WHO: Ikkje fulle tribuner i år


WHO: Ikkje fulle tribuner i år

Verdsorganisasjonen for helse (WHO) meiner det er urealistisk å rekne med at ein kan avvikle idrettskonkurransar med mange tilskodarar i år, skriv NTB. Det er WHO sin krisesjef, Michael Ryan, som seier dette, og det gjeld for alle land med lokal smittespreiing. Han seier at ein må tenkje på smitterisikoen inne på stadion og når ein skal reise til og frå kamp. – Vi vil alle ha idretten tilbake, men vi må vere forsiktige ein god stund lenger. Det er svært urealistisk at eit land med lokal smittespreiing får sjå idrett med fulle tribunar i år, seier han, og legg til at ein må ta små steg når ein først opnar opp.
Les mer om: