Lokalt


Spesiallaga fartøy i sving på Suldalsvatnet

Denne veka startar Statnett legginga av kabelen frå Hylsfjorden via Djupevik til Kvilldalsvika. Det er Nexans som har oppdraget som er heilt utanom det vanlege. Fredag ettermiddag hadde kabelselskapet, med sine underentreprenørar, jobba i ei god veke med å motera arbeidsplattforma som skal nyttast til å leggja kabel i Suldalsvatnet. Fleire operasjonar Første del var å setja saman dei 21 pontongane som nå er sjølve dekket til det spesiallaga kabelleggingsfartøyet.

Over 4 300 koronadødsfall i Norden

Etter 59 koronarelaterte dødsfall det siste døgnet er talet på dødsfall som følgje av koronapandemien, i Norden onsdag morgon 4 353. Med eit samla befolkningstal i Noreg, Sverige, Danmark, Finland og Island på 27,3 millionar svarer det samla talet på døde til 16,1 koronadødsfall per 100 000 innbyggjarar. Slik fordeler dødsfalla seg mellom landa, med dødsfall per 100.000 innbyggjarar i parentes: Sverige: 3.313 døde (32,4), Danmark: 527 døde (9,1), Finland: 275 døde (4,9), Noreg: 228 døde (4,2) og Island: 10 døde (2,7)

– Heilt utruleg at det er Husbanken som skal bestemma!

Det var ikkje akkurat god stemning i kommunetyresalen då formannskapet gjekk laus på saka der rådmannen ber politikarane om å auka den opphavlege løyvinga på 2 millionar for neste år med 4,7 millionar kroner.

Framleis ingen korona-smitte påvist i Suldal

Test-regimet er trappa opp, også i Suldal, men pågangen er på ingen måte overveldande. Smittevernlege Stine Daldorff seier ho hadde forventa større påtrykk, etter at sentrale styresmakter har opna for at kommunane skal testa opp mot fem prosent av innbyggjarane i veka, som i Suldal vil seia 190. 70 prøvar så langt Det er nå opna for at alle med typiske korona-symptom, frå milde forkjølingssymptom til feber, hoste og tung pust, kan få testa seg.
Les mer om:

Permisjonsordninga foreslått forlengd

– Det å få veldig mange tilbake på jobb har lite for seg no. Vi treng òg meir tid til å tenkje over kva vi skal gjere på lengre sikt, for vi veit lite om korleis arbeidsmarknaden og norsk økonomi vil vere i haust, seier arbeids- og sosialminister, Torbjørn Røe Isaksen (H) til NRK. Maksimal periode med fritak for lønsplikt er 26 veker i ein periode på 18 månader.

LESARBREV: Går ordførar og rådmann på sjølvstyr? Kommentar til Ap sin kritikk.

Ser av Suldalsposten at Arbeiderpartiet er grundig lei av at rådmann og ordførar styrer åleine. Er usikker på kvifor dei vel å komma med slik kritikk, då me meiner den er sterkt urettferdig. Alle opplevde ein uverkeleg situasjon i mars då korona trefte landet vårt for fullt. Formannskapet satt i møte 12. mars og skulle blant anna få orientering om koronasituasjonen. I løpet av dette møtet vart mykje av landet stengt ned.

Storfangst i Suldalsvatnet

Det blei eit ganske uvanleg fiske for BG Suldal i Suldalsvatnet i går. Meldt stolen i 2002 For mens arbeidet med å strekkja englandskabelen til Kvilldal, frå Hylsfjorden via Djupevik, går for fullt, måtte arbeidsgjengen i går også fiska opp eit bilvrak.

Kledde for tann-ekspedisjonar

Det er ikkje fritt for at ho er litt låtten, Venke Olene Vaarvik, når ho beskriv stemninga som rår på tannlegekontoret om dagen. Tar akutte ting Der er det på ingen måte heilt normal drift, og eit eksotisk element i arbeidskvardagen til tannhelsesekretæren og tannlege Ragnhild Sukka er å iføra seg smittevernutstyr som lett gir assosiasjonar til romferder. På den offentlege klinikken tar dei imot barn og institusjonsbebuarar som har akutte tannproblem, men den vanlege innkallinga av barn og unge går ikkje endå som
Les mer om:

Bondelaget meiner kjøttkutt vil rasere næringa

Det er konklusjonen til Agri Analyse, skriv Dagbladet. – For å seie det forsiktig: Tiltaket vil få svært negative konsekvensar for norsk matproduksjon og sjølvforsyning, seier nestleiar Bjørn Gimming i Norges Bondelag til avisa. I Klimakur 2030 blir det foreslått fleire tiltak for å redusere kvotepliktige utslepp med 50 prosent i 2030 samanlikna med 2005. Produksjonskutt Planen inneheld òg forslag om å kutte matsvinn og produksjonen av raudt kjøtt.
Les mer om:

Drive in-gudsteneste i Erfjord

Det var lett å trassa det noko ustadige vêret og rulla inn på grusbana på Moane. Når ein ikkje treng å forlata bilen ein gong, er terskelen låg for dei fleste som ønskjer å få med seg ei gudsteneste live. – Velkomen til kvar og ein, sjølv om eg ikkje ser anna enn frontruter på bilane, opna prest Margit S. Haver med eit smil. Spett og jernhammar Eit spett og jernhammar var kyrkjeklokke, og Martin Haug Tieghem spelte preludium på medbragt keyboard.

Ikkje heilt samstemte om Moria-opprop

Fleire parti lokalt har tatt til orde for at også Suldal må engasjera seg i lagnaden til dei einslege mindreårige som nå sit i Moria-leiren i Hellas. Fleire parti på banen På nasjonalt nivå er dei såkalla Moria-barna blitt ei høgaktuell sak. På Stortinget har SV fremja eit forslag om å henta 1500 einslege mindreårige derfrå til Norge.

Drive-in-gudsteneste i Erfjord

Leiar i Erfjord sokneråd, Tone Obrestad, fortel at etter innspel om ein slik type gudsteneste, snudde soknerådet seg rundt. Vanleg gudstjeneste med uvanlege rammer Obrestad fortel at dei har søkt smittevernlegen om å halda gudsteneste på banen. I førekant av gudstenesta vil bilane bli dirigerte på plass på grusbanen. Programmet har dei planar om å festa på vindaugsviskarane. Vidare forklarer leiaren at dei vil setja opp eit telt på plassen, der prest Margit Haver vil halda gudstenesta.

Eplekjekkas frå Erfjord med to bronse i NM

Meisterskapen er i regi av Ungt Entreprenørskap. 17-åringen frå Erfjord er ein av firkløveret som i mars sikra seg gullbillett til NM. Bedrifta vann innovasjonsprisen i Rogaland og deltaking i Oslo. Men korona-situasjonen gjorde sitt til at tur og deltaking i hovudstaden ikkje vart noko av. At han nå har hatt heimeskule i fleire veke og turen til NM gjekk i vasken, tar han med knusande ro. Ikkje mykje å gjera med det.

Ikkje alle elevane i Suldal kan starta måndag

Skyss er ein sentral faktor på mange av skulane i Suldal, og avklaringane som trengst rundt den, gjer at ikkje alle elevane kan starta måndag. Desse kan begynna måndag Det som måndag morgon er klart, er at skulane på Vinjar, Sand og i Erfjord ikkje kjem i gang med opning måndag, men truleg tysdag.

Han var fem år under fredsdagane for 75 år sidan

DET FLOTTE NORGESFLAGGET Olav Sukka frå Suldalsosen held i handa har fått vera med på mange nasjonaldagsfeiringar. Fredsdagane i 1945 var Olav sjølv gutunge, då haldt han flagget i handa og var med på å feira freden og nasjonaldagen for første gong. 25. APRIL dette året hadde han runda fem år. Heime på garden på Helganes var det folksamt, og kake vart det på fødselsdagen. – Eg hugsar ikkje kva kake det var, men den var laga av Taletta Helganes.

På søndag kan du gå på kino i Suldal

Søndag snurrer kinosjefen film for både barn og vaksne. Tenkt på det meste – Nå gler me oss til å opna dørene, og trur me har tenkt på det meste når det gjeld smittevern og sikkerheit, seier Birkeland, som håpar dei aller fleste nå kjøper kinobillett via nett. Det er sett eit tak på 50 som kan vera i salen.

