Trenar Ragnhild Solbakken er godt nøgd med volleyball-jentene etter NM-debuten i Bergen i helga.Ho og laget hadde store forventningar før meisterskapen, men nådde ikkje så høgt som dei hadde håpa.
Nervar
– Første kampen mot Tønsberg vann dei greitt, sjølv om dei var litt på tuppa. Neste kamp mot Askim trudde me òg skulle gå vegen, men nervane klarte me ikkje å styra, fortel trenar Solbakken. Det enda med tap, noko som blei ein skikkeleg nedtur for laget.
B-sluttspel
Etter eit knepent tap mot Strandvik i tredje kampen, enda det med B-sluttspel.
print ""; ?>