Lokalt


Advent i Kvalekrikkjen 15

Fasit 14. desember: Eg blei nåke leke eg. Åsså litt dondren i håve og. Dondren: […]
Les mer om:

Advent i Kvalekrikkjen 14

Fasit 13. desember: Akkurat nå så lagar eg ny kåteholk. Kåteholk: Uthola trestykke til å bera kvatsteinen/brynet i, hang gjerne på baklommen. Frå «Gamle ord frå Suldal» – samla av Sigurd Sandvik. Advent i Kvalekrikkjen 13
Les mer om:

Heider og prisdryss under kommunens festmiddag

I går kveld var det duka for kommunemiddag med dertilhøyrande prisutdelingar og heider for lang og tru teneste.

Advent i Kvalekrikkjen 13

Fasit 12. desember: Det va då voldsom så jasaleg du va blitt på dine gamle dar. Jasaleg: Skvetten, redd av seg. Frå «Gamle ord frå Suldal» – samla av Sigurd Sandvik. Advent i Kvalekrikkjen 12
Les mer om:

Går for eitt års forsøksordning

Forslaget om å gi suldalsungdom som vel Sauda VGS 10 000 kroner i inntil fire år, har fått god blest og skapt stor debatt i både lesarbrevspalta og i sosiale medium. Evaluering Det er politikarane godt nøgde med, men i dag sette altså kommunestyret ein fot i bakken og avgjorde at stipendordninga skal vera ei forsøksordning neste år. Det var Sverre Underbakke (bildet) og Høgre som kom med forslaget, som også inneber ei evaluering i god tid før skulestart i 2021 med tanke på om ordninga skal vidareførast. Får ret

Fullt hus på juleavslutning

Tradisjonen tru inviterte kyrkjekontoret og Introsenteret i Suldal inn til juleavslutning for dei framandspråklege og frivillige.
Les mer om:

Advent i Kvalekrikkjen 12

Fasit 11. desember: Det va då synd å ussa med detta ølet òg. Ussa: Sløsa, øyda bort. Frå «Gamle ord frå Suldal» – samla av Sigurd Sandvik. Advent i Kvalekrikkjen 11
Les mer om:

Førjulsdrøs med Jorunn Kalvik

Kor er du i løypa med juleførebuingar? – Me ligg nok litt bakpå, men med levande lys og jule- tre, kjem jula uansett. Litt dempa belysning skjuler at det ikkje er så reint i krokane. Og når det kjem til bakinga, er me blitt selektive; me bakar det me er gode på! Har du adventskalender? – Eg har kalender frå Røde Kors. Eg er ofte ivrig og op- nar alle lukene på ein gong, så då må eg kjøpa ein til. Det har eg faktisk ikkje gjort dette året. Korleis pyntar du i adventstida? – Eg prøver å ha lys ute.

Jelsabu oppgitt over Postens avislevering

For Elna Oppedal Olsen og mannen Øyvind er det nær sagt blitt lotto kva dagar og kor mange aviser som dumpar ned i postkassen. Dei kjenner til fleire på Jelsa som har det likt som dei. Frå aust til vest Ho er inga sur kjerring, slik ho sjølv kjende seg som og skreiv i e-posten ho sende redaksjonen, som viser inn i stova i huset på Sandaneset. Ekteparet abonnerer på fire aviser, tre av dei i papir.

Jobbar med forvandlinga

Englandskabelen (North Sea Link) blir bygd av Statnett og engelske National Grid og er eit gigantisk prosjekt som består av mange bitar. Forvandlinga Strekkinga av verdas lengste undersjøiske kabel (722 kilometer) er alt i gang frå Blyth på englandssida. I Eiadalen er arbeidet med konverterstasjonen etterkvart på oppløpssida. Det er her forvandlinga frå og til vekselstraum skal skje, og til det krevst det svære installasjonar.

LEIAR: Korleis få Suldal Bad til å flyta?

Når ordførar Gerd Helen Bø i helga la frå seg ordførarkjede og briller og tok opningsstupet i Suldal Bad, var det gått tre år og to månader sidan ho tok første spadestikket på badet. Den gong låg det år med hard debatt, nervepirrande voteringar og nitid planlegging bak, og etter den regnfulle oktoberdagen i 2016, har det heller ikkje vore fina vêret og flate vegen fram mot eit ferdig Suldal Bad.

Advent i Kvalekrikkjen 11

Fasit 10. desember: Britta, kom med ei tvåga! Tvåga: Golvfille Forklaring frå Kvalekrikkjen sjølv Advent […]
Les mer om:

Slik var besøkstala i opningshelga

Tysdag morgon er det ei svært nøgd Bonolo Ramphomane-Aandahl som leverer fasiten på besøkstala etter helgas opning og tre dagar med gratis bad for morgonfuglane. Laurdag fann 300 vegen til badeanlegget og på søndag, då det var omvising og familiebading, stilte 150 badelystne, mens totalt 36 morgonbadarar er noterte på tre dagar.

LESARBREV: Kvalekrikkjen

Eg ser Suldalsposten har rota fram førjulsprat i Kvalekrikkjen. For meg kom det litt brått på. Det kunne då ikkje vera så mange år sidan det vart filma, tenkte eg, men tida går fort… Eg snakka litt med Todlev her ein dag, og han er sjølvsagt i fyr og flamme. Nå ser han på seg sjølv som Suldals svar på Skomaker Andersen, og Helje Sundvodl er den lokale Tøfflus, legg han til.
Les mer om:

Kommunen og Bogsund Holding endeleg i hamn med makebytet

Lauritzen er glad for å vera i hamn med ei løysing han meiner er gunstig og seier kommunen har strekt seg for å få avtalen i boks. Det var ikkje flust av løysingar å skissera, men at avtalen nå er på plass, gjer at viktige brikker er rydda opp i og at området får ein struktur. Bytehandel – Sand Servicesenter får tilgang til alt areal, på kommunal grunn, på sjøsida av den nye vegtraseen. Det vil seia at vegen blir flytta seks til sju meter mot det gamle meieribygget.

Promillekontroll på Sand

Natt til søndag, i totida, gjennomførte politiet promillekontroll i Sand sentrum. GDE-leiar Siri Fisketjøn Indrebø […]
Les mer om:

LESARBREV: Nyttig investering, om å halda på ungdommen

Det er med stor interesse og glede eg les i Suldalsposten at det er politikarar i Suldal som foreslår å gi tilskot til elevar som vel å studera ved Sauda vidaregåande skule. Dette vil vere ei nyttig og god investering som eg er sikker på at kommunen vil få igjen for! Opp til heile 85 prosent av det ein får med seg av livslære gjennom livet er tufta på åra fram til ein er 17-18 år.
Les mer om:

Medan me ventar i Erfjord

Andre søndag i advent fekk ei fullsett kyrje i Erfjord påfyll i ventetida. Onsdagsklubbkoret song, lys blei tende, og Lise Nøstbakken trakterte pianoet. Erfjord skulekorps spelte, og både presten og konfirmantane hadde opplesing. Kristin Sandvik og Martin Haug Tieghem framførte ein instrumental, og heile kyrkjelyden fekk stemma i allsongen denne søndag ettermiddagen.
Les mer om:

Advent i Kvalekrikkjen 10

Fasit 9. desember: Di nagga så voldsomt at det blei med det. Nagga: Gnaga, få […]
Les mer om:

Tiramisu ein av sju Gaselle-bedrifter i Suldal

I år er det fire fleire lokale bedrifter på lista enn i fjor. Og som i fjor finn me fleire småkraftverk blant gasellane. Helikopter og reiseliv Øvst på lista over årets Gaselle-bedrifter i Suldal ligg Agusta 109 AS med 34,25 millionar i omsetning og ein vekst på 169 prosent frå året før. Jon Ove Velure er dagleg leiar, og firmaet driv med utleige og leasing av luft-transportmateriell. At selskapet er registrert i Suldal, meiner Velure er tilfeldig og svinheldig for Suldal kommune.

Monica Vela er kåra til Årets ildsjel av Sparebankstiftinga

Juleavslutninga til Ung Husflid var godt i gang då nissen kom inn døra på Arbeidsskulen på Eide med heider og pengar i sekken. Grafikk og pengar – Ungar og vaksne sat med store auge, dette blei som julekvelden for oss, fortel Liv Hiim til Suldalsposten. Monica Vela fekk overrekt eit grafisk trykk av Ingrid Haukeliseter, i tillegg til 25 000 kroner til organisasjonen ho er primus motor i. Bjørkland i Sparebankstiftinga synest det var spesielt kjekt å overrekkja prisen til Vela. – Ho har lagt ned eit stort arbeid

Ung suldøl laga sjau i Sauda

Det var natt til laurdag, i tretida, at mannen i 20-åra frå Suldal vart bortvist frå sentrum i Sauda. GDE-leiar Siri Fisketjøn Indrebø opplyser at det var åtferda hans på offentleg stad, som gjorde at politiet reagerte. Indrebø påpeikar at det ikkje er snakk om skade på andre personar, men uro. Det er oppretta straffesak mot mannen, som nå truleg kan venta seg eit oppgjer i form av bot.

– Ta først ein sjekk hjå lokale butikkane, før du reiser til byen med handlelista nå før jul.

At suldølen tenkjer lokal handel nå i førjulstida når mang ei gåve og matvarer skal til husar, betyr mykje for mange av drivarar og forretningar i kommunen. Viktige veker – Framleis er det nå slik at me gir julegåve til kvarandre.
Les mer om:

LESARBREV: Lakselobbyen styrer oppdrettsnæringa!

Det er Stortinget som avgjer korleis norsk politikk skal vera, likar mange av oss å tru. Og ja det er nasjonalforsamling som vedtek lovar og budsjett. Men for oppdrettsnæringa, er det Lakselobbyen som har hatt, og har makta. Siste døme på det var då leiar av Havbruksskatteutvalet professor i økonomi Karen Helene Ulltveit-Moe, la fram si innstilling frå utvalet, om overskotsbasert grunnrente på 40%. Før innstillinga ein gong er handsama, har Lakselobbyen sikra seg fleirtal på Stortinget mot forslaget!

Advent i Kvalekrikkjen 9

Fasit 8. desember: Når du fekk av deg den bråthuå så e du ganske snøypen, tøkkje eg. Bråthua: Caps Forklaring frå Kvalekrikkjen sjølv Advent i Kvalekrikkjen 8
Les mer om: