Straffe gav Haugesund-siger


Straffe gav Haugesund-siger

Haugesund vann generalprøven mot cupfinalemotstandar Viking i eliteserien laurdag. Heimelaget fekk straffespark etter ein klar hands frå Sondre Bjørshol. Den ballen sette Niklas Sandberg trygt i mål. Dermed måtte Viking dra heim frå lokaloppgjeret utan poeng. Viking pusta Rosenborg i nakken og kunne med siger passert trønderane på tabellen.