Nyheter om Bakka


Han var fem år under fredsdagane for 75 år sidan

DET FLOTTE NORGESFLAGGET Olav Sukka frå Suldalsosen held i handa har fått vera med på mange nasjonaldagsfeiringar. Fredsdagane i 1945 var Olav sjølv gutunge, då haldt han flagget i handa og var med på å feira freden og nasjonaldagen for første gong. 25. APRIL dette året hadde han runda fem år. Heime på garden på Helganes var det folksamt, og kake vart det på fødselsdagen. – Eg hugsar ikkje kva kake det var, men den var laga av Taletta Helganes.

– Dei tok svingadn på to hjul

DEN PÅSTANDEN var me rimeleg samstemte om i ungeflokken som hadde samla seg ved Postvegen for å «sjå på trafikken», me sa. Påskatrafikken var mellom dei store høgdepunkta i året, og aldri var aktiviteten opp og ned dalføret så intens som då. Laurdag før palmesøn- dag og onsdag før skjærtorsdag, for ikkje å snakka om anndag påske når alt og alle skulle tilbake att, var dei store reisedagane. Me hadde snautt tid til heim for å eta.

Spurtoppgjer i seniorklassa

Søndag 8. mars blei turrennet Mosvatnet Rundt igjen arrangert. Med usikre isforhold på vatnet, måtte ein legge om løypetraseen, og runden om Hedlebrekk blei brukt. Med til dels mykje regn og snøsmelting heldt spora seg derimot godt og løparane fekk realt klisterføre med god glid. Super innsats Først ut var dei yngste løparane, 0-7 år, som med stor iver tok fatt på runden rundt på stadion. Til heiarop og god kommentering frå speaker gjekk dei i mål med både medaljar og varm saft i sikte.

Kommunen vil bli ein endå betre lagspelar for dei frivillige

Nå oppmodar kommunen om at flest mogleg av mottakarane nyttar sjansen til å svara på spørsmåla, for å bli betre lagspelarar for framtidas frivillig-innsats i Suldal. Ris og ros Suldal kommune har fått 150 000 kroner frå Rogaland fylkeskommune til utvikling av den kommunale frivillig-politikken.

Plantar hageglede

Ein torsdag i midten av februar benka hageinteresserte seg på kulturhuset. Margunn Ueland var klar til å dela eigne erfaringar og å så enda meir hageglede i Suldal. Inne hadde medlemmene i hagelaget full sjau med å bera på plass fleire stolar etter kvart som hageinteresserte damer i alle aldrar stima til. Ja, eit par menn hadde òg funne vegen, men at kjendisen frå Instagram og Facebook appellerte mest til damene denne kvelden, var ikkje vanskeleg å sjå. MARGUNN UELAND, fødd på Ualand i Dalane, nå bydame.

Marie Bakka må betale nesten 200.000 kroner i bompenger når den nye veien kommer: — Jeg har ikke annet valg enn å flytte fra Gjerstad

Marie Bakka har lite lyst til bo i Gjerstad når ny E18 mellom Tvedestrand og Dørdal står klar. Hun har nemlig andre ting å bruke lønna si på enn bompenger.

Det gjekk ikkje vegen for Tongen-vegen

Det var Høgre og Sverre Underbakke som i sist formannskapsmøte fekk fleirtal for at den svært så omstridde privatiseringa av Tongen-vegen skulle på sakskartet i kommunestyret. – Har gjort feil – Kommunestyret har gjort ein feil, og me rettar ikkje opp ein feil med å gjera ein til, mana Underbakke.

Suldøler på UKM i Sauda

Fire unge suldøler, av i alt 25 påmelde, deltok sist helg på Ung Kultur Møtes, UKM, i Sauda. Hanna til fylkesmønstringa i mars Hanna Søraas Vasshus song Når himmelen faller ned, medan gute-trioen med namnet Taco-bandet, Jakub Ragnar Szigeti song og cello, Josef Ulset på piano og Ondra Kral på slagverk, framførte taco-songen It’s raining taco på Folkets Hus.

