Sunniva klar for konditorkamp i Oslo


Sunniva klar for konditorkamp i Oslo

Den norske duoen skal kjempa mot Sverige og Danmark på matfestivalen Matstreif i Oslo. Sidan januar har Norges lag, som også har bakar som skal i aksjon, trena målretta med eit utal av gjennomkøyringar og terping på detaljar, for å gi dei nordiske konkurrentane ei tøff tevling ved bakebordet. To konditorar og fire kunstverk 24-åringen frå Ropeidhalvøya kjenner det kriblar litt av nervøsitet, at nå nærmar det seg. – Det er å gå inn i konkurransebobla, seier ho om morgondagen, då det blir full konsentrasjon for å laga smakfulle kunstverk til dei internasjonale dommarane. Fredag, frå klokka sju til to skal ho, saman med Nistad Strandos (26), laga ein valfri dessert, iskake, sjokolademousse-kake, samt ein sjokoladeskulptur på minst ein meter. Nergård Myhre har ansvar for desserttallerken og iskaka. Dette er hennar første konkurranse med konditorlandslaget. Kunst med kaloriar Suldalsjenta held oppskriftskorta tett og vil ikkje røpa for mykje om rettane og korleis showpiece’en, sjokoladeskulpturen, vil sjå ut. – Det blir gode smakar, lovar ho. Når avisa snakkar med den konkurranseklare konditoren, er ho alt på plass i hovudstaden og i gang med dei siste førebuingane, som innkjøp av utstyr og veging av råvarene. Litt nervar, ja, men klar for konkurranse. Torsdag skal kjøkkenet, med maskinar og alt utstyr, riggast i konkurransetelta på Rådhusplassen. Under delar av konkurransen får publikum sjå dei i aksjon. Toppidrett på kjøkkenet – Sidan januar har me hatt treningshelg rundt tredje- eller fjerdekvar helg på eit kjøkken i Skjetten, utanfor Oslo. Me har hatt fire heile gjennomkøyringar av programmet, fortel ho. Det vil seia at alle dei fire rettane er laga på sju timar, slik konkurransedagen vil bli på fredag. Men før det, under treningshelgane, har konditorane øvd og øvd, for å få rette smak, farge og form. Kunst er årets tema. Det som ikkje er blitt 100 prosent, har ho fått i heimelekse med å øva på til neste treningssamling. Og med full jobb som konditor på Sola Strand Hotel, betyr det mange timar øving på hotellkjøkkenet på fritida. Lært mykje – Det er veldig kjekt. Eg har lært utruleg mykje, fortel ho på telefon. Reint fagleg, men også det å møta og jobba med nye folk. Ho rosar lagkameratane og samhaldet dei i mellom. – Eg har også lært mykje om meg sjølv, men også det å jobba strukturert, og reint og ryddig som konditor. Ferdigheiter ho tar med seg i sin daglege jobb. Ho kjenner at mykje av livet hennar det siste året har handla om denne konkurransen, og ser fram til ferie når helga er historie. Sommarferien har stått på vent. – Eg må snart heim til Suldal, eg har ikkje vore der på lenge. Ho ler og medgir at ho lengtar litt til å kunna bruka fritida til turar og spøt. Neste veke er det storbyferie til Lisboa som står på programmet, då med hovudet heilt fritt for kakebakst. – Ja, ja. Det blir det.