Verdsrekordhaldar har fått Covid-19


Verdsrekordhaldar har fått Covid-19

Sørafrikanske Wayde van Niekerk, verdsrekordhaldar på 400 meter, har fått påvist Covid-19 under trening i Italia, melder La Gazzetta dello Sport. Niekerk skulle ha delteke i eit friidrettsstemne i Trieste i kveld, men må i staden i karantene. Han har verdsrekorden med 43,03 frå finalen i OL i Rio i 2016. Året etter blei han skadd i ein rugbykamp (!), og var først tidleg i år på veg tilbake mot toppen. I Trieste var han påmeld både på 100 og 400 meter.
Les mer om: