Teljinga er i gang


Teljinga er i gang

Ropeidhalvøya var tredje krins som leverte stemmene på Kommunehuset litt før halv ni i kveld, etter Vanvik og Erfjord. Då var det nok mengde stemmer til at valstyret kunne starta oppteljinga. Valdeltakinga opp frå sist kommuneval I år blir berre sjølve parti-listene talde manuelt, slengjarar og personstemmer blir skanna. Det er alt klart at valdeltakinga er god, 72, 12 prosent, som er godt opp frå 2015 då den den var på 67, 7 prosent. Tel først fylkestingsvalet I dag har 1663 stemt, som er 56,6 prosent av dei røysteføre. Dermed er det klart at heile 456 har førehandsstemt. Det er 15, 52 prosent og rekord for Suldal. Ved sist kommuneval var det 319 personar som førehandsstemte eller 10,8 prosent. Stemmelokala er nå stengde, og det første som blir talt opp i Suldal er fylkestingsvalet.
Les mer om: