Tottenham vidare – til slutt


Tottenham vidare – til slutt

Tottenham sleit lenge mot Championship-laget Wycombe, men vann til slutt 4-1 i fjerderundekampen i FA-cupen. Fred Onyedinma gav Wycombe leiinga midt i første omgang, men Gareth Bale utlikna sekund før pause. Wycombe heldt unna for Tottenham til klokka viste 86 minutt. Så rakna det. Harry Winks og Tanguy Ndombele (2) sytte for at Spurs slapp ekstraongangar. Tottenham skal møte Everton borte i 5. runde.