Stortingsrepresentant på suldalsbesøk


Stortingsrepresentant på suldalsbesøk

Stavangermannen Langholm Hansen er halvvegs i sin første periode på tinget. Han er medlem av transport- og kommunikasjonskomiteen. Etter femten år busett i Forsand og på Tau, er han godt kjent i Ryfylke og Suldal. Onsdag stod Topp Volley, Suldal Bad og Norsk Stein på besøksprogrammet. Utkant-utfordringar – Suldal sett frå stortinget, korleis ser du på Suldal sine ufordringar? – Suldal sine utfordringar er dei same som andre utkantkommunar: Å skapa arbeidsplassar, sikra busetjing og aktivitet og å legga til rette for framtidsretta næringar. Suldal har alle moglegheitene, meiner Langholm Hansen, som også trekkjer fram utfordringar i landbruket, å kunna hausta av naturen og få økonomi i ting, som han seier. – Som stortingsrepresentant, kva kan du bidra med? – Eg kan bidra med og hjelpa lokale politikarar med å oppnå måla, som å halda merksemda oppe i Oslo. Eg sit nær sagt midt i smørauget som medlem i transport- og kommunikasjonskomiteen. Og som einaste representant for vestlandsfylka Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland, kjenner han på ansvaret for å kjempa for riksveg 13, blant anna. Spent på evalueringa Når det gjeld hurtigbåten, meiner han at konsekvensane av regjeringas nye fordelingsnøkkelen, når det gjeld tilskot til hurtigbåt- og ferjedrift, vil komma for ein dag i budsjettet seinare i haust. – Det er utruleg uheldig, seier Langholm Hansen om utslaga som rutekutt. Nå set han si lit til evalueringa. Han skryt av jobben fylkeskommunen, rogalandspolitikarar og rogalandsbenken har lagt ned for å få regjeringa til å endra fordelingsnøkkelen.