Lokalt


Steinbra besøk på open dag

Ikkje berre er Norsk Stein Suldals hjørnesteinsbedrift, men også ei gullgruve for små og store som elskar store maskinar, og det er staden der ein kan sjå korleis Europas største steinbrot blir drive. Årleg sel Norsk Stein om lag tolv millionar tonn stein til kundar rundt om i verda. Rekordbesøk I fleire år, med nokre års mellomrom, har Norsk Stein invitert til open dag. Sist, for tre år sidan, var rundt 700 publikummarar innom for omvising og kjekke aktivitetar.

Storfangst på fjorden

– Me hadde godt haill, ler Trond Eilertsen på telefon frå Jelsa, på klingande nordnorsk. Saman med Ingemann Grønnevik baska han den store kveita opp i båten. Draume-fangst Fredag agna dei lina med makrell og sette den utanfor Hebnes i Vindafjorden. Dagen etter hadde kveita bite på. – Dette er som ein draum, me har ikkje landa endå. Det er utruleg artig med så stor fangst, seier Eilertsen om opplevinga.

Går mot ei snarleg pol-løysing

Sidan 16.
Les mer om:

30-åring tatt for promillekøyring

Ein mann i 30-åra, busett på Sand, blei stoppa 02.45, og alkometeret gav utslag då han blei kontrollert. Førarkort beslaglagt GDE-leiar Siri Fisketjøn Indrebø, seier mannen blei frakta til legevakta for blodprøve. Ho veit endå ikkje kor høg promille sandbuen hadde. – Førarkortet er beslaglagt, og det er oppretta sak, seier ho.
Les mer om:

Tobias (18) frå Sand drøymer om å bli junior-verdsmeister

– Eg kan vinna, det er draumen. Det kan faktisk gå, meiner tøffingen og seier at målet i mange år har vore å bli tatt ut til dei store meisterskapa. Tre frå Norge Tre frikøyrarar frå Norge er tatt ut på bakgrunn av resultata dei har vist i tidlegare meisterskap. I VM skal Tobias konkurrera i brattare fjellsider enn han nokon gong har prøvd tidlegare. – Eg har vore i Austerrike og køyrt, men det er nok brattare i Kappl enn der eg var, fortel han på telefon frå skulen i Haugesund.

LEIAR: Tynga i tilliten

Valet på bygda handlar sjølvsagt om politikk. Men den personlege faktoren gjer bygdeval til noko djupt personleg, til tider både brutalt, men også djupt rørande. Korleis partia gjer det, handlar sjølvsagt om perioden som har gått og kva som der har skjedd, men glade eller skuffa partileiarar lokalt, kan alltid takka eller skulda på medvind eller motgang-smitte frå moderpartiet og nasjonale trendar. Kandidatkåringa er noko heilt anna.

Kven bør få Suldal kommune si eldsjelpris?

Levekårsutvalet fekk før jul i fjor forslag om å gjera om Suldal kommunes kulturpris til ein frivillighetspris.
Les mer om:

Transformatoren blir nå fjerna

ABB, som var ansvarleg for transporten, visste i sommar ikkje når ei eventuell fjerning av trafoen kunne skje. Først måtte dei få klarlagt skaden på trafoen og om den eventuelt kunne reddast. Nå er det klart at den blir klippa opp bit for bit og skrota. Trafo-velten Det var fredag 28. juni det gjekk gale med gigant-transporten frå Hylen, og vegen til Kvilldal vart stengd for større køyretøy i ei veke. Totalt sju trafoar skulle etter planen bli frakta frå Hylen til Kvilldal i sommar og haust.
Les mer om:

Senterpartiet måtte bøya seg for kjønnsfaktoren

Kjønn og ekteskap versus politiske maktønske, var snublesteinen i gårskveldens forhandlingar. Der opposisjonens krav om eit meir kvinnesterkt formannskap pressa Senterpartiet inn i ein situasjon ein frustrert Magne Langeland (Sp) til slutt kalte «urettferdig». Så langt som muleg Problemet er at mens kjønnskravet om minst 40/60-fordeling er absolutt for LMT-og levekårsutvalet, er lova lempelegare når det gjeld formannskapet.

Kick-off på Klepp

Helga blei toppa då laget fekk vera balljenter og maskotar i kampen mellom damelaga til Klepp og Lillestrøm, som blei direktesendt på TV. Misunnelege gutar Trenar Odd Magne Hetlelid fortel om meldingar som tikka inn etter kvart som venner og besteforeldre såg dei unge erfjordspelarane i TV-ruta. – Det var nok mange misunnelege gutar i bygda som gjerne ville ha vore med på denne opplevinga, smiler trenaren så me høyrer det på telefon dagen der på. Nystarta lag Jentelaget, der spelarane er mellom ti og tolv år, sta

Spa-hotellet på Hjelmeland er konkurs

Hotellet er eigd av Enkel Bygg og Butikk as, som Leif Magne Kleppa og Sigbjørn Lerstøl står bak, og Kleppa seier til avisa Strandbuen at det er dei sjølv som er dei største kreditorane. 40 på lønningslista Hotellet som har drive i 13 år har rundt 20 årsverk, men om lag dobbelt så mange på lønningslista. – Me hadde eit godt år i fjor, men i år har det blitt for tøft. Nå er me ute av det, og me har ikkje nokon plan for å driva vidare, seier Kleppa til Strandbuen.

Klungtveit as med ny millionkontrakt

Kontrakten, gjeldande i inntil åtte år, er med RYMI og kommunane Suldal, Hjelmeland og Strand. Må tilsetja fleire Kontrakten blei endeleg bekrefta i går. – Me sikrar oss fast drift og må tilsetja fleire folk, seier ein glad Svein Klungveit, som seier han alt har folk på veg tilbake på jobb hjå seg. Korleis skal han feira? – Hehe, eg tar det roleg nå. Men eg er glad.

Framleis usemje om leigeavtale

Gullingen Turistsenter melde på sin Facebook-side i starten av september at det nå kan sjå ut som at skisenteret og fjellcampingen blir avvikla neste år. Møte med ordførar Partane har hatt fleire møte og utveksling av e-postar med ulike avtale-utkast utan å finna ei løysing på framtidig leigekontrakt.
Les mer om:

Fordelte taburettane

Meir frå forhandlingane seinare, men her er namna på dei som skal sitja i utvala og styra dei tunge politikk-felta i Suldal dei kommande fire åra. Formannskapet Gerd Helen Bø, ordførar (Sp) Øyvind Lovra Tveitane, varaførar (Sp) Åshild Vetrhus (Sp) Kari Vaage Gjuvsland (Ap) Torbjørn Indrebø (KrF) Sverre Underbakke (H) Nils Bjarne Vold (V) Levekårsutvalet Magne Steine (KrF), leiar Mads Drange (Ap),nestleiar Sanja Roganovic Heggelund (H) Åsmund Bakka (Sp) Anette Opheim (SV) LMT-utvalet Magne Langeland (Sp), leiar Iren Klungtveit Slagst

Sel hotell-livsverket

Erling Asbjørnsen konstaterer at ingen av barna ønskjer å ta på hotelldrivar-livet og håper sjølvsagt at kjøparar som kan vidareføra det tradisjonsrike hotellet ved elveoset, skal komma på banen. 16 årsverk til kvardags, i sesong, opp mot 30.

Åtte gebyr og tre bruksforbod

Statens vegvesen gjennomførte trafikk-kontroll på Suldalsosen i går føremiddag og på Sand om ettermiddagen. 103 køyretøy blei sjekka for beltebruk, og av dei, blei 23 køyretøy tatt inn for ein utvida kontroll. Det blei skrive ut seks beltegebyr, eitt gebyr for dekk under lovleg minimum, og eitt gebyr for manglande vognkort. To køyretøy fekk teknisk mangel-lapp. Tre bruksforbod blei registrerte, eitt for utslite dekk, og to køyretøy blei avskilta fordi dei er begjært avregistrerte.
Les mer om:

Diakonvigsling og bispebesøk

Den nye Stavanger-biskopen hadde sitt første besøk i Suldal som biskop. Nykomponert haustsong – Bygdekvinnelaget på Sand hadde pynta kyrkja så flott til hausttakkefesten og vigslinga, rosar kyrkjeverje Anne Marit Øvstebø. Ho fortel at biskopen hadde Gje oss i dag vårt daglege brød, som tema for preika denne søndagen. Mange deltok under gudstenesta, og Øvstebø trekk fram både prosjekt-koret frå mellomtrinnet på Sand skule og den nye haust-songen, som blei framført for første gong i kyrkja.

Arne Bergsvåg (Sp) blir fylkesvaraordførar

Fylkestingsrepresentanten og listetopp for Rogaland Senterparti, Arne Bergsvåg, blir fylkesvaraordførar dei neste fire åra. Det er klart etter at Arbeiderpartiet, Senterpartiet, Kristelig Folkeparti, Miljøpartiet de grønne og Venstre før helga vart samde om ein samarbeidsavtale. Det melder avisa Grannar , som skriv vidare at Bergsvåg er oppvaksen i Etne, men bur i Ølen.

Frå London til Stråpa i Suldal

Sikten over Stråpabrua er heller dårleg denne ettermiddagen. Viskarane går på travelt det korte stykket frå butikkane på Osen og over til andre sida av Suldalslågen. Skodda trolldansar rundt kollane ved Stråpanuten, før ho tek seg ein elegant sving oppover det smale juvet mot Berge. Det store kvite huset openberrar seg som eit smykke i den frodige ramma si. Ved sida står den gamle løa og andre småhus frå tidlegare tider. Midt i denne nostalgien ligg leiker, små syklar og fotballmål.

Kan bli kvinne-trøbbel

Valresultatet inneber også at suldalspolitikken blir meir mannsdominert. Frå åtte til seks kvinner I dag er åtte av dei nitten kommunestyrerepresentantane eller 42 prosent, kvinner, mens det nå berre er seks kvinner blant dei nitten som skal styra Suldal, som i prosent er 31, 5 prosent. Og med lovkrav om kjønnsfordeling i offentleg oppnemnde utval, inneber kvinnefallet at politikarane kan stå overfor noko av ei nøtt når fordelinga av verv skal fyllast med personar. Kvinnekrav For LMT-utvalet og levekårsutvalet, som begg

Frå helsesøster til diakon

Det var i april ho blei tilsett i diakonstillinga som då hadde stått tom eit par år. Så blei det sommar og ferie, men nå er arbeidskvardagen kommen i sporet sitt, og søndag blir ho høgtidleg vigsla til gjerninga i Sand kyrkje.

Ei kvinne og ein mann pågripne for tjuveri

Politiet fekk torsdag kveld inn melding frå eit vitne i Åsklubben ved Saudafjorden, som reagerte på mistenkeleg framferd på eit par i båt. I dag, fredag føremiddag, vart paret, frå stavangerdistriktet og kjende for politiet frå før, pågripne ved Ropeid kai. Mannskap frå både Sauda og Vindafjord deltok. Det opplyser operasjonsleiar Victor Fenne-Jensen. Mykje tjuvgods Ein god del tjuvgods vart funne i den stolne båten og på den eine personen.

Seinasommarhagen

Alt ligg flatt, og råte, helst før ein får plukka visne blom-ster og tynna i alle klasane med frukt. Det er ein ting som er sikkert, i år er det mykje frukt. Pærene hos oss skal bli til deilig pærejuice. To store greiner av plommetreet knakk, stappfulle av plommekart – brakk det dei landa på òg! Det er då ein ser viktigheten av å tynna. På med regnklede og ta ei økt, verdas beste trim. Har fått bruk for alle blomsterpinnar og støtter i år. NB: ikkje vent til plantene har lagt seg.

Skuffa, men kampklar

Det var lite ytre dramatikk å spora undervegs i forhandlingane tysdag kveld, men det var ei skuffa Kari Vaage Gjuvsland (Ap) som seint drog frå kommunehuset mens valvinnarane i Senterpartiet sat igjen med både ordførar og varaordførar i høg stemning på ordføraren sitt kontor. – At Senterpartiet får begge verva, aksepterer eg, sjølv om eg gjerne skulle halde fram.
Les mer om:

Førstegongskjøpar av husvære?

På internett manglar det ikkje på velmeinande råd. Det er ein jungel av ukjende ord og omgrep. Før ein beveger seg ut på bustadmarknaden, kan det vera lurt å setja seg inn i kva ein som førstegongskjøpar bør vera merksam på. Spela korta – Eg vil seia at å spela korta rett, passar best i sparingsfasen. Det er for seint å tenkja på sparing, når ein går på visning.