Lokalt


Ap kritiserer ordføraren for åleinegang og krev at den politiske sirkelen blir utvida

Suldal Næringsforening var sist veke på banen med sterk kritikk av Suldals innspel, som altså lyder på sju millionar kroner, mens ein nabokommune som Sauda, har spelt inn gryteklare prosjekt for over 100 millionar kroner. Næringsforeninga er ikkje åleine om å reagera. Suldal Ap er også undrande.

Slik blir 17. mai-feiringa rundt om i Suldal

Frå fjorårets feiring på Ropeidhalvøya. Foto: Lena Nergård ROPEIDHALVØYA: Bilkortesje og korps langs vegen – Me legg opp til både bilkortesje på halvøya og mykje kjekt digitalt i år, lovar leiar i komiteen, Annette Gregersen. Kortesjen skal gå frå Helland til Øvrabø tur-retur, og det blir sjølvsagt premiering for best pynta køyretøy. Lokalt og digitalt Gregersen seier at alt ikkje er heilt på plass endå, men at det alt er bestemt at det ikkje blir noko felles feiring på nasjonaldagen. 17.

Kyrkjene opnar att

Kyrkjene vil gradvis bli opna etter kvart som nødvendige smitteverntiltak er på plass i kvar enkelt kyrkje. Konstituert preses Atle Sommerfeldt er glad for at fleire får delta i dåp, bryllaup og gravferder, og at det blir mogleg å feire nattverd att. – Og det kan sjå lyst ut for konfirmasjonane i haust som blir planlagde gjennomførte etter ferien.
Les mer om:

Hent sårbare barn og unge frå flyktningeleirar til kommune-Noreg!

I Stavanger har dei busett einslege mindreårige asylsøkarar sidan 1989. I 2019 blei deira busettingsmodell evaluert av NTNU samfunnsforsking. Konklusjonen var at dei hadde utvikla ein veldig god modell for denne tenesta, med godt samarbeid og god kompetanse på å ta imot ungdommar med særlege utfordringar. Dette er ein kompetanse me i Rogaland kan byggje på for å kunne ta imot ungdommar frå flyktningeleirar på ein god måte.

Fekk kjapt kontroll over silobrann på Sand

Brannvesenet fekk raskt kontroll då det begynte å brenna i ein silo full av trespon ved ei bedrift på Sand i ettermiddag. Raskt på staden Alarmen gjekk rett før klokka 15.00, og brannvesenet var raskt på pletten. – Me hadde godt med folk, men tok det forsiktig, ettersom det er mykje støv og dermed fare for å kunna få ein støv-eksplosjon, fortel lokal brannleiar Morten Aarhus. Brannvesenet er ferdig på staden nå i kveldinga, etter å ha tømt siloen for dei 80-90 kubikka som var i siloen.

Politiet leitar etter sakna person og ber om tips

Politiet melder nå i ettermiddag at det er iverksett ein større leiteaksjon på Haugalandet etter ein person som er sakna frå heimen sin. På Twitter opplyser politiet at dei meiner vedkommande kan køyra ein sølvfarga VW Golf med reg.nr. NF32921 og ber folk som ser denne bilen, kontakta politiet på tlf 02800. Politiets operasjonsleiar i Stavanger seier til avisa at ho førebels ikkje har meir informasjon om saka.
Les mer om:

Trappar opp testinga

Per i dag ligg det føre 47 negative prøvesvar. Totalt er 55 testar tatt, og smittvernlege Stine Daldorff venta i dag på dei siste svara, samtidig som at legekontoret nå riggar seg for å testa mange fleire. Skal kunna testa fem prosent i veka Styremaktene har avgjort at kommunane skal kunna testa fem prosent av innbyggjarane kvar veke, som i Suldal er 190 testar i veka. Dei nye retningslinjene kom før helga og seier at alle med symptom på korona-virus, i utgangspunktet skal vurderast for testing.

71 koronasmitta innlagde på norske sjukehus – elleve færre enn måndag

Måndag låg 82 koronasmitta personar på norske sjukehus. Talet på tysdag er det lågaste sidan 17. mars då 68 personar var innlagde. 47 personar er innlagde i Helse sør-aust, 12 i Helse vest, 6 i Helse nord og 6 i Helse Midt-Noreg. Helseføretaka med flest innlagde er Oslo universitetssjukehus med 15, Helse Bergen med 9 og Akershus universitetssjukehus med 6. Samtidig er 27 personar i respirator. Det er det same talet som måndag. Så langt har 214 personar med koronaviruset døydd i Noreg.
Les mer om:

Det dreg ut med utbyggingsplanane til Coop

Nå er han ikkje lika optimistisk.   Har starta kartlegging Sidan januar er det inngått kontrakt med entreprenør for utbygginga, GL prosjektservice. Dei har nyleg vore på Sand og utført grunnboring for å kartlegga grunnforholda. – Den kartlegginga har me venta på. Nå vil den liggja ved i byggjesøknaden me ventar på å senda til kommunen, seier Vikse. Kartlegginga vil òg gi svar på i kva grad ein må pæla grunnen. Grunnen det er snakk om er området mellom Coop-bygget og det gamle meieriet.
Les mer om:

Det blir ingen Jordbærfestival i år

Festivalen var sett opp den 27. juni, men grunna koronasituasjonen og smittervern, blir den nå skrinlagt. Blir jordbær på Torjå, men ingen festival – Tryggleik og redusering av smitterisiko veg tungt i avgjersla. Me hadde ein utruleg god start på Jordbærfestivalen sitt første år i fjor, me vil ikkje minske forventinga med eit mindre aktivitetsnivå i år.
Les mer om:

Funn av narkotika, plagsom åtferd og falsk alarm

Den siste veka har patruljen måtte ta turen til Sand to gonger for å løysa opp i usemje i heimen mellom personar som har ein relasjon til kvarandre, i det GDE-leiar Siri Fisketjøn Indrebø beskriv som skremmande og plagsom åtferd. Konflikt og familievald – Begge gongene har politipatruljen fått megla mellom partane, løyst opp, og det har roa seg ned, seier ho. Fisketjøn Indrebø fortel at konfliktar og familievald har aukt den siste tida i resten av politidistriktet.

Omsetting av eigedomar i Suldal kommune

Omsetting av eigedomar i Suldal kommune Rota 35 (Gnr 5, bnr 1, fnr 22) er overdrege for kr 200.000 til Anne Brit Mikkelsen (31.03.2020) Suldalsvegen 901 (Gnr 13, bnr 14) er overdrege for kr 200.000 frå Ole Martin Eikeland til Oddvin Marvik (27.03.2020) Indre Ryfylkevegen 2038 (Gnr 168, bnr 4) er overdrege for kr 100.000 frå Odd Jostein Aas til John Magne Johnsen (06.04.2020) Lagarhusvegen 1 (Gnr 103, bnr 112) er overdrege frå Judith Jonassen til Olaug Marie Jonassen, Karin Sirevaag, Astri Johanne Jonassen Vaage og

Fleire vil byte fylke som følgje av vegplanar i Vestland

Under møtet blei det vedtatt ei utsegn om at fylkespolitikarane vil prioritere ny E16 og bane mellom Arna og Voss framfor vegprosjektet Hordfast. Saka skal opp til behandling i fylkestinget 12.

Konfirmasjonane utsette til hausten

Konfirmantar i Erfjord og Sand kyrkje skulle vore først ut med konfirmasjonsgudsteneste i helga som var, men slik vart det ikkje. Dei humanistiske konfirmantane i Suldal og Sauda like så med seremoni i Sauda. Nå er alle konfirmasjonane utsette til hausten. Ny datoar Årets konfirmasjonar i suldalskyrkjene nå i mai, har fått ny dato: Erfjord kyrkje, 2. mai, er flytta til 26. september Sand kyrkje, 3. mai, flytta til 12. september Marvik kapell, 9. mai, flytta til 19. september Jelsa kyrkje, 10.

LESARBREV: Gratulerer med dagen!

Årets 1. mai markering blir, naturleg nok, litt annleis denne våren. I solidaritet med dei mest sårbare av oss, er mykje av samfunnet stengd ned, og me må finna andre måtar å markere arbeidaranes dag på. Du finn informasjon om dette i ein eigen annonse i avisa. I år er det hundre og eitt år sidan den internasjonale arbeidslivsorganisasjonen ILO vart skipa.

Sandsfjordbrua måtte stengja i vinden, men er nå open igjen

For tredje gang i historia måtte Sandsfjordbrua i ettermiddag knela for naturkreftene. Då vinden drog på med 25 meter i sekundet klokka 16.45, gjekk bommen ned, og brua var stengt i tjue minutt. Klokka 17.05 gjekk bommen opp igjen og ventande bilar kunna passera, og då var vindstyrken kommen under 25 meter i sekundet. Denne vindstyrken tilsvarar storm, og med rett vinkel på brua, går altså bommen ned og brua blir stengt, fortel vakthavende ved vegtrafikksentralen.
Les mer om:

Kornelius, Mina og Tara

Rett før Kornona-krisa var me med Kornelius Kjetilstad og Mina Lunde og hesten Tara ein fredagsettermiddag i februar. Her er det fine møtet mellom ein hest, ein gut og hesteeigaren. Han sit rank som ein prins i salen nå. Meir konsentrert. Det må han vera. Det store dyret under han er vakkert, men også sterkt. Det begynner å gå fort nå, svingane blir krappare. Konsentrasjonen tetnar i ridegarden. Februarsolskinet lagar skuggar med skarpe kantar og glitter i hesteflankane. Rundt og rundt går det.

Ap krev svar om Suldals krisekrone-innspel

Suldals innspel til KS si oversikt over kva kommunane kan bruka statlege krise-kroner til, skaper bølger. Etterspør politisk medverknad I går var Suldal Næringsforening på banen med sterk kritikk av Suldals innspel, som altså lyder på sju millionar kroner, mens ein nabokommune som Sauda har spelt inn gryteklare prosjekt for over 100 millionar kroner. Men næringsforeninga er ikkje åleine om å reagera. Suldal Ap med Kari Vaage Gjuvsland og Mads Drange er også undrande.

LEIAR: Respektlaus skule-behandling

Suldal er på mange måtar ein kommune litt i særklasse.

Krisepakke-pengar til ti bedrifter i Suldal

Av dei ti første bedriftene i Suldal som har fått støtte, ut frå mars-tala, har Ryfylke Fjordhotel mottatt mest med 176 744 kroner. Når ein ser omsetning mars i fjor, samanlikna med det tildelte beløpet, er statens krisekroner som ei lita handsrekking å rekna. For tre månader Ordninga gjeld i første omgang for mars, april og mai, og målet er at næringslivet i størst mogleg grad unngår konkursar. Finansdepartementet har gitt Skatteetaten ansvar for å få ordninga på plass og forvalta den.

Glade 4.klassingar feira skulestarten på Sand skule

Det var fullt oppmøte, tolv samstemte fjerdeklassingar, som var kjempeglade for å kunna leika saman igjen og for å få komma tilbake til lærarane og skulen. Skuleklare Kontaktlærar Ingvill Hetland fortel om ein klasse som var veldig klar for skulestart. – Dei har gleda seg og vore spente. Det tok ganske lang tid å komma i gang i dag. Det var mykje som skulle forteljast, seier læraren og smiler godt. Og mykje tar lengre tid nå enn før.

Steile frontar om krise-kroner

Det er Kommunenes sentralforbund (KS) som har bede kommunane om å synleggjera prosjekt som kan setjast i gang raskt for å halda lokale hjul i gang i ei vanskeleg tid for næringslivet rundt om. Sauda med 105 millionar, Suldal med sju Totalt har kommunane i Rogaland og Rogaland fylkeskommune spelt inn prosjekt for vel 4, 5 milliardar kroner, men mellom kommunane er det stor forskjell på summane. Sauda har spelt inn prosjekt tilsvarande vel 105 millionar kroner, Hjelmeland for vel 55 millionar kroner, mens Vindafjord

Tiltalebeslutninga er klar

Det er snart tre år sidan politiet varetektsfengsla ein suldøl og sikta han for internettovergrep. Først nå er tiltalebeslutninga klar, og det er sett av fem dagar til rettssaka, som begynner i Haugaland Tingrett 25.mai. Det er Statsadvokaten i Rogaland som har tatt ut tiltalen, og statsadvokat Folke Åmlid karakteriserer saka som alvorleg. Seks fornærma Talet på fornærma er færre enn det politiet først la til grunn i starten av etterforskinga.

Arild Vaage tilsett som prosjekt- og byggjeleiar

Kommunalsjef Torbjørn Guggedal opplyser at det var to søkjarar til stillinga, men at ein av desse trekte søknaden. Vaage jobbar i dag hjå BG Suldal. Guggedal seier at Vaage startar i jobben i byrjinga av august. Stillinga høyrer inn under rådmannens stab og er knytt til kommunale utbyggingsprosjekt i Suldal kommune. Ifølgje utlysinga vil hovudarbeidsoppgåva vera å ivareta byggherrefunksjonen til kommunen ved å vera prosjektleiar og/eller byggjeleiar i gjennomføringa av ulike kommunale utbyggingsprosjekt.
Les mer om:

MÅNDAG: Framleis ikkje påvist Korona-smitte i Suldal

Tre nye er testa sidan sist statusoppdatering, og dermed er totalt førti testa i Suldal, alle med negativt resultat. Vil testa fleire frå neste veke Det fortel rådmann Øyvind Valen til avisa i ettermiddag. Han kan også fortelja at signala kommunen nå får er at helsestyresmaktene legg opp meir testing frå og med neste veke. Per i dag er det hovudsakleg helsepersonell og pasientar som kvalifiserer til innlegging, som blir testa.
Les mer om: