Wales knuste Færøyane


Wales knuste Færøyane

Wales banka Færøyane 4-0, det betyr at Norge framleis ikkje er heilt klare for fotball-EM i 2022. Helen Ward scora før pause, og Natasha Harding (2) og Lily Woodham i 2. omgang. Wales var knusande overlegne, og hadde 17 skot mot mål. Færøyane hadde ingen. Wales er på andreplass i gruppa, fire poeng bak Norge. Laga møtest i Wales tysdag, og med minst uavgjort der er Norge EM-klar.
Les mer om: