Trafikkulykke på Hebnesvegen


Trafikkulykke på Hebnesvegen

To bilar, med til saman seks personar, er involvert i ei møteulykke på Hebnesvegen, fylkesveg 681, på Ropeidhalvøya. To tatt med i luftambulanse Rune Tallaksen i Sør-vest -politidistrikt opplyser nå i kveld, like før klokka 19.00, at det er snakk om ei front til front-ulykke ikkje langt frå Sagelva ved Kloppå. Det var tre personar i ḱvar bil. Både ambulanse og brann er på staden, politipatrulje er på veg. Politiet opplyser at to personar er tatt med i luftambulanse til Haugesund sjukehus. Lokalt helsepersonell behandlar personar på staden. Tallaksen kjenner ikkje til skadeomfanget på dei involverte. Vegen er ikkje stengt, då begge bilane er rydda av vegen.