Lokalt


Snø og vinterføre i heia

Bildet over er frå Osaliane og viser kor langt ein kan køyra innover Blåsjøvegen. Snøen har lagt seg etter snøfallet i natt, og Yr.no melder kaldt og meir snø på søndag i området. På webkamerat til Gullingen Turistsenter kan ein sjå korleis vêret er i det området. Du finn det på nettsida til Suldalsposten. Stavanger Turistforening opplyser på sine sider om vårskiføre over 1100 moh.
Les mer om:

Svala på plass i Suldal

Med dei siste vekers sommarvarme som har smelta snø og sytt for at det sprett i bed og frå buskar og tre, har også svala komme. Kate Reidun Naadland Nærheim kan fortelja at ho sidan søndag har sett svala på Nærheim. Når avisa tar kontakt med fuglekjennar Rune Roalkvam, kan han fortelja at også han har sett svaler. Han fortel at svalene plar komma i månadsskiftet april-mai, men at dei kan komma så tidleg som 1. april.
Les mer om:

Tilbyr livsviktig hjelp til hepatitt-smitta bebuarar

– Eg er ikkje meir enn 38 år, sjølv om det kjennest som om eg har levd mange liv. Dei siste åtte åra har eg hatt hepatitt C, fortel Ola, som nå har fått hjelp på Juvåsen. Smittsam sjukdom Hepatitt C er ein smittsam sjukdom, som er vanleg blant brukarar av illegale rusmidlar. LAR-brukarar er spesielt hardt ramma. LAR er legemiddelassistert rehabilitering for heroin- og morfinavhengige. Utan behandling kan viruset utvikla seg til leversvikt og leverkreft.

Lat oss snakka om pengar!

Det er framleis ikkje god skikk å snakka rett ut om pengar. Det er ein grunn til at sjølv vener som snakkar ope om alt frå pinlege plager til kjærleikslivet, gjerne seinkar stemma når pengar er tema.

Avtroppande og påtroppande på besøk

Når formannskapet i dag begynner sitt årsmeldingsmøte, er første punkt på programmet å ta imot ein stor delegasjon frå Fylkesmannen i Rogaland. På laksegarden I spissen på Mo Laksegard i dag føremiddag er sjølvsagt den avtroppande, Magnhild Meltveit Kleppa. Med seg har ho henne som skal overta jobbben frå juli og fram til hausten 2021, Lone Merethe Solheim, og avdelingsdirektørane hos statens forlenga arm i Rogaland. Eit par timar er sett av til gjensidig orientering om felt som skule, helse og forvalting.
Les mer om:

Problem med å opna nettavisa på mobil?

Fleire opplever problem med å opna e-avisa i dag på mobil. Leverandør jobbar med å […]

Innsendt: Arbeidaranes dag i Suldal

Tradisjonen tru vart arbeidaranes dag markert på Kulturhuset i Suldal. Leiaren for Rogaland SV, Ingrid Fiskaa, hadde hovudtalen, og snakka om heltar som gir ho håp. Til dømes Løvemammaene (og pappaene) som er foreldre til sterkt pleietrengande og/eller funksjonshemma ungar. Ungar som treng konstant pleie, oppsyn og medisinsk oppfølging. Og når dei er heime, overtar foreldra som sjukepleiarar. Løvemammaene har teke opp kampen mot regjeringa si kutt i pleiepengane.

Bioteknolog med hjarte for havet

ANDREI KOM TIL NORGE for første gong i 2010. Då var han student ved universitetet i heimbyen, Grodno i Kviterussland og var ferdig med fire år av utdanninga innan bioteknologi. To praksisår stod for døra, og dei var fleire studentar som fekk praksis ved Miljøgartneriet på Nærbø. Etter at dei to åra var over, jobba han endå eit halvt år på same staden, før han skreiv ferdig den siste store oppgåva og fullførte utdanninga. I 2013 REISTE HAN ATTENDE til Grodno.

Josef (9) frå Sand til topps i lokalt sjakk-meisterskap

I helga deltok Josef Ulset og Jakub Ragnar Szigeti (10) i Etne-meisterskapen i sjakk. Det […]
Les mer om:

Klager frå over 50 naboeigedommar

Det er fastbuande og hytteeigarar som nå krev at Norsk Stein tar grep om støy- og støvplager. I brevet frå advokatfirmaet, som representerer naboane, kjem det fram at heildøgnsdrifta gjer at naboane slit med nattesvevnen, støy på dagtid og støv. Til retten om ikkje noko blir gjort Naboane etterspør nå om det føreligg regelmessige støymålingar og oppfølging av desse frå Norsk Stein, jamfør forskriftene.

