Topptung vitneliste for kjendisadvokat som skal føre eiga sak etter tur på byen


Topptung vitneliste for kjendisadvokat som skal føre eiga sak etter tur på byen

Ein statsadvokat, ein tidlegare politimeister og ein spesialist i psykiatri, er blant vitna som Christian Wiig skal føre i si eiga sak i Sør-Trøndelag tingrett komande veke. Den kjende forsvarsadvokaten frå Trondheim nektar å godta bot for ordensforstyrring fordi han meiner han fekk blodtrykksfall og ikkje hugsar noko.