Tusenvis følgde Tiger-trening


Tusenvis følgde Tiger-trening

Tiger Woods gjennomførte måndag ein treningsrunde framfor US Masters. Mange tusen menneske følgde golfikonet framfor det som kan bli comebacket hans. Woods gjorde det i helga klart at han kunne komme til å stille til start i den prestisjetunge turneringa torsdag. Han står på deltakarlista, men seier at ei avgjerd vil komme så tett på turneringsstart som mogleg. Han har trena og førebudd seg som vanleg til det som kan bli den første PGA-turneringa hans sidan november 2020. Det var nettopp i US Masters, som vart forskove til slutten av året på grunn av koronapandemien. På treningsrunden på måndag på Augusta National var det mange som hadde møtt opp for å følgje han rundt på banen saman med golflegenda Fred Couples. I februar 2021 var Woods utsett for ei alvorleg trafikkulykke i Los Angeles. Han køyrde utfor vegen i stor fart og fekk omfattande skadar. Før ulykka spelte han allereie færre turneringar på grunn av ei rekkje operasjonar i ryggen og knea.