Sentral heia-eigar set foten ned for aktivitet på eigedommen sin

I brevet til kommunen skriv ekteparet Jorunn og Sverre Herabakka at det ikkje er med lett hjarte at dei nå går til dette skrittet. Fleire mottakarar har fått varselet; ordførar Gerd Helen Bø, løypekøyrar Bjørn Egil Nerheim i Gull-Spor, Suldal Idrettslag, Gullingen leirskule, Gullingen Utviklingsselskap og Suldal Bygdeservice.

Målprisen til Olav Nerheim

Mest alle seta i storsalen var utselde til festkvelden. Og som tidlegare år var underhaldningsmenyen innhaldsrik, med allsong, vakre songframføringar, kåseri og revyinnslag. Dei mjuke ord Heilt på tampen av programdelen i storsalen, delte leiar i Suldal Mållag, Wenche Haugen Havrevoll, ut Målprisen 2019 til Olav Eriksson Nerheim. Like før hadde han vore på scenen, og ana då lite om prisen. – Han skriv eit framifrå nynorsk.

Desse skal gi råd i kommunale saker

Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne Rådet arbeidar for å styrka funksjonshemma si deltaking og medverking på alle samfunnsområde. Rådet uttaler seg om og tar initiativ i saker som angår vilkåra til ulike grupper menneske med nedsett funksjonsevne. Eldrerådet Eldrerådet er eit rådgjevande organ for kommunen.

Therese Nerheim Hopfenbeck er nyslått professor i Oxford

Den utflytta suldølen har budd og jobba i England sidan 2012, og nyleg feira ho professortittelen ho nå har fått. Emosjonelt – Emosjonelt, fortel Hopfenbeck på Messenger om den store anledninga ho delte med sine tre døtre, mann og luftbårne suldalsforeldre.

REFERAT: Supre O-løyper frå Suldalshallen

Onsdag arrangerte Suldal O-lag den 3. Vinter-O-karusellen denne sesongen. Det var flott løpsvêr, med seks grader, opphald og lite austavind. Denne gongen var det litt færre unge som deltok, medan det blei hard konkurranse i mellom-løypa. Totalt var det 14 deltakarar med. Stor fart i løypene I kortløypa var det berre Marte Krogh som deltok, men ho sprang sikkert og godt og fann postane på det nye sprintkartet i fin stil. I mellom-løypa var det heile seks deltakarar som sprang på tid.

Hjarteleg gåve frå Suldal Røde Kors

Gjengen i ambulanse-garasjen i Nedre Dalane er særdeles blide, der dei står rundt båra med plastdokka Anne som er tokka godt innunder dyna. Alle mann i arbeid Bankmann Stig Morten Nerheim får i oppgåve å vakta over surstoffmaska ho har over ansiktet, mens Røde Kors-leiar Geir Brustveit set i gang nyinvesteringa.

Ber sin egen ordfører ta grep: – Dette er bare lureri

Andre Nerheim (Ap) fra Sørum mener ordfører Jørgen Vik må gå imot rådmannens forslag.

Sober bok om vanskelig emne

SAKPROSA: Det jeg leste og refleksjonene rundt det jeg hadde lest, kom til meg om natten i halvvåken tilstand. Jeg lærte mye av denne boken som jeg vil ta med meg, skriver oljehistorier Gunnar Nerheim.
Les mer om:

LESARBREV: Vel Venstre

Takk for ein fin valkamp. No har me halde på i fleire veker, mykje er skrive og sagt, men i ein god og respektfull tone. Politikk i Suldal handlar om lite konflikt og store økonomiske moglegheiter.
Les mer om:

LESARBREV: Miljøskader frå gummigranulat

Suldal Venstre vil at kommunen skal oppretta eit miljøfond til dekking av miljøtiltak utført av lag og organisasjonar. Me ser det som naturleg at stønad til miljøvennlege alternativ til gummigranulat er eit godt tiltak. I Suldal kommune er det to kunstgrasbanar. Ein i Prestavikjo på Suldalsosen og ein på Sand skule på Sand. På kunstgrasbanane nyttar ein i dag gummigranulat, små korn frå oppmolne bildekk, for å gjera det mjukare og lettare å springa. Fleire av ballbingane i kommunen nyttar også slikt.

Eit smykkeskrin av ei speidarhytte på Suldalsosen

Hytta i skogen ved Mehushaugen er teikna av Arnstein Landsnes hjå KV Bygg Suldal as, og den blir ein kjærkommen, lun samlingsstad for speidarane. – Den har blitt mykje flottare enn me hadde førestilt oss, og er utelukkande finansiert av gåver og dugnad, fortel ein tydeleg stolt speidarleiar, Eskil Nerheim. Som ein katedral! – Tankjen var å få laga til ein plass der me kunne halde oss tørre, opnar leiaren og refererer til dei rotne restane etter den gamle hytta som ligg under presenninga like ved.