Underbakke har investert millionar i det tradisjonsrike sjøhuset

I døra står drivar og eigar, Otto Underbakke, som nyleg flytta inn i leilegheita i nabobygget. Skuffande påske – Det er klart det er ein fordel med kort veg til jobb, spøker han. På vegen inn i hovudetasjen fortel han om korleis tida etter opninga har vore. – Hektisk, enkelt og greitt!

Sju vil bli SLT-koordinator

SLT-koordinatoren i Suldal kommune, Eirik Oddmar Iversen, er sjukemeld, og stillinga er nå lyst ut som eitt års vikariat i 50 prosent stilling. Seks damer og ein mann søkte stillinga. Ingebjørg Rullestad Gjerde, kommunalsjef for oppvekst, fortel at Anne Lise Pedersen har fått tilbod om stillinga.

LESARBREV: Varsko her!

Du har tatt vare på snigle-saksa frå i fjor?! Eller trudde du som eg at turkesommaren utrydda gjengen? Den hjelpte til, ja. Og i år steig optimismen i takt med temperaturen. Sukk. For så kom regnet, inderleg velkomme!! Men, der er oftast to sider, for runden tiiidleg i dag fekk meg ned på jorda; bokstaveleg tala. Ein god halv time her på haugen og gardstunet gav 97 brune. Omlag halvparten låg på 4-5 cm korte. Fyrstikk-tjukke…Ikkje lette å oppdaga. Bonus: Bøy og tøy.
Les mer om:

Vann kontrakt verd nær 120 millionar kroner

Torsdag signerer firmaet kontrakten som gir dei åtte nye år med slamtømming i Sunnhordland. Spennande ventetid – Dette er stort for eit lite firma, men det har vore ei spennande tid etter at konkurrenten i anbodsrunden kravde innsyn, smiler ein letta dagleg leiar, Svein Klungtveit. Dei leverte inn anbod i midten av mars, fekk tilslaget, og jubelen stod i taket.

Heimesiger for Suldals a-lag

Etter tap i sesongens første kamp, borte mot Sørmarkå, vart det i helga heimesiger for suldalslaget på Prestavikjo stadion. Tre poeng Til pause leia Suldal 1-0 mot gjestane Storhaug, etter målscoring av Tore Bendiksen Søraas. Sandbuen fiksa også lagets andre mål. I det 55. speleminuttet sørgja Bendiksen Søraas for at Suldal gjekk opp til 2-0. Ti minutt etter sytte lagkamerat Vegard Aas for 3-0 til heimelaget. Storhaug fekk eit trøystemål i det 83. minutt, ifølgje kampreferatet på fotball.no. Laurdag 11.

Sandsrektoren søkjer ny jobb

Gjil bur i Jøsenfjorden. Han har vore rektor på sandsskulen sidan hausten 2015. Nye utfordringar – Kva er grunnen til at du nå ønskjer å bli rektor i Vikedal? – Eg vart kontakta av Vindafjord kommune og vart oppfordra til å søkja. Stillinga verka spennande, seier Gjil til avisa måndag morgon. Han legg til at søkinga vekk frå dagens jobb, ikkje har noko med Sand skule å gjera. – For meg er dette ei ny moglegheit til å prøva ein ny skule, ny plass i ein ny kommune.

Sandvolleysand til Sand

Klokka er ni om morgonen og dugnaden er allereie godt i gong. Fleire banar Med prosjektleiar Dagfinn Helland i spissen, starta mannskapet laurdag klokka halv sju med å leggja duk over pukket, slik at sanden ikkje blir vaska ut ved regnvêr. Når dagen er omme, er sandflata stor nok til tre internasjonale banar, eller fire treningsbanar. – Regnet gjer eigentleg godt. Då slepp me at det ryk så felt, konstaterer Helland.

Årets konfirmantar

Her er lista over årets konfirmantar: Humanistiske konfirmantar Folkets Hus, Sauda 4. mai Karsten Berekvam Frikk Bratås Theo Herheim Egge Arin Eirikssønn Åshild Helstrup Hindenes Olav Eino Hovind Odin Ripel Jensen Silje Ekkjestøl Lien Tuva Ekkjestøl Lien Sebastian Listøl Mira Isabella Skaar Madsen Ingrid Renata Nielsen Simen Rønhovde Sindre Steine Jakob Lindanger Sørensen Marvik kapell 4. mai Daniel Byrkjedal Finnvik Hanne Rebekka Hebnes Sondre Hebnes Elias Kjølvik Jelsa kyrkje 5.

Eit skipseventyr i Giljevika

Er du i Erfjord og følgjer ein smal og svingete veg som er skilta mot Tednes, vil du på vegen kunna svinga av ein bratt nedoverbakke og finna Levarskjer Slipp og Mek. Det er likevel ikkje sikkert at du finn akkurat den du leitar etter. Oppdraga er mange, og dei tilsette fartar rundt på jobbar i heile Ryfylke. Starta på Osnes Sjølve anlegget i Giljevika bygde Svein Egil Levarskjer frå grunnen av i år 2000. Den gongen hadde bedrifta tre tilsette og registrerte seg som aksjeselskap.

Suldalssjåførar klare for bilcross i Vikedal

Ein fin miks av urøynde og røynde sjåførar er klare til å gi gass. Start i gåve I juniorklassen startar Vilhelm Leirvik. Ein som debuterer er Nils Toralv Sørestad, i seniorklasse debutant, saman med Helge Steine. Heidi Steine, som er klar for dameklassen saman med Susanne Øygarden, fortel til avisa at Sørestad fekk starten som ei særs fartsfylte 45-årsgåve tidlegare i år og skal setja seg bak rattet i bilen med 200 hestekrefter. Tor Steine er meir erfaren i fartsdisiplinen.

Grunnlaus gru-gleding

Tettare dialog med dei som styrer og steller i kommunen har lenge vore eit sterkt ønske frå næringslivet, som er organiserte i Suldal Næringsforening og der Olav Lindseth er ein profilert og engasjert styreleiar. Det har gått kuler varme mellom politisk/administrativt nivå og næringsforeninga, både om konkrete saker, sist om korleis næringsutviklingsarbeidet skal organiserast, men vegen fram til å finna ei møteform har heller ikkje vore enkel.

Fleire flise-utfordringar, men nytt opningshåp

Suldal kommune og entreprenøren har klart å begrava stridsøksa såpass at arbeidet nå er i gang igjen etter mange vekers arbeidsstopp. Nå tør utbyggingssjef Lauritz Lauritzen igjen å flagga eit håp for når badeanlegget kan opna.

Leirskulen er blitt bygdahus

– Me er jo litt stolte, seier Johnny Larsen som er leiar av fastbuarlaget, når han skal fortelja om kor fint dei har fått det. Skilt ut Etter at handelen med kommunen var underskrive, blei drifta av Foldøy Bygdahus skilt ut frå Foldøy Fastbuarlag, og leiar for bygdahuset er Georgf Westvik. Larsen meiner ein kan snakka om ein hundre prosent forbetring av bygget allereie. Den gamle leirskulen er ikkje totalrenovert, men sett i god stand gjennom godt dugnadsarbeid.
Les mer om:

Slik ser det ut i Eiadalen nå

Suldalsposten har regelmessig besøkt byggjeområdet ovanom Kvilldal det siste året. Om eitt år vil Englandskabelen komma snikande som ein sjøorm frå djupet av Suldalsvatnet og gli under jorda oppover mot Eiadalen og straumrettarstasjonen der. Ramnane som krinsar over porten er like frå gong til gong. Det er ikkje byggjeområdet som ventar bak porten. Bladfyken står bak ein betongbil ved kontrollposten.

Erfjordbu gjer suksess som Sandnes Ulf-spelar

Som kjent signerte midtbanespelaren for Sandnes Ulf i fjor haust. På vårparten og hausten, som Vidar-spelar, prøvespelte han for både Viking og Sandnes Ulf. Det enda ikkje slik 22-åringen ønskte seg aller mest, å bli eliteseriespelar for Viking. Dei mørkeblå sa nei. Like før jul fekk han napp hjå Sandnes Ulf. Og nå, i løpet av dei fire første seriekampane som Obos-ligaspelar, har den hardtarbeidande og talentfulle suldølen imponert.