VAR-annullert King-mål


VAR-annullert King-mål

Bournemouth tok sin aller første bortesiger mot Southampton med 3-1 i sørkyst-derbyet i Premier League fredag kveld, og kleiv opp til ein sterk tredjeplass på tabellen. Joshua King kom ikkje på scoringslista. Han avslutta eit angrep med å setje ballen i mål, men var hårfint offside. King rakk å juble, men det var før dommaren konsulterte VAR og annullerte. Då leia allereie Bornemouth 1-0 etter scoring av Nathan Aké. Like før pause sette Harry Wilson inn 2-0. James Ward-Prowse reduserte på straffe, og Southampton pressa for utlikning det meste av andre omgang, men lykkast ikkje. I staden utnytta Callum Wilson ein gigatabbe av Bournemouth-keeper Angus Gunn og kunne trille inn 3-1 fire minutt på overtid.