Lokalt


Mennene stal showet på Damenes Aften

Onsdag stod champagneglasa igjen lina opp i Suldal Næringshage. Det etter kvart så rutinerte vertskapet frå handelsstanden på Sand var klar for årets kvinnelege festaftan. Staseleg oppdressa og med breie smil, gjorde dei alt for å skjemma ut dei nær 130 påmelde suldalsdamene. Ny vri Nytt av året var at moteshowet som går av stabelen kvart år, også var blitt innlemma i det gode dameselskapet, dermed låg alt tilrette for ein pangstart på festen.

Ordføraren er skuffa over innstillinga frå fylkesrådmannen

At Suldal kommune har dobla sin pott til seks millionar kroner årleg for å få til eit spleiselag for å fortgang på tunnelen i rasfarlege Rødsliane, hjelper ikkje. Ikkje forsvarleg Fylkesrådmannen innstiller nå, som sist haust, på nei til å forskottera fylkeskommunale-kroner for å rassikra den mest rasfarlege strekninga på Vestlandet. Det er klart i dag, og det er samferdsleutvalet som først skal ta stilling til saka 20.november. Fylkesrådmannen skriv i si sak at han meiner rassikringsprosjektet er viktig, og at han a
Les mer om:

Ung suldøl på Ungdommens fylkesting i Rogaland

Arin Eirikssønn frå Sand var Suldal sin representant på helgas møte til Ungdommens fylkesting i Stavanger. Eirikssønn er første vara for medlem Bjørn Wigestrand som ikkje hadde anledning å delta på fylkestinget. Tredje mann, som også er valt ut av kommunen, er Mohammed Ibrahim på 2. varaplass. Rådgivande organ Over 40 rogalandsungdommar deltok då Ungdommens fylkesting (UFT) konstituerte seg. Ingen av suldalsungdommane vart innstilt til ungdomsutvalet.

Nasjonal turistveg skal oppgradera på Ropeid kai

Samferdselsdepartementet har sett av 150 millionar kroner til Nasjonal Turistveg-prosjekt, der kaiområdet ved Ropeid er eitt av dei 161 prosjekta som står på planen. Pressekontakt Per Ritzler opplyser til avisa at det er planar om ei oppgradering av området. Det vil seia ein rasteplass med benkar, møblar og anna utstyr. Departementet vil i løpet av 2020 vurdera den samla ressursbruken til Nasjonal turistveg.

VEKAS LEIAR: Kreative løysingar, ja takk!

Det er ikkje til å leggja skjul på at det er hyggeleg for ei lokalavis å kunna bringa gode nyhende frå felt der det gjerne ofte går i moll. Rett som det er blir både større og mindre aviser møtte med at me for ofte slår opp det som går dårleg, mens solskinshistoriene får liggja. Det er viktig med ein miks. Verken lokalavisa eller Dagsrevyen bør vera ei buljongterning av alt det verste som har skjedd.

Skjønar bygdeuro over rusmiljø

Dei synest det er viktig å få formidla at dei aldri hjelper klientar frå Juvåsen med å få seg husvære på Sand. Tvert om er det viktig for dei å få dei tilbake til heimkommunen etter at opphaldet på rusinstitusjonen er over. Belastning for lokalsamfunnet – Det har breidd seg ei oppfatning av at Juvåsen er behjelpeleg med å skaffa bustad, det er det me håpar å avkrefta nå, seier Hoås.

Omsetting av eigedomar i Suldal kommune

Del av Nordnes 18 (Gnr 137, bnr 28) er overdrege frå John Berge Knutson til Yvonne Knutson (01.10.2019) Del av Nordnes 18 (Gnr 137, bnr 28) er overdrege for kr 900.000 frå Trygve Johan Knutson til John Berge Knutson (01.10.2019) Hjortelandsvegen 5 (Gnr 7, bnr 21) er overdrege frå Harald Moen til Solfrid Hogneland Moen (01.10.2019) Overdraginga omfattar også Blåsjøvegen 697 (Gnr 9, bnr 60) Del av Indre Ryfylkevegen 3370 (Gnr 143, bnr 1) er overdrege frå Hans Slåtten til Håvard Nedrebø (02.10.2019) Gullingvegen 15 (G

Nå blir det bading

Sist veke vart det klart at laurdag 7. desember er dagen då det nye badet på Sand opnar. Når avisa er innom badet tysdag føremiddag, tar avdelingsleiar Bonolo Ramphomane-Aandahl imot i døra. Innomhus er nokre handverkarar og tilsette i sving med testing. Testa og terpa – Me har ikkje fått planlagt opning i detalj. Det er litt å gjera her endå, smiler avdelingsleiaren.

Haugaland Kraft har fått på plass den nye leiaren for Suldal og Sauda

Konsernsjef Olav Linga har vore klar på at dei ønskjer ein lokal leiar i Indre Ryfylke for verksemda der og dei tilsette i Haugaland Kraft. Det var tidlegare denne månaden det blei kjent at mannen som i februar blei tilsett i jobben, er anmeldt for underslag mot Rogaland EL og IT.

LESARBREV: «Handla lokalt» ?

Det gjeld vel alle oss innbyggjarar i Suldal kommune har eg tenkt og er takksam for oppmodinga frå handelsstanden. Vi treng å bli minte på kor viktig det er å ta vare på alle som vil bu og arbeide her. Men det gjeld tydelegvis ikkje alle oppdaga eg då eg skulle betale ei kommunal rekning. Suldal kommune bruker framleis SR-bank, – det som i si tid var Sand sparebank og svært så lokal.
Les mer om:

LESARBREV: Vi må aldri glemme!

Vi ser en stadig eksempler i vår tid på høyreekstremisten i Europa, men også i Norge. Det er derfor viktig, og et pedagogisk ansvar, at den oppvoksende generasjonen får et møte med hva høyreekstremisme kan føre til. Jeg oppfordrer skoleklasser på ungdomstrinnet i Rogaland til å benytte seg av muligheten til å søke midler for å besøke tidligere konsentrasjonsleirer i Polen og Tyskland som en del av dannelsen.

Parkerer pensjonist-livet for å trø til på legekontoret

Seks år etter at han pensjonerte seg, er tidlegare kommunelege Bjarne Bråveit (71) tilbake på legekontoret for å hjelpa til ved eit hardt prøvd kontor. Lokka utpå – Hehe, det var Harald Bjarne Hellesen som lokka meg utpå, fortel ein humrande Bråtveit når Suldalsposten ringjer den erfarne legen, som nå arbeider tre dagar i veka ved kontoret.
Les mer om:

Rypefangsten redusert

Rypefangsten er redusert med opptil 90 prosent på jaktområda til Statskog. Den største reduksjonen er i Sør-Norge. Fagsjef for jakt og fiske i Statskog, Jo Inge Breisjøberget, seier det er som forventa. Statskog stengde populære område i Sør-Norge og i Troms sidan bestanden ikkje hadde eit haustbart overskot dette året. – Dette gir direkte utslag i fangst-tala, seier Breisjøberget.

Kva bør skje på Kulturhuset?

Det er sytten år sidan Kulturhuset i Suldal opna, og som mange kulturstorstover, merkar også kulturhusleiar Hanne Mette Birkeland og staben hennar at det ikkje er blitt lettare å få folk ut av favorittserien på HBO eller Netflix og sofaen. Ambassadør-kvalifikasjonane Det vil dei gjerne gjera noko med og inviterer nå suldøler og hyttesuldøler til å melda seg til rådgivingsteneste i det dei kallar ei ambassadør-gruppe.

15 kjappe med Sveinung Skjerahaug

Kva er du opptatt av for tida? – I tillegg til jobb, går det òg mykje i sau, spesielt nå på denne tida av året. Tre ord som beskriv deg? – Eg er sta, engasjert og pliktoppfyllande. Kva drøymer du om i kvardagen? – Akkurat nå drøymer eg om ein stappfull buss når Suldal Sau og Geit skal reisa på fagtur til Austlandet første helga i november. Sei ein ting du trur folk ikkje veit om deg? – Eg er den siste som blei utdanna som gartnar i Rogaland.

Minneord Halldis Rørvik

Halldis blei født den 8. juni i 1922 på garden Rørvik. Foreldra var Serina og Andreas og Halldis va yngstabadne i ein søskenflokk på fem jenter. Hu snakte litt om det, av å te, at det sikkert va ein skuffelse for morå å faren atte hu òg va ei jenta. Dei hadde nok sitt føre seg – og håpa på ein odelsgut denne gongen. Men ka sko nå dei med nåken odelsgut, så hadde fått fem så flotte og flinke jenter. Halldis gjekk på skulen på Ås. Det var lang veg, minst ein time å gå i allslags vêr og vind.

39 køyretøy stoppa i trafikk-kontroll ved Sand skule

Tysdag morgon, mellom klokka åtte og ni, hadde politiet ordinær trafikk-kontroll i 30-sona ved Sand […]
Les mer om:

– Det er nå det startar!

Både han og kona Marita Husevåg Hellesen (Krf) meiner dei har fått ein veldig god gjennomgang på mange av dei utfordringane dei kan venta å få dei neste åra som politikarar. To parti – same regjering I det nye kommunestyret i Suldal representerer altså ekteparet Hellesen kvart sitt parti, og på spørsmål om det nå blir heisne diskusjonar rundt kjøkkenbordet, berre smilar dei. – For å seia det slik, eg er glad me er i same regjering iallfall, prøver Harald Bjarne Hellesen seg.

Frø-gull frå Suldal

Konglesamlaren, som strøyer om seg med godord om dei flotte grantrea i Vassbotn, vrengjer av seg to godt våte hanskar. Han har sett frå seg to fulle bøtter med grankongler ned på ein brei og flott stubbe med tette årringar.

Kraft-ordførarane fylkar seg

Forslaget er nå på høyring med frist 1.desember. Dei enkelte kraftkommunane er ikkje høyringspartar, det er kraftkommunanes interesseorganisasjon LVK; (Landssamanslutninga av vasskraftkommunar) som gir høyringssvar på vegner av dei 175 medlemskommunane. – Lytt til kraftmiljøet og kraftkommunane! Men ordførarane reiser seg i protest. Rundt 190 ordførarar har signert oppropet som sist veke blei overlevert regjering og stortingsrepresentantar.
Les mer om:

LESARBREV: Kraftskattesaken må på rett spor

Rapporten fra Kraftskatteutvalget har sendt sjokkbølger gjennom hele vannkraft-Norge. Protestene mot forslagene fra utvalget er massive fra kommuner og kraftbransjen. Utvalgets mandat var å foreslå skattemessige og andre forbedringer i rammeverket for å fremme investeringer i vannkraft og økt produksjon av fornybar energi. Men et samlet vannkraftmiljø er nå tydelig på at forslagene fra kraftskatteutvalget ikke vil utløse én eneste kilowattime mer fornybar energi, tvert imot.

– Det som er arbeidsrelatert, må på bordet

Alarmerande sjukefråvær, men avviser rykte om arbeidsmiljø. Frå å vera blant dei beste i Rogaland, er nå Suldal blant dei kommunane med høgast sjukefråvær i fylket.

Andre store investeringsprosjekt

87 millionar er sette av til opparbeiding av bustadfelt Suldalsosen/Klypetjørn, 30 millionar med forventa byggjestart vinteren 2020 Erfjord/Skjerahaug, 10 millionar, forventa byggjestart våren 2020 Jelsa/Sandaneset, 26-28 millionar kroner, forventa arbeid i 2022/2023 Sand, Randåsen-Klypa, mogleg utbygging er tidsfesta til 2023 Næringsområde Kommunen er skrapt for næringsareal og rådmannen føreslår å bruka 50 millionar kroner.
Les mer om:

Ingri Helena (14): – Har de gløymt brua vår?

Suldalsposten blei med niandeklassingen over brua ein tur nyleg. Kjenn korleis det gyngar! Havrevoll tar tak i rekkverket og får heile konstruksjonen til å rista. Brua kom opp midt på 60-talet under anleggstida på Nesflaten og var den gong dimensjonert for lastebil som frakta masse frå grustaket på Nesflaten-sida til Kilen. Nå er brua ein kjærkommen snarveg for bygdefolket. – Skuleungane brukar den, og så spring me over når me har 3000 meteren i gymmen, men du ser; det er ikkje bra her, peikar ho. Den stor

Pilt-Ola-prisen 2019 til Magnhild Meltveit Kleppa

Det står det i pressemeldinga frå Ryfylkealliansen som deler ut prisen. Meltveit Kleppa mottok prisen under Arena Ryfylke. Ikkje berre får ho merkelappane som ei med stor arbeidskapasitet og samfunnsbyggjar, men også som jordmor for Ryfast. Som Pilt-Ola sjølv var i si tid, er Magnhild også kjend over det ganske land for store tankar, store prosjekt, og ein arbeidskapasitet heilt utanom det vanlege, står det vidare. Det er tredje gong at prisen blir delt ut.