Skyssbåt til Vanvik og gratis barnehage til store familiar?


Skyssbåt til Vanvik og gratis barnehage til store familiar?

Båten til Vanvik var Ingvar Olimstads forslag. Det andre var Gerd Helen Bø og Senterpartiet sitt valflesk på oppløpssida i valkampen. Gratis barnehage skal gjelda frå barn nummer tre og oppover. Unge familiar skal, i tillegg, sleppa å betala for søknad om husbygging, om partiet får det som dei vil. Ja til alt som er bra Forslaga blei lanserte under Suldal Mållag sitt valmøte på Kulturhuset måndag. Første del av møtet var via ni listekandidatar som stiller til val til fylkestinget. Av desse var fire ryfylkingar; Asle Rafdal (Ap) frå Sauda, Bjørn Over Hersdal (Rødt) frå Strand og suldølane Reidar Sand (SV) og Svanhild Løge Skålheim (KrF). Men alle ni snakka varmt om bevaring av hurtigbåt, rassikring av Rødsliane, og meir skreddarsydde kollektivtilbod i utkantane, så folket i salen fekk i så måte høyra det dei ønskte under politikarane sine appellar. MDGs listetopp ved fylkestingvalet, Alexander Rügert-Raustein, meiner sjøen bør brukast langt meir. – Me har jo ein fjorten felts motorveg ferdig asfaltert like utanfor døra, poengterte han etter å ha høyrt om smale og rasfarlege vegar i indre Ryfylke. Høgres Ole Ueland kunne fortelja at signala frå partifellar på Stortinget er positive med tanke på å få tilbakeført dei 90 millionar kronene som fylket treng for å oppretthalde eksisterande hurtigbåttilbod. Bygdemiljøpakke? Nja… Då det blei opna for spørsmål frå salen spurte leiar i Suldal Næringsforening, Olav Lindseth, ein bygdemiljøpakke for indre strok, liknande bymiljøpakken på Nord-Jæren. – I sentrale strok handlar det om å redusera trafikken i byane. Her inne i bygdene har me fått merka effektane av klimaendringane, det rasar og regnar meir. I tillegg ser eg for me at ein næringsutvikling må liggja i ein slik pakke. – Vil de verkeleg gå inn på eit slikt helsike som Bypakken? undra Ole Ueland, som tvila på at det er nok trafikk og folk i indre Ryfylke til å laga til eit pakkeopplegg. Då dei sju lokale listetoppane skulle i elden, fekk dei alle eit spissa spørsmål av ordstyrarane. Bernd Elmies frå MDG blei spurt om korleis eit gardsbruk i Suldal vil sjå ut om 50 år, utan bruk av diesel, nydyrking og kjøtproduksjon av storfe. Ingen rører legevakta Elmies kunne ikkje svara på dette, men meiner vegen må bli til mens ein går. Under spørsmålsrunden frå salen blei også Suldals, etter måten, store klimautslepp eit tema. Gerd Helen Bø kunne forsikra møtelyden om at eksisterande klima og miljøplan er til revisjon. Målet er at landbruket skal vera utsleppsfritt innan 2030. Rainer Speth lurte på om nokon av ordførarkandidatane vil endra meining om lokal legevakt med tanke på dei store utfordringane med å få tak i nok fastlegar. Det kunne alle sju raskt avfeia. Alle vil gjera det som står i deira makt for å halda legevakta lokal, men kan opna for bakvakt-samarbeid med andre kommunar, om det skulle knipa. Astrid Rørvig lurte på om nokon av dei kunne tenkja seg å ombestemma seg når det gjeld vedtaket om etablera sentralkjøkken på Vinjar. Men fekk ingen slik lovnad med seg heim. Ønsket hennar om å få til ein Frivilligsentral hausta derimot stor fagnad blant listetoppane, både med tanke på eldre og innvandrarar. Forslaget frå Ingvar Olimstad om skyssbåt mellom Hylsstronda og Sand blei sett fram med tanke på framtidige grensejusteringar. Treng Suldal byggjehjelp? Ifølge Olimstad er det viktig å sikra at dei som bur her også framover vil ha ønske om å høyra til i Suldal kommune. Forslaget hans blei teke vel i mot av listetoppane. Olav Lindseth meiner at kommunen ved framtidige store byggjeprosjekt bør oppretta ei referansegruppe av innbyggarar med relevant utdanning, slik at ein i framtida unngår store kostnadsoverskridingar, som tilfellet har vore med Torget på Sand og Suldal Bad. Torbjørn Indrebø (KrF) tende umiddelbart på Lindseths forslag. Gerd Helen Bø vil først ha ferdigevaluert kva som gjekk gale med Suldal Bad før ho vil ta stilling til det. Kari Vaage Gjuvsland (Ap) er skeptisk til ei slik gruppe, og meiner kommunens eigne folk bør vera tilstrekkeleg. Sverre Underbakke (H) meiner faren for overskridingar kan reduserast om ein framover prøver å bruka mest mogleg lokale leverandørar og entreprenørar. – Judaspengar frå oppdrett Tore Thorsen var oppteken av kva kommunen får igjen i pengar for å husa mange oppdrettsanlegg. Suldal fekk i fjor 12,5 millionar kroner frå eit Havbruksfond kunne Gerd Helen Bø fortelja, men desse inntektene varierer frå år til år. – Dette er ei viktig men forureinande næring, som også bandlegg fjordane våre. Me bør arbeide for å frå eigedomsskatt frå desse selskapa. Slik det er nå har me ikkje høve til å påverke dei årlege utbetalingane, sa Kari Vaage Gjuvsland (Ap). Nils Bjarne Vold (V) på si side, meiner kommunen tek i mot Judas-pengar. – Det burde ikkje vera lova å sleppa ut så mykje skit i fjordane som oppdrettsnæringa gjer. Lukka anlegg på land er difor Venstres mål, slo han fast. Også MDGs Bernd Elmies meiner prisen samfunnet betaler for dagens oppdrettsnæring er for høg. – Både fisken og lakse-elvane lir, påpeikte han.