Lokalt


Kolumbus tar grep for å redusera korona-smitte

Skal ein reisa med buss, hurtigbåt eller ferje, må ein ta forholdsreglar. Reiseselskapa har nå innført strengare reglar og tiltak. Reisa med buss Måndag melder Kolumbus på eigne nettsider at selskapet nå førebur seg på at sjåførar kan bli sette i karantene, noko som betyr at avgangar kan bli innstilte. Dei ber reisande halda seg oppdatert via nettsida til Kolumbus og gjerne i sanntidskartet. Sikrar avstand Eitt av tiltaka er at fremste dør i bussane bli stengt, det vil seia at ein nyttar bakre dør.
Les mer om:

Ekstremt krevjande for næringslivet

Steine fortel at fleire har tatt kontakt, og at det er mange og ulike spørsmål om korleis ta dei rette grepa for å sikra bedrifta og framtida. Uoversiktleg – Vår erfaring er at næringslivet handterer situasjonen greitt, men nokre opplever sjølvsagt dette som kaotisk og uoversiktleg.
Les mer om:

Ber folk om ikkje å møta opp fysisk på legekontoret

Legekontoret gjer nå tiltak for å sikra både helsepersonellet der og suldølen mot korona-smitte. Folk som treng helsehjelp, skal få det Det inneber at folk nå blir bedne om ikkje å møta opp fysisk på legekontoret, men i staden bruka telefon eller tekstmelding, om det er mogleg. Smittevernlege, Stine Daldorff, forsikrar at folk som treng å oppsøka lege fysisk og som har behov for helsehjelp, sjølvsagt får det. Legekontoret har sett opp ei brakke der pasientar som har symptom på luftvegsinfeksjonar blir sjekka av ein

Ryfylke Fjordhotel stengjer på ubestemt tid

For berre nokre dagar sidan såg ikkje dagleg leiar, Tina Cosette Asbjørnsen, føre seg at det skulle skje så fort. Ho siktar sjølvsagt til korona-pandemiens konsekvenser hotellet nå står overfor. Alle permittert I føremiddag samlast hotellstaben til personalmøte om kva som nå skjer. – Det er krevjande.

Denne veka blir det ikkje papiravis

Me i Suldalsposten har avgjort at me ikkje gir ut avisa i papir denne veka.

– Gjer det me kan, men utan å lamma Suldal

Suldal kommune innfører nå strenge restriksjonar på innreise frå Rogaland og mange kommunar i fylket. Men Sauda, med fleire tilfelle av Korona, er ikkje på lista. Ei avveging Det forklarer fungerande smittevernlege, Stine Daldorff, slik: – Me gjer det me kan nå, men det er ei avveging.
Les mer om:

Suldal innfører nå strenge karantene-reglar for folk som kjem inn i kommunen

Saman med Hjelmeland kommune, tar nå kommuneleiinga i Suldal sterke virkemiddel i bruk for å halda korona-smitten ute av Suldal. Per i dag er det altså ikkje påvist virus i Suldal og i dag er ingen nye testa.

Har sendt heim flesteparten av mannskapa

Dei fleste mannskapa er nå sende heim frå Saurdal, mens eitt røykdykkarlag er på staden og hjelper til med utluftinga av anlegget. Politiet etterforskar brannårsaka Korleis brannen i hydraulikk-systemet oppstod, blir det nå opp til politiet å etterforska, og også politiet har vore på staden i dag. Heftige forholdsreglar for mannskapa Brannmannskapa som har vore i aksjon, står det bra til med, fortel vakthavande Christer Gilberg på 110-sentralen. – Me tar heftige forholdsreglar både der og då og etterpå med vask og
Les mer om:

Brannen døydde ut av seg sjølv, utlufting pågår

Akkurat nå er det klart at brannen i eitt av Norges største kraftverk, som har kapasitet til å forsyna 50 000 husstander med straum, er stoppa.
Les mer om:

Røykutvikling i Saurdal kraftstasjon

Oppdatert llokka 11.30 Røykdykkarlaga leitar framleis etter røyk-kjelda, men stasjonen er røykfylt og det kompliserer situasjonen i det brannvesenet karakteriserer som eit krevjande bygg der det også er høgspent-installasjonar. Det er fleire kjentmenn på staden som gir brannmannskapa god hjelp, men brannvesenet er budde på ein langvarig innsats. Det kan bli aktuelt å innkalla fleire ressurser frå andre brannstasjonar utover dagen, fortel vakthavande på 110-sentralen. To røykdykkarlag som har vore inne nå, er skifta ut med

Røykutvikling i Saurdal kraftstasjon

Det er meldt om røykutvikling i Saurdal kraftstasjon, og seksten brannmannskap er sendt dit frå stasjonanen på Suldalsosen og Sand. Gjer klart for røydykkarar Straumen er gått i kraftstasjonen, og mannskapa er nå på veg for å få oversikt og å gjera klart til røydykkarinnsats. Det fortel vaktleiar i brann Sør-Vest, Christer Gilberg, som seier meldinga kom klokka 09.47 frå dei som driftar kraftstasjonen. Suldalsposten oppdaterer saka.
Les mer om:

Negative resultat på prøvane, Korona er ikkje påvist i Suldal

Nå i ettermiddag deler rådmann Øyvind Valen dei gode nyhenda i ein sms. Begge prøvane […]
Les mer om:

Har tatt to prøvar, håpar på svar i løpet av helga

Så langt er det altså ingen påvist korona-smitte i Suldal, men i går blei det tatt to prøvar. Vil ikkje kommentera nærare om prøvane nå Rådmann Øyvind Valen vil ikkje seia om prøvane er tatt av folk i risikogrupper, eller om det gjeld folk som er vende tilbake frå høgrisikområde. – Det må me komma tilbake til.
Les mer om:

YTRING: Høg beredskap for å sikra straum og internett

Sikker straumforsyning og stabilt internett er avgjerande i krisesituasjonar. Haugaland Kraft har difor innført strenge beredskapstiltak som følgje av koronaviruset. Kritisk funksjon Kraftforsyning og elektroniske kommunikasjonstenester er blant dei 15 funksjonane som det nasjonale beredskapsutvalet vurderer som kritiske for samfunnet. Både sjukehus, legekontor og andre beredskapsfunksjonar er avhengige av straum og internett for å kunne behandla pasientar.

Ber hytteeigarar om ikkje å komma til Suldal

Per fredag ettermiddag har fremdeles ikkje Suldal påvist Korona-smitte, men nye pålegg regjeringa kom med i går, gjer at fleire nå er i karantene. – Viktig å visa omsyn og omsorg I dag har kommunen tatt endå fleire grep for å bidra til smittevern.
Les mer om:

Slik blir skule-opplegget framover

I går stengde alle skular og barnehagar fram til og med 26.mars. Spesifiserer nøkkelpersonell i dag Men barn opp til og med 4.klasse av foreldre som har nøkkelstillingar i samfunnet, får tilbod.
Les mer om:

Også apoteket på Sand er utselde for Antibac

Som tilliks med resten av Norge, er det også på det lokale Boots-apoket på Sand, tomt for Antibac. – Kundane tar det fint Bestyrar Liv Johanne Thorsen har det travelt og fortel at dei frå og med i går ettermiddag godt merkar aukt pågang frå kundane. – Mange spør jo etter desinfiseringsmiddel til hendene.
Les mer om:

Suldølen hamstrar ikkje, men storhandlar som til påske

Mens det går sterke historiar om folk som slåst om dopapir i enkelte bybutikkar, tar suldølen det rolegare i butikkhyllene. Men også her handlar folk meir, det merkte begge daglegvarebutikkane på Sand i går ettermiddag. Mjøl er populært – Folk handla absolutt meir, men det var inga hamstring, og folk oppførte seg fint, fortel Habtemariam Yohannes på Coop Marked på Sand.
Les mer om:

Opnar barnehagar og skular for barn av folk som er nøkkelpersonell

Tidlegare i ettermiddag var det klart at regjeringa innfører strenge tiltak for å redusera smittespreiing. Stengjer fram til 26.mars Det betyr blant anna at skular og barnehagar stengjer fram til 26.mars, men at barn av personar som blir rekna som nøkkkelpersonell får tilsyn i sine respektive barnehagar og skular. Det gjeld barn i barneskule-alder, altså til og med 4.klasse og barnehagebarn. Fleksibelt i morgon I Suldal har kommuneleiinga i ettermiddag site i møte om situasjonen og nå, seint i ettermiddag, er planen f

Alle skular og barnehagar stenger

Nå klokka 14 orienterte statsminister Erna Solberg om innføring av dei strengaste tiltaka Norge har hatt i fredstid. Eitt av dei er at alle barnehagar og skular blir stengde. Barn av foreldre som har samfunnskritiske samfunnsoppgåver, vil få eit tilbod i barnehagen, sa Solberg som også la fram ei rekkje inngripande tiltak som berører folks kvardag på det sterkaste. Kjem tilbake til detaljane seinare Korleis det praktisk vil skje i Suldal, er endå ikkje klart.

Fylkeskommunen stengjer alle sine skulebygg for undervisning

Nå rett før klokka 13 melder Rogaland fylkeskommune at alle deira skulebygg blir stengt for undervisning.
Les mer om:

Kjære avis-kunde og lesar

Me i avisa gjer nå vårt for at me framover skal halda oss friske og slik klara å gi ut avis. Avisa har ei viktig samfunnsoppgåve med ut få ut rett informasjon når me nå er råka av ein pandemi. Fleire av oss i Suldalsposten kjem til å jobba frå heimen. Me ber om at de som kundar og lesarar avgrensar fysisk oppmøte i lokala våre til det som er heilt nødvendig. Det aller meste kan me hjelpa med over telefon eller via e-post, og det gjer me sjølvsagt med glede.

Kyrkja i Suldal avlyser arrangement

Eit konfirmatleiarkurs personar frå Suldal skulle ha reist på i helga, er også avlyst. Kyrkjeverje Anne Marit Øvstebø seier til avisa at dei følgjer instruksar frå bispedømmerådet når det gjeld førebygging av smitte av koronaviruset, men at dei også har vore i kontakt med kommuneoverlege Harald Bjarne Hellesen med spørsmål om kva som nå er det rette å gjera. Øvstebø seier torsdag føremiddag at ho ventar på svar frå Hellesen.

Har samla inn 50 par sko til flyktningebarn i Moria-leiren

Moria-leiren er bygd for 3 000 flyktningar, i dag er talet på over 20 000. Truleg er omlag 7 500 av desse barn. Nå har forholda gått frå vondt til verre. Menneskerettane er brotne for lengst. For dei frivillige har situasjonen endra seg. Det meldest om høgreekstreme grupper som har gått til angrep på frivillige.

Russen må avlysa dør til dør-aksjonen, men du kan framleis støtta dei

I dag skulle russen banka på mange suldalsdører for å samla inn pengar til Kreftforeningens Krafttak mot kreft, som i år er dedikert forsking på kreftformer få overlever. Håper folk vil gi digitalt Men med eit hissig koronavirus, har Kreftforeningen beslutta å avlysa den fysiske delen av innsamlinga. Det fortel suldalsruss Lina Hoås, som inderleg håpar suldølen likevel vil støtta saka. – Folk kan gi via med Vipps på 491021, eller via innsamlingsida på kreftforeningen.no, det håper me mange vil, seier ho.
Les mer om: