Lokalt


Sette sesongpunktum med heimesiger

Årets siste heimekamp i Prestavikjo vart meir spennande enn tenkt for dei som følgde med på kampen Storhaug – Paradis over mobilen. I nokre få minutt var det ein ørliten sjans for opprykk for Suldals a-lag, men Paradis, som ei stund låg 3-3 mot botnlaget Storhaug, vann til slutt 5-3 og femtedivisjonsspel neste år. Kjempesesong – Ei lita stund var det 3 – 3 i byen? – Ja, og på stillinga 3 – 3 hadde Storhaug ein kjempesjanse, seier trenar Arne Abrahamsen etter kampen.

Fengsel og bot etter promillekøyring som enda i fjellveggen

Mannen frå Suldal som i mai køyrde i fjellveggen i Velatunnelen på rv 13 i Suldal, er i Haugaland tingrett dømt til 30 dagars fengsel og ei bot på 50 000 kroner. Mannen, som er i femti-åra, var ute og køyrde saman med sonen sin, og begge forklarte til retten at det var sonen som køyrde, og faren som sat på. I fjellveggen i mai Dei to var ute og køyrde for å sjekka om noko var i vegen med bilen, og køyreturen enda altså i fjellveggen og dei blei begge frakta til sjukehus etter ulukka.

Trafikk-kontroll på Suldalsosen førte til fleire bruksforbod og trafikkgebyr

– Me oppfordrar alle til å kontrollera lys og dekk, seier Frode Myklebust i Statens vegvesen. Han var med på kontrollen i går kveld, som skjedde mellom klokka 17 og klokka 22.30. Sju av køyretøya fekk skriftlege manglar, fem fekk bruksforbod, to førarar blei skriftleg rapporterte, og det blei skrive ut seks trafikk-gebyr.

Over 320 000 kroner frå Suldal til TV-aksjonen

Det er nokre tusenlappar færre enn på dei tre siste TV-aksjonen. Av summen på 324 024 kroner vart om lag 145 000 kroner samla inn av bøsseberarane i går søndag. Inkludert i denne innsamlingssummen er 8 183 kroner gitt frå Vinjar skule og 11 715 kroner frå Marvik skule.

Bjørg Katharina på cat-walken

Då gjekk ho modell for Pia Myrvold sin siste kolleksjon. Men aller mest er det ei framtid som fotomodell som freistar. På cat-walken Multikunstnaren Pia Myrvold, som har busett seg i Paris, viste seg fram i heimbyen for første gong på ti år, og ikkje sidan 2003 har ho produsert ein ny motekolleksjon. Med seg til Norge hadde ho fargerike kjolar av t-skjorter med logo frå kultur og næringsliv i Stavanger, og det var desse kreasjonane at Bjørg Katharina viste fram for publikum.

Suldal kommune har høgast sjukefråvær i Rogaland

– Det er luksus å få så mykje god informasjon, meinte utvalsleiar Magne Steine (KrF) etter at kommunalsjefane frå helse og oppvekst, i tillegg til kultursjefen, hadde fortald frå einingane sine. Fastlegeordninga Men det var ikkje berre kommunalsjefane som ville orientera.

Dei som får og dei som ikkje får frå fondet i siste tildelingsrunde i år

Det rykande ferske formannskapet sette seg i går til bords som styret i Ulla-Førre næringsfond, og første sak ut var Energihotellets nye utbyggingsplanar.

Rømt oppdrettslaks i Ryfylke

Fiskeridirektoratet har fått fleire rapportar om fangst av rømt oppdrettslaks og ber nå publikum om å melda frå om fangst av rømt fisk i området. Dei ønskjer også skjellprøvar av den rømde fisken. Tips blir tatt imot på direktoratets døgnopne vaktsentral, telefon 911 03 277. Vindafjord og Ryfylke Fiskeridirektoratet har gitt Mowi as pålegg om miljøovervaking av tre vassdrag i Vindafjorden etter ei rømming ved deira lokalitet i Ringja i september. Pålegget gjeld Vikedalselva, Rødneelva og Åmselva.

– Summen av alt blir mykje. Det er ein fortvilt situasjon, me forstår dei er fortvilte

Valen seier dei har hatt eit konstruktivt møte med legegruppa, der dei brukte mykje tid på å svara på spørsmål frå legane. Kjempeutfordringar – Men det er klart me har kjempeutfordringar med hyppig utskifting av legar, og det har ikkje blitt mindre vanskeleg i det siste, med få av dei faste legane til stades, seier rådmannen. For tida er det to faste legar på jobb, to i permisjon, ein turnuslege, ein vikar for sjukeheimslege, og to stillingar er utlyste. Valen skuldar den vanskelege rekrutteringa på nytt lovverk.

Legane fryktar liv vil gå tapt – varslar om eit uforsvarleg helsetilbod ved legekontoret

I varselet, som er sendt til rådmann Øyvind Valen, kommunalsjef Grethe Jæger Anglevik og einingsleiar Adriaan Van Ruiven, skriv legane at dei fryktar liv vil gå tapt, eller at uoppretteleg helseskade kan skje, om det ikkje blir sett i verk tiltak umiddelbart. Grin på jobb og er deprimerte Legane beskriv ein arbeidsplass der det nesten ikkje er fast tilsette legar tilstades lenger, der fleire har slutta fordi dei ikkje maktar arbeidsforholda, og der tilsette grin på jobb og kjenner seg deprimerte grunna arbeidssitua

Kunsten å laga lam

Sæden kjem frå Staur Gård på Hedemarken og blir levert i ein dunk med flytande nitrogen som held minus 196 grader. I seminkatalogen kan produsentene velja mellom omlag 75 vêrar av ulike rasar. Eigenskapane som er vektlagt er blant anna ull-kvalitet, tal på lam, og slaktevekt. Teori og praksis Kurset hjå vertskap Sveinung Skjerahaug i Erfjord startar med teori. Etter lunsj er det på tide for kursdeltakarane å få prøva seg i praksis.

– Planen er november-opning

Etter at Suldalsposten tidlegare i dag publiserte saka om at rådmannen ikkje torer lova at Suldal Bad blir opna før jul, har rådmann Øyvind Valen bede avisa presisera at det blir jobba hardt for å opna badet i november. Jobbar knalllhardt for november Det var i forbindelse med ei orientering til formannskapet om at badet ikkje blir opna første helga i november, at Suldalsposten i ein pause spurde Valen om når han trur badet blir opna.
Les mer om:

Torer ikkje lova bade-opning før jul

Suldal Bad er nå inne i test-perioden, men håpet om opning den første helga i november, er ute. Kaldt vatn i forventingane I dag viste rådmann Øyvind Valen det ferske formannskapet bilde frå badeanlegget der dei tilsette nå testar ut alle system og fasilitetar.

Heisen start for ferske folkevalde om heie-sak

Rett i førekant av at saka kom opp i LMT-møtet (utval for landbruk, miljø og teknikk) tysdag, spurde Elmies etter moglegheita for synfaring i heia. Synfaring av kommunen Han fekk svar frå utvalsleiar Magne Langeland (Sp) og kommunalsjef Torbjørn Guggedal at det berre er gjort ei administrativ synfaring. – Det går an å føreslå ei utsetjing på grunn av ei synfaring, var svaret frå Guggedal. Sidekvinna til MDG-representanten, Marita Husevåg Hellesen (KrF), støtta også ønsket om få komma ut i terrenget for å sjå.

50 000 kroner frå Hydro Energi Røldal-Suldal til årets TV-aksjon

– Det er viktig at alle, også andre bedrifter i Suldal, blir utfordra til å støtta denne aksjonen, meiner kraftverksjefen på Hydro Energi på Nesflaten. Årets TV-aksjon går til CAREs arbeid for å skapa eit betre liv for kvinner i nokre av verdas mest sårbare område. TV-aksjonen skal gi kvinner moglegheit til å tena eigne pengar, bestemma over eigen kropp og få sin stemme høyrt.

Rådmannens innstilling til årets siste tildelingsrunde frå Ulla-Førre fondet: Har tatt signalet om å droppa skulderklappa

Olav Lindseth og Gunhild Moe ønskjer å heva Energihotellet til eit nivå som stettar kravet til det såkalte ”new nordic luxury». Utviding av spisesal og kjøkken Drivarane av Energihotellet på Nesflaten søkjer nå både tilskot (900 000 kroner) og eit lån på 2,5 millionar kroner for å ta hotellet vidare. I første omgang handlar det om å utvida dagens spisesal, utviding av kjøkkenet og å få to nye suitar på plass. Finsliping av standarden Men den langsiktige planen i trinn to er å byggja ein heilt ny res

LEIAR: Psykiske lidingar blir aldri fancy

På mange måtar er samfunnet blitt opnare, ting ein knapt før kunna hinta til, er stovereine temaer. Det gjeld også det som har å gjera med vår psykiske helse og dei sjukdommane og belastningane som ikkje viser på oss. Det som er vanskeleg å setja ord på, det som er vanskeleg å forklara og å snakka om.
Les mer om:

Gjer Suldalslågen betre for laksen

Nå er Statkraft i gang med eit pilotprosjekt for å reinska opp elvebotnen. Baksida av medaljen – Ein stor fordel med regulerte vassdrag, er at det reduserer fare for store flaumar og flaumskadar, me ser at det blir viktigare og viktigare i samband med klimaendringar. Ei bakside av medaljen er at det kan bli meir attgroing i elvebotnen, seier Bjørn Sandvik, kraftverksjef i Statkraft.

Sein avis-levering i dag

Avisa kjem litt seinare enn vanleg i dag, truleg 2 til 3 timar, grunna forseinking […]

Stor gåve til eit skuleår skreddarsydd dei som slit mest

Det er Strand og Sauda vgs som samarbeider om prosjektet og det er eitt av to knoppskot frå pilotprosjektet MOR, som står for motivasjon, opplæring og rettleiing.

Først til våren blir det klart om det blir dramatiske kutt i hurtigbåt-tilbodet

Protestar frå fleire fylke har ført til at Kommunaldepartementet har gitt Møreforsking og TØI (Transportøkonomisk institutt) i oppdrag å laga ny fordelingsnøkkel. Dette forslaget blir lagt fram 1.

Delte meiningar om ny ski- og turløype ved Mosvatnet

Det er Fjellbergskardet hyttevelforening, som tiltakshavar, og Hjelmeland bygg as som ansvarleg søkjar for arbeidet, som har søkt kommunen om å opparbeida ei to kilometer lang løype i sørenden av vatnet. Søkjar meiner det er eit positivt miljøtiltak som vil styrka friluftslivet i Gullingen-området. Kommunen meiner at sti- og løypetraseens nytteverdi til friluftsbruk forsvarar inngrepa i naturen.

Surt tap i Prestavikjo

A-laget til Suldal spelte for opprykk til 5. divisjon i laurdagens heimekamp mot Paradis. Det gjekk ikkje heilt slik dei hadde håpa, og etter nitti minutt, enda kampen 1-5. 98 publikummarar heia fram laget sitt, men måtte innsjå at Paradis var nokre hakk betre enn Suldal i denne viktige kampen. Målscorar for Suldal var Mohammad Ibrahim Dawud etter ein pasning frå Ørjan Underbakke. Nå gjenstår sesongens siste kamp.

Når det er så gale at det ikkje er til å snakka om

Du har sikkert sett han, finnøybuen med dei karakteristiske brillene. Mannen med historia om korleis han planla sitt eige sjølvmord, korleis han overlevde og korleis han nå lever med det. Til Kulturhuset i kveld I kveld kjem Oddvar Vignes til Kulturhuset i Suldal og den lokale markeringa av Verdsdagen for psykisk helse.

Bil blei avskilta i Erfjord

Under ein trafikk-kontroll i Erfjord der ein politipatrulje skulle sjekka korleis barna var sikra i bil, blei ein bil avskilta. Grunnen er at bilen ikkje er blitt framstilt for EU-kontroll. Skulekontrollen blei utført ved Erfjord skule i går, måndag, mellom klokka 7.30 og klokka 8.30. Totalt seks bilar blei kontrollerte, melder politiet på Twitter.
Les mer om: