Torsdag er det NRK-valsending frå Torjå


Torsdag er det NRK-valsending frå Torjå

Det kommande kommunevalet er tema, og NRK ønskjer å snakka med suldalspo- litikarar, vanlege veljarar og lokalavisa. Før Suldal og Sauda, har reportarane lagt bak seg sju turné-stopp. Veljarar velkommen Ein times stopp, frå klokka to til tre, skal stridstema i Suldal sendast i ettermiddagssendinga på P1. Suldal kommune skriv på arrangementsida dei har laga på Facebook, at dei håpar folk møter opp. Også NRK frir til veljarane og håpar suldølen kjem til torgs med saker som engasjerer. Håpar på engasjement Ordførar Gerd Helen Bø seier til avisa at alle dei politiske partia er inviterte. I tillegg vil lokale torghandlarar vera på plass og distriktsmusikarane. – Eg håpar det kjem folk, seier Bø som ønskjer både oppmøte og engasjement. I tidsrommet NRK er her, vil også hurtigbåten leggja til, kanskje dei vil snakka med nokon av dei reisande, tenkjer ho høgt. Korleis og kven NRK vel å snakka med, har ikkje ho noko regi på, men tippar det blir ei blanding av politikarar og lokale veljarar. Suldalsposten, ved redaktør Esther Moe, skal kommentera kva som er dei viktigaste politiske sakene lokalt og kva som står på spel. Etter stoppen på Sand, fer NRK-gjengen vidare til Sauda for ny direktesending der.