TVN-elevar tapetserte sigerspallen i Tigerstaden.


TVN-elevar tapetserte sigerspallen i Tigerstaden.

Før verdsserieturneringa, FIVB Beach Volley World Tour Oslo Open, valde verdas beste sandvolleyball-duo å skilja lag. Christian Sørum og Anders Mol tok med seg kvar sin ToppVolley Norge-elev på eit-stjerners-turneringa. Nils Ringøen (18) og Markus Mol (17), litlebror til Anders og Hendrik, fekk verkeleg smaka på sandvollyball-sirkuset i turneringa midt i Oslo by på Jernbanetorget. Imponert av TVN-gutane Få hadde tru på at verdsduoen kom til å møtast i finalen, på kvar si side av nettet, men draumen vart oppfylt. Sørum og Markus Mol vann 2-0 over Mathias Berntsen og Hendrik Mol, også dei to tidlegare TVN-elevar, i semifinalen. Mol og Ringøen trong tre sett for å slå Lars Retterholt og Daniel Bergerud. Med det var det duka for eit uvanleg møte, verdas beste blokkar mot verdas beste forsvarar, saman med to unge skuleelevar. Trass lite treninga saman, var Sørum imponert over begge TVN-gutane, som han meiner spelte seg opp undervegs i turneringa, i deira første møte med verdseliten. Draumefinale Før finalen peikte Sørum ut Mol og Ringøen som favorittar, noko Mol ikkje var heilt samd om. Fleire tusen følgde finalekampane søndag. Først ut var bronsefinalen, der Hendrik Mol og Mathias Berntsen sikra edelt metall med 2-0 (23-21, 21-10). Så var det klart for draumanes teater med verdas beste som motstandarar i ein World Tour-finale. Det vart slik makkeren til Mol tippa, Nils Ringøen og Anders Mol vann 2-0 med setta 21-16 og 21-18. Tre norske lag på topp tre, alle me kvar sin Mol på laget.