Val-kongen


Val-kongen

Nå i kveld er mandatkåringa klart, og her er det nye kommunestyret i Suldal i den rekkefølgja kandidatane er komne inn i. Talet i parantes er kvotienten, eit forholdstal som grovt sagt består av den vekta partiet har gitt kandidaten og den mengda personstemmer vedkommande har fått. Seks kvinner og tretten menn Øyvind Lovra Tveitane, Erfjord, 5.kandidat for Sp (12 500, 00) Gerd Helen Bø, Suldalsosen, 1.kandidat for Sp (5833,33) Kari Vaage Gjuvsland, Suldalsosen, 1.kandidat for Ap (4541,43) Magne Steine, Sand, 3.kandidat for KrF (3765,71) Magne Langeland, Nesflaten, 2.kandidat for Sp (3500,00) Sverre Underbakke, Sand, 1.kandidat for Høgre (2580,00) Albrigt Stokka, Hebnes, 4.kandidat for Sp (2500,00) Mads Drange,Sand, 2.kandidat for Ap (2119,33) Nils Bjarne Vold, Suldalsosen,1.kandidat for Venstre (2042,14) Åshild Vetrhus, Nesflaten, 6.kandidat for Sp (1944,44) Anette Opheim, Sand,1.kandidat for SV (1897,14) Torbjørn Indrebø, Suldalsosen, 1.kandidat for KrF (1757,33) Lars Arne Bjørkland, Ropeidhalvøya,11.kandidat for Sp (1590,91) Åsmund Bakka,Suldalsosen/Kvilldal,9.kandidat for Sp (1346,15) Iren Klungtveit Slagstad,Suldalsosen/Slagstad,3.kandidat for Ap (1271,60) Harald Bjarne Hellesen, Sand, 2.kandidat for Høgre (1204,00) Per Gudmund Øxtra, Jelsa, 7.kandidat for Sp (1166,67) Bernt Elmies, Sand, 1.kandidat for MDG (1119,29) Marita Husevåg Hellesen, Sand, 2.kandidat for KrF (1054,40) Veljarane endrar rekkefølgja Senterpartiets eigen rekkefølgje er dermed endra av veljarane, som løfter Øyvind Lovra Tveitane frå 5.plass til topp. Verken Sps tredjekandidat Hege Flesjå Eide eller Sissel Bøthun frå Vanvik er inne, og dermed er ikke Hylstronda representert i kommunestyret. Populær tredjekandidat i KrF Men også Krf har fått omkalfatra partiets eiga rekkefølgje og får oppfylt Skriftas ord om at dei siste skal bli dei første. Tredjekandidat Magne Steine er fjerde mest populære listekandidat blant veljarane og er langt forbi sin eigen førstekandidat i personleg popularitet.