Ung suldøl køyrt i fjellveggen


Ung suldøl køyrt i fjellveggen

20.15 i kveld køyrde ein suldøl i fjellveggen. Ulukka skjedde i Sandsvegen, ikkje langt frå Bergekrossen. Bilføraren, ein mann under 20 år, var aleine i bilen og skal ikkje vera alvorleg skada. Mannen er frakta med ambulanse til Haugesund sjukehus for helsesjekk. Politipatrulje frå Vindafjord var først på staden 45 minutt etter ulukka og har ikkje fått snakka med bilførar endå. Det er oljesøl på staden der ulukka skjedde, men trafikken går forbi, opplyser vakthavande ved politiets operasjonssentral.