Skatepark, Suldal Bad versus rassikring og kan det bli slutt på leksene?


Skatepark, Suldal Bad versus rassikring og kan det bli slutt på leksene?

Håpefulle listekandidatar møtte godt budde ungdomsskulelevar på Sand skule i går ettermiddag der alt frå hurtigbåten og rassikring til leksefri og skatepark var tema. Kvifor gidda å velja Sauda vgs? Under eit stort raudt papirhjarte fekk elevane snakka om sine hjartesaker. Først ute var Espen Skålheim som ville vita kva kandidatane kunna lova av innsats for rassikring i Rødsliane og hurtigbåt-tilbodet. – Båtrutene er veldig viktig for dei som går på Sauda vgs. Helst ville me at båten kunne gå ein ekstra tur mellom Sand og Ropeid, det er bra for både elevane og folk som jobb-pendlar, konstaterte Skålheim. Og på dette temaet var politikar-panelet einstemmige i lovnader om kamp for både rassikring og hurtigbåt-ruter. – Ja, kvifor skal de gidda å velja Sauda vgs viss det blir enklare å reisa til Stavanger på skule?, istemte Truls Lunde, som er MDG sin tredjekandidat. Heller skating ute enn Fortnite inne Neste ut var Andreas Hustveit Benninghoff. – Me har lyst på skatepark. Då kjem me oss meir ut og så blir det mindre av å sitja inne og spela Fortnite, spådde sandbuen. Samtlege i panelet hadde sansen for tanken, men ingen ville ta på seg å lova noko. – Eg kan ikkje lova skatepark, men eg kan lova at eg skal ta det vidare til Senterpartiets gruppe i kommunestyret, om eg kjem inn, sa Øyvind Lovra Tveitane, Sp sin femtekandidat. Fleire i panelet oppfordra elevane om å engasjera seg i ungdomsråd eller elevråd for å få gjennom gode idear og ønske dei har. – Du blir ganske sleten Elias Erfjord ønskjer seg leksefri skule. – Du blir ganske sleten, det hadde vore godt å ha fri når du kom heim. Heller ikkje her kom det veldig handfast valflesk frå panelet. SVs førstekandidat Anette Opheim fortalde at SV på nasjonalt plan jobba for leksefri skule, men at partiet lokalt ikkje har programfesta det. Øyvind Lovra Tveitane (Sp) sa han forstod at skulekvardagen sikkert er hard, men meiner lekser må vera opp til den enkelte skuleleiing. Det meinte også Linda Liem frå Venstre, som også meiner det må vera betre å få unna leksene på skulen. Høgres andrekandidat Harald Bjarne Hellesen sa det slik: – Dette er kanskje litt politikar-svar, men det viktige er jo at elevane heime tenkjer gjennom kva ein treng å spørja om og læra meir om. Truls Lunde i MDG kunne slå fast at hans parti går inn for totalt leksefri for 1.-4. klasse. For dei høgare trinna vil partiet har lekser, men dei skal gjerast på skulen. – Når du er heime og trur du har fri, men eigentleg ikkje har det, skal du ha fri! Suldal Bad-greiene Det blei også opna for spørsmål rett frå salen, og Jone Østerhus opna ballet: – Dei Suldal Bad-greiene, de valde det føre sikring av vegane?, utfordra han. Både SV og Venstre kunne minna om at dei ville brukt pengane annleis og ikkje hadde stemt for badet. Det gjorde heller Øyvind Lovra Tveitane frå Sp, men han svarte med å seia at badet og rassikring høyrer til ulike budsjett som ikkje lar seg setja opp mot kvarandre og at ein nå må gleda seg over det nye badeanlegget. – Sei hallo!! til vegvesenet Det blei også næringspolitikk på agdendaen. Lars Kristian Moe ville vita kva politikarane og kommunen kan gjera når Statens vegvesen nå planlegg ei ny Førlandsbru der pelane vil bli ståande midt i det gode fisket familien hans har i Lågen. – Det øydelegg jo, slo han fast. Truls Lunde sa saka var kjent i deira parti. – Kommunen burde seia hallo!! til vegvesenet i denne saka, erklærte Lunde, som er kritisk til at den angiveleg billigaste løysinga får forrang franfor andre omsyn. SVs Opheim meinte kommunen må ivareta miljøomsyna, men Lunde fortalde at bru-saka eigentleg ikkje er noko miljø-problem. – Det med fisken er ivaretatt, det handlar om dei som har næringsinteresser der. Fleire ungdomsklubbar på Sand? Mobil i skuletida, fotgjengarovergang ved skulen der somme synest det er vanskeleg å komma seg over for bilar som ikkje stoppar var også tema som dukka opp i salen. Og Ivonn Riecke tok til orde for å få tilbake ungdomsklubb på Sand. Ein annan minna om at det også i dag finst eit fritidstilbod på Kulturhuset for ungdom, men blant andre MDG lova hjelp til å pussa opp Tunet meir om dei får noko å seia. Øyvind Lovra Tveitane slo fast at ungdomsklubb også krev dugnad, men at kommunen støttar oppunder. – Me støttar sånt, lova Marita Husevåg, andrekandidat for KrF, mens Harald Bjarne Hellesen for Høgre bad både ungdommar og presse merka seg spørsmålet. – Så får me følgja me og sjå. Det blir spennande om me får det til. Mobbinga Før panelet fekk slutta av med ein superkort appell, utfordra ny-rektor Jorunn Hoås panelet på mobbing. – Mobbing er verste sort. Det må de aldri gjera!, formante Øyvind Lovra Tveitane, mens Anette Opheim meinte fare for mobbing er ein god grunn til å avgrensa mobilbruk på skulen.