Lokalt


Inviterer til møte om viktig og vanskeleg tema i kveld

Det er samarbeid på brei front når suldølen i kveld er inviterte til eit møte som skal lysa over eit vanskeleg og viktig tema. Møtet på Kulturhuset er eit samarbeid mellom Suldal kommune, Frivillige hender og Folkeakademiet i Suldal. Forventingar og spørsmål Kva må til for at ein skal kunna bu heime om ein blir alvorleg sjuk? Kva kan eg forventa av hjelp frå helsetenestene, kva tenkjer familien, kva må eg og vil eg klara sjølv? Det er nokre av spørsmåla det handlar om i dag og i kveld.

Klare for Møgedalsmarknad nummer 34

Dette har han og medarbeidarane gjort mange gonger før, nå flyt dei på rutinen. Til helga blir det marknad for 34. gong i Bergekrossen. God gammal oppskrift – Me er i rute, og det skal bli marknad av god gammal oppskrift, smiler han. Bakka lovar god variasjon på dei 90 ulike utstillarane, god mat og nok å finna på for både store og små. – Hovudgjesten i år er Åsmund Nordstoga, han skal både syngja og fortelja. Det trur eg kan bli spennande.

LEIAR: Krafta

Det er sjeldan å høyra sindige suldalsordførar Gerd Helen Bø så flat som ho måndag var. Då hadde ho så vidt sett konklusjonane i rapporten og anbefalingane frå kraftskattutvalet, som føreslår å avvikla dei ordningane som gir kommunane direkte skattar og andre inntekter frå vasskrafta. For Suldal åleine vil det innebera at 100 millionar kroner av dagens kraftinntekter vil forsvinna.

Legg nytt vegdekke fredag, sjå alle bilda frå raset på Suldalsvegen

Rv 13 mellom Suldalsosen og Nesflaten er forlengst opna og køyrbar etter raset før helga. Men meir enn 1000 kubikkmeter med stein frå 200 meters høgd har merkt vegen og rasert støttemuren og autovernet på staden. Nytt autovern er på plass nå, og denne veka skal dekket fresast og fredag blir det lagt nytt dekke. Muren krev meir planlegging før oppbyggingsarbeidet kan i gang. Ventar på geolograpporten Hjå Statens vegvesen ventar byggjeleiar Angelica Chamorro på den endelege geolograpporten etter raset.

Frisk eplesatsing på Fuglestein

Garden ligg fint til, sørvendt med utsikt til Ombo og Ombofjorden. Fuglestein ligg perfekt til når det gjeld å nytta naturens goder til å dyrka frukt, der Jelsafjorden går over til Erfjorden. Sjølv om Fuglestein ligg lagleg til, har det vore mykje arbeid før dei 17 000 trea kunne plantast på felta dei ulike stadene på garden. I dag har han 53 dekar med frukt, det vil seia 40 dekar med ulike eplesortar og resten pære. Rundt rekna fire millionar kroner har han investert.

Det nye kommunestyret er i gang

Det første kommunestyremøte for dei nyvalde politikarane blei kjapt unnagjort. Etter elleve minutt, avslutta ordførar Gerd Helen Bø møtet, då hadde ho klubba alle dei nye utvala gjennom, og ny og gammal varaordførar hadde bytta plass ved sida av henne. Bø kunne forsikra om at dei kommande kommunestyremøta nok kom til å vara lengre enn dette første. – Eg gler meg til å jobba med dykk dei neste fire åra.
Les mer om:

Bil av vegen mellom Ropeid og Sauda

Politiet melder på Twitter om ei bilulukke mellom Ropeid og Sauda. Ulukka skal ha skjedd klokka 16.54. Ein bil med fire passasjerar køyrde ut av vegen, men ingen skal vera alvorleg skada. Dei fire i bilen er tatt med til legevakta i Sauda for sjekk. Operasjonsleiar i Sør-Vest Politidistrikt har ikkje meir informasjon om ulukka nå klokka 18.00, men seier at politiet er på staden og det blir venta på bilberging.

Ny lesar-rekord på nett

145 439 sidevisningar er ny rekord, og redaktør Esther Moe er strålande nøgd med at innsatsen gir trafikk på nettsida. Rekordmånad – September har vore ein spesiell månad med viktige hendingar som val, ras og stengt riksveg, så kanskje ikkje så unaturleg at rekorden kom akkurat nå, seier ho. – Sidan april har me bevisst satsa på å nå dei trufaste lesarane våre og å få nye abonnentar via nett. Målet er at suldalsposten.no skal vera nettsida suldølen tyr til når dei skal halda seg oppdaterte.
Les mer om:

Flott levert av ”nye” Suldalsjentene

Suldalsjentene har spelt saman ei god stund, men årets utgåve, det som nå er Suldalsjentene J15, er eit ganske ungt og nytt samansett lag. Ny gjeng Då vårsesongen var over for J16, var det mange av jentene som av ulike årsaker måtte slutta. Det såg ei stund litt mørkt ut for eit nytt Suldalsjentene-lag. Men jentene som var igjen tok tak og fekk med seg ein heil gjeng nye og yngre spelarar. Og med trenar Ørjan Underbakke med på laget, trenar nå desse jentene målretta kvar måndag.

Vil ribba kraftkommunane for store delar av inntektene

Suldal kommune sine kraftinntekter ligg i kroner og øre ein stad mellom 150 og 180 millionar kroner, avhengig av kraftprisen. Skulle kraftskattutvalets forslag bli ein realitet, blir det ei tredjegradsendring for Suldal og dei andre 174 kraftkommunane. Nå skal forslaget på høyring med frist til 1. januar.

Sjå kor kjekt det var på brannstasjonen i helga

Ute på plassen myldrar det av ungar som klyv ut og inn av brannbilar. Foreldre halsar etter og prøver å manøvrera kaffikopp og kamera. Dei lokale brannmennene sirklar rundt og svarar på tusen spørsmål, demonstrerer og solar seg i dei små blikka. Bak brannbilen er det brann som må sløkkjast. Heilt på ekte! Med djup konsentrasjon held dei små brannslangen og tek oppgåva på største alvor.

Hyttegjest kom til rette på Ropeidhalvøya

Det var natt til laurdag at politiet blei kontakta av hyttefolk på Ropeidhalvøy som var urolige etter at ein i laget ikkje kom inn igjen utpå natta . Ein patrulje med hund og lokalt brannmannskap blei sende ut på søk, og hyttegjesten, som er utanbygds frå, viste seg å vera på ei anna hytte i nærleiken.

Rv 13 er open igjen for fri ferdsel

Rett før klokka 23 i kveld, laurdag, melder Statens vegvesen at rv 13 mellom Suldalsosen […]
Les mer om:

Blir ikkje opna før tidlegast klokka 23

Mykje armeringsjern og meir skade på vegbanen enn forventa, gjer at rv 13 ved Krokanesodden tidlegast kan opnast klokka 23 i kveld, laurdag. Treng meir tid Det melder Statens vegvesen nå i kveld rett før klokka 21. Det var tidlegare i dag meldt at vegen truleg blei opna klokka 21, men nå treng altså entreprenør meir tid enn først rekna med.
Les mer om:

Satsar på å opna vegen seint i ettermiddag

Arbeidet med å rydda raset er i gang ved Krokanesodden på rv 13 mellom Suldalsosen og Nesflaten, og går det etter planen, er vona å kunna opna vegen delvis seint i ettermiddag i dag, laurdag. Høgt ovanfrå Det fortel Peer Einar Klungtveit i Statens vegvesen nå rett over klokka 13. Raset som gjekk i går føremiddag, er komme høgt ovanfrå, rundt 200 meter, og i morgontimane i dag har fjellklatrarar vore oppe i fjellsida og reinska der. Nå startar arbeidet i vegbanen.

Begynner ryddearbeidet klokka elleve i dag-gir ny vurdering i ettermiddag

Vegen er framleis stengt ved rasstaden på rv 13 mellom Nesflaten og Suldalsosen, men i dag startar ryddearbeidet. Reinskar fjellsida først Eit klatrelag vil bli floge opp i fjellsida for å reinska den, og deretter er planen at maskinane på bakken begynner arbeidet klokka elleve nå i føremiddag. Det vil bli gitt ei ny vurdering av status på vegen før klokka 15.00 i dag, melder vegvesenet på Twitter.
Les mer om:

Opnar ikkje vegen i kveld-håper på delvis opning i morgon

Nå klokka 17.30 er geolog i gang med å vurdera rasstaden på rv 13 ved Lauvvik mellom Suldalsosen og Nesflaten, men det er klart at vegen ikkje vil bli opna i kveld. Kjenner ikkje skadeomfanget på vegen Håpet er å begynna rydding i morgon og å kunna opna vegen delvis då.

Vil ta fleire timar før vegen blir opna

Vegtrafikksentralen vest – Rogaland fekk inn melding klokka 11.16 om raset ved Lauvvika på Suldalsvegen, rundt fire kilometer sør for Nesflaten.

Stort ras stengjer rv 13 mellom Nesflaten og Suldalsosen

Eit stort ras stengjer heile vegbreidda ved Bismarvik, fire kilometer sør for Nesflaten.Suldalsposten kjem tilbake med meir. 
Les mer om:

Arbeidsløysa går nedover i nordfylket

September-tala frå NAV, viser at arbeidsløysa i Nord-Rogaland held fram å synka. Suldal har den lågaste arbeidsløysa av alle kommunane i Rogaland. 0,8 prosent er heilt ledige arbeidssøkjarar. Nedgangen forset Fylkessnittet er på 2,2 prosent heilt ledige arbeidssøkjarar. Alle kommunane i nordfylket ligg godt under dette snittet. Høgast arbeidsløyse er det i Haugesund på 2,0 prosent.

Legg om støtte-praksisen på veg ut dørene

Det kan få konsekvensar for støtte-søknader som rådmannen nå har til behandling til neste fondsstyremøte i oktober. Men då er det eit nytt formannskap som set seg til bords som styre og som har det endelege ordet. Debatt-ønske Ordførar Gerd Helen Bø, som altså blir sitjande, svarar slik på kva som er poenget med at eit avtroppande styre legg føringar eit nytt styre. – Me tok denne debatten fordi det er me som har site denne perioden og kjenner til kva som har skjedd.

LEIAR: Kjønn og sånn

Det er ikkje til å stikka under ein stol at det å sleppa til ringside ved politiske forhandlingar etter eit val, er eit regulært festmåltid for ei avis som lever av og for å komma tettast muleg på prosessane i det me kallar folkestyret. Det vanlege er at slikt føregår bak lukka dører.

Joker Erfjord er årets Merkur-butikk i sørvest

Det er snart 40 år sidan Vaage overtok som kjøpmann av butikken, som har vore i familien i nær 150 år. Juryen framhevar god vekst, gode resultat over fleire år og godt samarbeid med kommunen om daglegvareforretninga i Hålandsosen i Erfjord.
Les mer om:

Nytt møte om makebyte neste veke

Bogsund Holding ved Sølve Myrvang, som er eigar og drivar av Sand Servicesenter og nabo til meieriområdet, har i fleire vender klaga på avgjerda til dei folkevalde. Sist klage sende Bogsund Holding til Fylkesmannen i Rogaland, der Myrvang krev omgjering av kommunens planvedtak. Den klagen har fylkesmannen nå avslått. Lagerbygg i vegen I brevet til fylkesmannen 20. juni påpeikar Myrvang at om reguleringsplanen blir sett ut i livet, vil det gjera det vanskeleg å driva Sand Servicesenter vidare.

Treng ikkje bytta fastlege

Dei ledige stillingane blei lyste ut tidlegare i sommar, i blant anna Tidsskrift for Den norske legeforening, utan ønskt effekt. Byte av fastlege – Me hadde ønskt større respons enn dei tre søkjarane me fekk. Nå lyser me ut igjen og håper på fleire søkjarar, seier van Ruiven. Han ønskjer å informera suldølen om at dei ikkje treng bytta fastlege når legen deira har slutta. – Legekontoret har fellesliste. Når nye legar blir fast tilsette, vil dei pasientane som får ny fastlege, få informasjon om det.
Les mer om: