Celtic tapte 1-0 for botnlaget Ross County i skotsk liga søndag kveld, og sjansen til klubbens tiande strake meisterskap er dermed nesten borte.
Byrival Rangers treng dermed berre sju poeng på sine siste åtte kampar for å vinne ligaen. Dei kan audmjuke rivalen ved å avgjere meisterskapet i «Old Firm»-kampen på Celtics bane 21. mars.
Rangers har ikkje vunne ligaen sidan 2011. I 2012 gjekk dei konkurs og måtte byggje seg opp igjen frå nivå 4.
print ""; ?>