Tielemans perle då Leicester vann


Tielemans perle då Leicester vann

Youri Tielemans stod for kampens øyeblikk, då han sendte Leicester i føringa før kvarteret var spela mot Brentford. Etter eit frispark blir ballen klarert ut på 16-meteren. Der står belgiaren og ventar på ballen. På volley dundra han ballen i nermaste hjørne, og sørga for at Leicester tok med seg leiinga inn til pause. Ei utlikning frå Mathias Jørgensen etter ein corner skapte glede blant heimefansen, men den var kortvarig. For eit drygt kvarter før slutt sørga James Maddison for at Leicester vann 2–1.
Les mer om: