Suldalskvinne straffa for grovt underslag


Suldalskvinne straffa for grovt underslag

Det er ei 62 år gammal kvinne frå Suldal som i retten blei dømt til 90 dagars fengsel, 45 av desse betinga, for grovt underslag. Styrte økonomien Ifølgje Rogalands Avis forklarte kvinna at verken sambuaren eller sonen til sambuaren, som er fornærma i saka, kan handtera nettbank. Derfor har kvinna styrt stesonens økonomi frå 2006, då han var 15 år gammal, fram til 2016. I retten forklarte ho at i periodar der det var knapt med eigne midlar let ho seg freista til å overføra pengar frå stesonens konto. Det dreidde seg om små beløp, omkring 2 000 kroner kvar gong. Til saman blei det 256 000 kroner. Betalte tilbake 62-åringen har betalt tilbake 141 000 kroner. Avisa skriv at stesonen og sambuaren hans ikkje ønskte meir kontakt med stemora og at det derfor ikkje har vore nokon plan for betaling av restbeløpet. Steson og tiltalte sin sambuar var samde om at forholdet ikkje skulle meldast, men bli gjort opp ved tilbakebetaling. Dette blei det ikkje noko av då stesonens sambuar sette seg imot. Straffa er 90 dagar i fengsel, der 45 er betinga. Kvinna blei òg dømt til å betala 113 961 kroner i erstatning til stesonen.
Les mer om: