Tre frå indre Ryfylke som kjempar for plass på fylkestinget


Tre frå indre Ryfylke som kjempar for plass på fylkestinget

Med hurtigbåten i spel og med ei erkjenning av at indre Ryfylke må stå saman i kamp for vegen og distriktstilboda, står fylketingskandidatane for Ap og KrF side om side, sjølv i valkampen. Asle Rafdal (49) står på 12. plass på Aps fylkestingsliste, og med tretten representantar inne i dag, er sjansen der for at han får fast plass, sjølv om pollofpolls.no per nå gir Ap elleve representantar basert på ferske meiningsmålingar. Men også varaplass kvaliserer til å få møta og å få bli med på gruppemøte og dermed innflytelse. Saman i kampen Saudabuen ville gjerne møta Suldalsposten saman med dei to suldølene som også har sjanse på fylkestingsplass, Svanhild Løge Skålheim (Krf) og Reidar Sand (SV). Denne dagen kunne berre KrF-aren, men avisa har tatt ein separat prat med SV sin ungdomskandidat (sjå sak under). Og nettopp samarbeid på tvers av partia og kamp på vegner av indre Ryfylke, er det Rafdal vil løfta i innspurten av valkampen. Dobbelsentralseringa – Me kjem frå eit område som treng og vil ha aukt fokus og merksemd. Me vil på fylkestinget for å få gjennomslag for viktig saker som veg og hurtigbåt, seier Rafdal, som er varaordførar i Sauda. Til dagleg arbeider han som dagleg leiar i Norkledning as og er svært kritisk til det han kallar dobbelsentraliseringa. – Når me mister tenester som passkontor og vegstasjon, og du i tillegg står overfor dårlegare kommunikasjonstilbod, rammar det dobbelt. Me treng folk på fylket som veit korleis det er å bu på bygda, slår han fast. Vil ikkje glefsa mot byen Svanhild Løge Skålheim (47) har denne perioden vore vara på fylkestinget, men likevel fekk ho fast plass i samferdsleut- valet. Ho står på 6.plass på lista for Krf, som i dag har fem faste plassar, men som, ifølgje pollofpolls.no, akkurat nå ligg an til fire ifølgje siste lokale meiningsmåling. Ho nikkar til alt naboen seier, men er også opptatt av at me ikkje må glefsa mot byen. Skal ikkje skjemmast – Me skal ikke skjemmast over å kjempa for staden me kjem frå. Men me sit på fylkestinget for heile Rogaland. I byen forstår dei ikkje kor sentraliserande prosessane er, og kor viktig rassikring og kommunikasjon er for oss, og det må me gi klar beskjed om. Men skal me nå fram, må også me vera villige til å forstå dei på deira utfordringar, meiner Skålheim, som til dagleg er kreftsjukepleiar i kommunen. Rødsliane-støtte frå Sauda – Det er veldig viktig ikkje å svartmåla, det er viktig å kommunisera utfordringane konstruktivt, meiner saudabuen,som gløttar opp og lurer på om han kan få seia noko utan at det blir skrive. – Det kjem an på… – Eg vil nødig framstå som at eg driv og smigrar meg inn hjå suldølen, men ja, eg snakkar for Suldal i mitt parti. Då me hadde Ap-samling sist på fylket, snakka eg fram Rødsliane, så samhald er ikkje berre festtale, smiler han, som også konstaterer at bygda lever i beste velgående. Til forskjell frå i Danmark og Sverige. – Sjå deg rundt, det er hus og hytter overalt langs vegane våre, og folk legg ned pengar her. Det ingen seier høgt Men akkurat på terskelen til ein ny politisk periode, handlar det først og fremst om hurtigbåten. – Departementet vurderer den endra fordelingsnøkkelen som gir fylket kutta, men svaret får me nok først neste år. Kutta kjem først i 2021, men budsjetta skal leggjast nå, og då kjem hurtigbåtrutene i spel. Eg meiner alt må sjåast på når kommunikasjonskabalen skal leggjast. – Og alle veit at det er lettast å ta kutta der kjøttvekta er minst sjølv om ingen seier det rett ut, følgjer Løge Skålheim opp, og slår fast at hurtigbåten inn fjorden er livsnerva i Ryfylke og slett ingen luksus. Å vera tydeleg på utfordringane våre utan å svartmåla er ein balansegang, tenkjer ho, som også appellerer til andre parti om å bruka henne, om ho skulle komma inn som vara eller som fast. – Me blir ikkje betre enn andre gjer oss. Eg er ein vanleg person i full jobb, men at andre tar kontakt om det dei er opptatt av og vil ha støtte til, hjelper veldig. – Ja! Alle må bera ved til bålet, nikkar Rafdal. KrF-hjartesaka – Ein verken blir rik eller populær av å driva med politikk. Men eg har lyst til å bruka tida mi på jorda på det eg trur på og brenn for. Dette handlar om kvardagane våre, og eg har lyst til å seia at eg gjorde det eg kunne. Og så er politikk frykteleg interessant og kjekt. Mi hjartesak er barn og unge. At dei skal få støtte og hjelp til det som trengst. Og sjølvsagt trygg og effektiv kommunikasjon på veg og sjø. Ap-hjartesaka – Eg er med i politikken for å bidra i samfunnet. Det er mange måtar å gjera dugnad på! Eg fekk sjansen i Rogaland, og eg vil gjerne ta ein for laget. Eg har ti års erfaring og er ikkje redd for å snakka. Eg er glad for at eg kjenner mange på fylket, då er det lett å få kontakt og påverknad. – Mi hjartesak handlar om dei altfor mange ungdommmane som sit heime utan arbeid og skuleplass. Me må få hjelpeapparatet til å samarbeida slik at dei får hjelp. Reidar Sand Reidar Sand er frå Sand. Som tredjekandidat på Rogaland SV si liste, er suldølen Reidar Sand (20) også i god posisjon til å kunna komma inn på fylkestinget frå indre Ryfylke. Offensiv Per i dag har SV to kandidatar på fylkestinget og akkurat nå tilseier meiningsmålingane at talet blir det same kommande periode. Det er imidlertid ikkje fasiten, og Sand er offensiv. Kjem han inn, blir det møte-pendling frå Åsane folkehøgskule der han dette år skal vera stipendiat. – Heilt realistisk Hurtigbåt og rassikring av rv13 er hjarte-saker også for han, men Sand er også klar for å gå i bresjen for å få til studiespesialiseringslinje lokalisert på Sand. – Det er faktisk heilt realistisk. Me har alt eire av faga og lærararane ved ToppVolley-avdelinga på Sand. Sauda vgs treng eire søkjarar til studiespes. og det vil det bli dersom tilbodet nst i Suldal, meiner han. Miljøkortet – Kvifor er du rett mann på fylkestinget? – Eg er tett knytta til Suldal og veit korleis vegane våre er her, og eg har ingen problem med å ta opp ting på ein talarstol, slår Sand fast, som også trekkjer fram ei anna hjartesak på vegner av fylkespartiet. – Me går til val på miljøkortet; for 500 kroner i månaden skal vaksne kunna ta tog, buss og båt i fylket. Berre delar av kapasiteten på offentleg kommunikasjon er brukt, så det er berre å fylla opp! Hjartesaka Ungdomskandidat på Rogaland SV si liste der han står på tredjeplass. Han takkar ein heim der han er vaksen opp med politikk for inspirasjonen til å engasjera seg politisk. – Mi hjartesak er studiespesialiseringslinje lokalisert på Sand.