Levekårsutvalet: Vil heller oppgradera dagens organisering

Det var til slutt eit samla levekårsutval som i dag parkerte rådmannens endrings-og sentraliseringsplanar for framtidas omsorg. Vil vidareføra Vinjar bu-og omsorgssenter Etter forslag frå Mads Drange (Ap), går eit samla utval inn for å vidareføra dagens Vinjar bu- og omsorgssenter som eit tilbod mellom heimehjelp og institusjonsplass for demente, utrygge eldre og for avlastningspasientar. Vil oppheva inntaksstoppen Utvalet vil oppheva dagens inntaksstopp, oppgradera bygningane innan i tre år på ein måte som er spesielt tilp

LESARBREV: Framtidas Omsorg

Fleire av oss som jobber ved demensavdelinga på sjukeheimen vil gjerne komme med våre synspunkt angåande samlokalisering. Me har lang fartstid og mykje kompetanse som gjer at det me meiner kan vere med å bety noko. Brukerane våre bur på avdelinga vår i mange år før dei går bort, med kjende stemmer og andlet rundt seg.

LESARBREV: Framtidas omsorg og kor eit nytt senter skal liggja

Me les at rådmannen seier her er berre tolv brukarar på Vinjar bu og omsorgsenter. Grunnen til dette er at kommunen har hatt inntaksstopp sidan august 2019. På Suldalsosen er det teikna eit flott senter på den finaste tomta ein kan tenkja seg. Området er flatt og har eit fantastisk høve til turgåing.

Ble toppsjef Terje Bakka ofret i jakten på velgerne?

TELEMARK: Tidligere leder av den enorme pengebingen Telemark Utviklingsfond (TUF), Terje Bakka, mener han ble ofret på grunn av politiske gevinster rett før ett valg. Han påstår også at tidligere styreleder Sven Tore Løkslid er enig med ham i at konsesjonsavtalen må endres. Fyresdalordfører Erik Skjervagen avviser ikke at valget hadde noe å si, men mener det ikke var hovedårsaken.
Les mer om:

Sterke prestasjonar og god laginnsats i Kollen

Skirennet blir rekna som eit uoffisielt NM for denne aldersgruppa og deltakarane kjem frå heile landet.

LESARBREV: Nokre tankar rundt forslag om ny plassering av demenssenteret

Det vart gjort vedtak om at dementsenteret skal byggjast der Vinjar Bu– og omsorgsenter (VBO) ligg i dag. Tilgjengelege teikningar og byggeplanane heng på veggen på VBO. Det vart invitert til ope informasjonsmøte på VBO for bebuarar, pårørande, tilsette, lag og organisasjonar, grendeutval og innbyggjarar i Suldal kommune, og mange møtte opp for å høyra og stilla spørsmål. Seinare vart det gjort vedtak i kommunestyret, og innbyggjarane i Suldal kommune var nøgde. Så kan me seinare lesa i Suldalsposten at vedtaket er s

Suldal med god medaljefangst under helgas KM

Under helgas KM – langrenn på Hovden, fekk Suldal flere krinsmeistrar. Gull, sølv og bronse på klassisk Først under laurdagens klassiske distanserenn, der Ella Tjøstheim gjekk til gull i J13-klasse der suldalsjentene verkeleg viser igjen. For hakk i hæl kom Mathea Vik og stakk av med bronsen, mens Nora Nerheim plasserte seg på ein fin sjetteplass. I G13 presterte Thomas Bakka sølvmedalje, mens Tobias Lunde fekk ein fin sjuandeplass, og i J15 fekk Maria Lunde bronsemedalje.

Tre lokale vil bli NAV-leiar

Sju har søkt stillinga som leiar av NAV Sauda og Suldal. Elin Kjellstad var leiar til september i fjor og starta då i ein annan stilling innan NAV. Tre lokale namn Av dei, er tre lokale namn: Elin Mikkelsen Bakka (34), Kaspar Leenderd van Zijp Nilsen (38) og Jo Inge Fisketjøn (45). Dei andre søkjarane er Håkan Lund (61), Nils Arne Slogvik (62), Anne Birkeland (44) og Anne Thea Oppigård Malme (29).

Heldig tipsar frå Nesflaten

Nå er det avgjort. Fjorårets tipsar er Odd Bakka frå Nesflaten, månadsvinnaren frå februar i fjor. Vil ha avisa i papir – Dette var kjekt, seier han og smiler godt. Som årets tipsar mottar han gåvekort til ein verdi av 3000 kroner. Bakka, som tidlegare dreiv gard og nå jobbar som dreng på same garden, er ein ivrig avislesar. – Eg abonnerar sjølvsagt på avisa. Både Suldalsposten og Vest-Telemark Blad må eg følgja med i.

Passerte 18. mill i årsomsetning: – På et punkt kommer vi nok dit at vi ikke ønsker å bli større

– Vi har vært veldig forsiktige og har vokst jevnt og trutt, sier daglig leder Odd Arild Bakka, i Telemark byggutleie (TBU)
Les mer om:

Flotte resultat av skiløparar frå Suldal IL i Holmenkollen

Dei konkurrerte på Oslo Skifestival, og dei fem ivrige skiløparane frå Suldalsosen, viste god form i løypa. Både på klassisk og i skøyting og ikkje minst, i stafettane. God stemning Oddny Lunde Bakka, fortel om kjempegod stemning i Holmenkollen og ei kjekk oppleving for alle. – Det er lite snø, i Holmenkollen også, så utøvarane konkurrerte på kunstsnø. For å spara på snøen, blei det berre ein liten tur i ut løypene før konkurransane starta.

Dette er dei nye folkevalde sine verv utanom politikken

Ordførar Gerd Helen Bø seier det sjeldan oppstår problem eller feil i høve til habilitet, sjølv om også folkevalde i Suldal kan ha mange ulike bindingar. – Har god oversikt – Forholda i Suldal er så tette og oversiktlege at me har god oversikt over kva den enkelte er engasjert i.

Omsetting av eigedomar i Suldal kommune

Maleniusåsen 2 (Gnr 103, bnr 224) er overdrege frå Kjell Aarthun til Egil Aarthun og Tom Rune Aarthun (03.12.2019) Fjellbergsskarvegen 220 (Gnr 6, bnr 87) er overdrege for kr 3.500.000 frå Tore Andre Johannesen til Joachim Houeland og Rocha Aline Andreia Lima (04.12.2019) Eidssjøvegen 5 (Gnr 103, bnr 223) er overdrege for kr 2.200.000 frå Sven Tengesdal til Vida Rinkeviciene og Marijanas Rinkevicius (04.12.2019) Gnr 110, bnr 142 er overdrege for kr 50.000 frå Geir Kvame til Foldøy Båtforening (04.12.2019) Fjellbergsska

Med julesongen inni seg

– EG HØYRER DU er komen, sa ein ferienabo på Stord midt i sommaren, -– det kan ikkje vera andre enn du som beisar huset til høglydt synging av «Sæle jolekveld» midt i juli. Men julasongen er slik. Har du ein gong fått han skikkeleg inni deg, styrer du ikkje heilt når han smyg ut att. Han er der heile tida og bed om å få lufta seg i blant, og god er han både å beisa og støvsuga til.

Kommunestyrets budsjettvedtak: Handlingsrom for gode intensjonar

Suldal kommune går så det grin. Og sjølv om kraftskattutvalets innstilling er ei potensiell svært mørk sky, er den endå så langt ute i horisonten, at den på ingen måte legg nokon dempar på gleda over å kunna setja av pengar til gode føremål og intensjonar.

LEIAR: Pisk og gulrot, om å få unge til å velja Suldal og Sauda

Sentraliseringa og flyttetrendane som går frå bygda til byen, går over det ganske land. Suldal slit med det som alle andre distriktskommunar gjer, men til forskjell frå andre, har kommunen her ei skattkiste på lur som gjer at me kan ta ekstraordinære grep når det begynner å ryka. Når suldalsungdommen droppar Sauda vgs, kan politikarane prøva seg med ei gulrot i form av pengar. Ungdommane Suldalsposten tok ein prat med om saka, gir tommel opp til forslaget, men er også klare på at det først og fremst er deira

Advent i Kvalekrikkjen 1

Velkommen til årets julekalender. Det er ingen ringare enn Todlev Kvalekrikkjen og Helje Sundvodl, alias Terje Bråtveit og Helge Bakka, som skal leia oss gjennom dialektord frå Suldal. Kvar dag serverer me ein ny episode frå livet i utskjeklene, der eit nytt suldalsord kjem på bordet. Kanskje tar du det utan vidare, men blir du ståande i språkleg skårfeste, fortvil ikkje. Me serverer fasiten neste dag. Film: Sjur Skjelbreid Førland