Stadig fleire suldøler førehandsrøystar


Stadig fleire suldøler førehandsrøystar

Turid Vaage, valansvarleg i Suldal kommune, kan tysdag morgon fortelja at så langt har det komme inn heile 267 førehandsstemmer. Det utgjer litt over ni prosent av dei totalt 2944 røysteføre i Suldal. Rekord Alt ligg an til rekord i kommunen når det gjeld tal førehandsstemmer. – Dette er eg glad for, for me håpar at flest mogleg nyttar stemmeretten sin. Å stemma er ein enkel måte å støtte opp om demokratiet vårt på og å sikra eit reelt folkestyre, seier Vaage. Ser ein på landsbasis har over 500 000 nordmenn alt førehandsstemt. Aldri før har så mange nordmenn nytta seg av denne ordninga. Ved kommunevalet i 2015, valde 269 suldøler å stemma før sjølve valdagen.