SV fekk med alle så nær som Høgre på å erklæra klimakrise i Suldal


SV fekk med alle så nær som Høgre på å erklæra klimakrise i Suldal

Det var SV´s Tormod Skeie som i går la fram forslaget om at kommunestyret i Suldal skal seia at klimakrisa er her og at «me og verda er i ein klimatisk naudsituasjon» som det heiter i interpellasjonen han la fram. Der blir det også slått fast at Suldal vil vera med å gi eit målbart tilskot til Norges sitt arbeid for å nå klimamåla som er vedtatt i klimaforliket i Stortinget. Ord-duell på talarstolen Det skulle visa seg å bli lett å få stort fleirtal for, og ordførar Gerd Helen Bø var første kvinne til talarstolen med støtte til forslaget. Men Høgre vil ikkje bruka krise-ordet. – Eg er glad for mange av dei tiltaka som er nemnde i forslaget til Skeie, men eg er ikkje med på å vedta ei klimakrise i kommunestyret. Det er mange ting me driv med og jobbar med utan at det må heita krise. Me vil gjera alt, men me vil ikkje vedta ei krise, sa Sverre Underbakke. Det fekk SV-veteranen på talarstolen raskt, og han brukte handa taktfast i treverket. – Me vedtar ikkje noko klimakrise, den er her!, utbraut Skeie. Brei støtte til SV Det fekk breitt gehør, mange av representantane tok ordet for å uttrykka støtte til forslaget og den sterke ordbruken. Men det blei også tendenser til retorikkdebatt, og kva den enkelte sa, er å finna i sagt-spalta. Etter at forslaget var vedtatt mot Høgres to stemmer, var det duka for matpause i møtet. På spørsmål frå avisa om det ikkje heller burde setjast krisestab, ville ikkje ordføraren svara mykje til det.