– Det ser ut til å gå relativt greitt, men det er lange vakter

For fem veker sidan starta tilsette i helsesuldal i naudturnus. Det inneber vakter på opptil 12,5 timar i fire dagar, avspasering i åtte dagar, så tre dagar jobb igjen og deretter seks dagar avspasering.

Trøbbel i Suldal Bad igjen

Berre månader etter opninga av Suldal Bad, er nå alt vatnet tappa ut. Flise-problem Grunnen er det byggherren frykta før badet opna, at flisearbeidet ikkje held den ønskte kvaliteten. Og på toppen av det, er også utbyggingssjef Lauritz Lauritzen uroa for kvaliteten på utbetringa, som skulle gjerast mens badet uansett er korona-stengd. For hardhendt – Me opplever at det heile føregår for handhendt.

Markerer frigjerings- og veterandagen

Markeringa skal skje ved Haavardsholm-støtta ved Rygjatun på Eide. Det vil bli tatt bilde som etterpå blir lagde ut. Musikk og talar Akkurat kor dei vil bli å sjå, visste ikkje Veerle Omer Tieghem tysdag, men det blir klart etterkvart. Ho fortel at markeringa blei planlagt før samfunnet opna meir opp, og at komiteen dermed ikkje har tatt høgde for tilskodarar. Men markering av dagen blir det altså på verdig vis.
Les mer om:

TV 2: Trafikkopplæringa blir teken opp att

Trafikkopplæringa på køyreskulane kan no takast opp att, stadfestar samferdsleminister Knut Arild Hareide (KrF) overfor […]
Les mer om:

Klart for ny bolk med korona-oppmjukingar

Gjenopninga av Noreg etter dei strenge koronatiltaka er allereie i godt gong, men no planlegg regjeringa ein ny bolk med lettar. – Torsdag 7. mai vil vi leggje fram ein meir heilskapleg plan for tiltaka framover, seier statssekretær Anne Grethe Erlandsen (H) i Helsedepartementet til NTB. Dette er noko av det som er venta torsdag: * Ein heilskapleg plan for lette av tiltak framover, med detaljar om rekkefølgje og tempo. * Avklaringar rundt 17.

163 personar er heilt eller delvis arbeidsledige

163 personar utgjer 8,2 prosent av arbeidsstyrken i Suldal, og med det er mange familiar i kommunen råka. Stabilt dei siste vekene Sist månad var det registrert 87 personar (4,4 prosent) som var heilt ledige, og 76 personar (3,8 prosent) var delvis sysselsette arbeidssøkjarar. Elisabeth J. Barka, konsituert leiar i Sauda/Suldal NAV seier arbeidsløysa framleis er høg. – Tala for dei heilt ledige går ned, mens tala for delvis sysselsette stig. Men dei siste vekene har me ikkje sett nokon auke for Suldal.

LEIAR: Må det eit virus til for at me skal forstå det openberre?

Korona-tida har gjort mykje med oss, både som samfunn og som einskildmenneske. Det handlar om ei krise, men den gir oss også nye erkjenningar og endrar måten vår å sjå ting på. Ei av dei beste oppdateringane me som samfunn har fått, handlar om yrkes-hierarkiet me held oss med til vanleg. For den som alvorleg talt trudde at det å vera søppelkøyrar, elektrikar, tømrar, reinhaldar eller hjelpepleiar ikkje er så mykje å skriva heim om, må det jo vera pinleg å måtte innsjå det.

Venstre vil at også Suldal skal støtta opprop for barn i flyktningleirar

Når formannskapet i morgon møtest, kjem Nils Bjarne Vold frå Venstre til å be formannskapet om å støtta eit opprop som ber regjeringa om at også Norge tar imot barn frå flyktningleirar i Hellas. – Fortvila situasjon I forslaget frå Vold skriv han at små barn er i ein fortvila situasjon i greske flyktningleirar og at fleire europeiske land har sagt seg villige til å henta nokre av desse barna ut av leirane. Vold viser til at Tyskland har tatt det han omtalar som eit sterkt humanitært ansvar.

Fotballen treng éi veke for å starte breiddeidretten

Norske idrettstoppar har vore i samtalar med både helsestyresmaktene og kulturdepartementet om korleis dei kan få i gang igjen breiddeidretten etter koronaperioden. Det er ifølgje idrettspresident Berit Kjøll formålstenleg å starte med barne- og ungdomsidretten.